Foreldrepengar

Foreldrepengar skal sikre inntekt til foreldre i samband med fødsel og adopsjon.

Kven kan få foreldrepengar?

Du kan få foreldrepengar dersom du har vore yrkesaktiv og har hatt pensjonsgivande inntekt i minst 6 av dei 10 siste månadene før foreldrepengeperioden tek til. Alle dagane du har vore i arbeid reknas med. Dagar uten arbeid reknas med i oppteningstida dersom du har vore i arbeid i 4 uker samanhengande og tidsrommet mellom kvar arbeidsdag ikkje overstig 14 dagar. Dersom du har arbeidd i eit anna EØS-land, kan denne perioden bli lagt til oppteningstida di i Noreg, men ditt siste arbeidsforhold når du starter på foreldrepengeperioden, må vere/ha vore i Norge.

Dersom du har ein arbeidsavtale om fast turnus, vil dagane du ikkje er i arbeid bli rekna med i oppteningstida, sjølv om du jobber sjeldnare enn kvar 14. dag.

Årsinntekta di må vere minst halvparten av grunnbeløpet (G) i folketrygda. Likestilt med arbeid er periodar når du har fått:

  • sjukepengar
  • foreldrepengar
  • svangerskapspengar
  • omsorgspengar ved sjukdom hos barnet eller den som passar barnet
  • pleie- og opplæringspengar
  • dagpengar under arbeidsløyse
  • arbeidsavklaringspengar
  • omsorgsstønad

Også andre forhold kan likestillast med yrkesaktivitet. Dette kan vere:

  • lønn frå arbeidsgivar under vidare- eller etterutdanning
  • ventelønn
  • avtening av militær- eller sivilteneste eller obligatorisk sivilforsvarsteneste
  • etterlønn frå arbeidsgivar

Dersom du ikkje har opparbeidd deg rett til foreldrepengar, kan du ha rett til eingongsstønad.

Foreldrepengeperioden er tredelt: mødrekvote, fedrekvote (også kalla pappaperm) og fellesperiode. Far har berre rett til fedrekvote dersom mor har opparbeidd seg rett til foreldrepengar. Dersom mor ikkje har opparbeidd seg ein slik rett, kan far ha ein sjølvstendig rett til foreldrepengar

Dersom de ønskjer å ta ut foreldrepengar samstundes, er det nokre avgrensningar. Les mier om samtidig uttak.

Kva kan du få?

Er du arbeidstakar, er foreldrepengegrunnlaget som hovudregel berekna etter inntekta du har når du går ut i permisjon. Du kan bruke foreldrepengekalkulatoren til å berekne kor mykje du kan få i foreldrepengar.

Arbeidstakarar har også rett til feriepengar av foreldrepengane. Ver merksam på at det berre er dei første 12 eller 15 vekene av den samla foreldrepengeperioden som gir rett til feriepengar fra NAV.

Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, blir foreldrepengane som hovudregel berekna på grunnlag av gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta dei tre siste åra du har fått skatteoppgjer for.

Foreldrepengar blir utbetalte frå en dagsats. Éi foreldrepengeveke er 5 stønadsdagar. Du får dermed ikkje foreldrepengar for laurdagar og søndagar.

NAV dekkjer ikkje den delen av inntekta som kjem over 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Kor lenge kan du få foreldrepengar?

Når du søkjer om foreldrepengar, må du/dykk velje mellom ein dekningsgrad på anten 100 prosent eller 80 prosent av foreldrepengegrunnlaget. Den samla foreldrepengeperioden for foreldrepengar ved fødsel er på 49 veker med 100 prosent dekningsgrad og 59 veker med 80 prosent dekningsgrad. Ver merksam på på at den dekningsgraden mor velger,òg vil gjelde for far når han skal ta ut sin del av permisjonen.

3 av vekene (15 vyrkedagar) i foreldrepengeperioden er berre for mor og må tas rett før termindato. Desse vekene kan ikkje nyttjas etter at barnet er født. Dersom fødselen til dømes skjer éi veke før termindato, får du altså ikkje denne veka tilbake seinere i foreldrepengeperioden.

Hvis barnet blir født etter termindato, vil dagene fra termindato og fram til fødselen trekkes fra fellesperioden.

Mor kan starte uttaket av foreldrepengar opptil 12 veker før termin, i desse høva vert alt over 3 veker trekt av fellesperioden.

Foreldrepengar ved adopsjon startar når du tek over omsorga for barnet. Den samla foreldrepengeperioden for adopsjon er dermed på 46 veker med 100 prosent dekningsgrad og 56 veker med 80 prosent dekningsgrad.

Den totale utbetalinga av foreldrepengane blir høgare dersom du vel 100 prosent dekningsgrad. Somme vel å ta ut foreldrepengar med 100 prosent dekningsgrad og deretter ulønna permisjon. Dersom du tek ulønna permisjon i meir enn 14 dagar, kan det påverke retten din til blant anna sjukepengar og pleiepengar.

Ved fleirbarnsfødslar eller adopsjon av fleire barn samtidig blir foreldrepengeperioden utvida med 5 veker for kvart barn meir enn eitt dersom du har valt 100 prosent dekningsgrad. Dersom du har valt 80 prosent dekningsgrad, blir utvidinga 7 veker.

Fordeling av permisjonen

Både mødrekvoten og fedrekvoten er på 10 veker. Dei første 6 vekene etter fødselen er berre for mor og går av mødrekvoten.

Fellesperioden er dei vekene som blir att når dei 3 vekene før termindato og 10 veker fedrekvote og 10 veker mødrekvote er trekt frå. Fellesperioden blir dermed på 26 eller 36 veker, avhengig av om de har valgt 100 prosent eller 80 prosent dekningsgrad. Dersom fødselen skjer etter termindato, vil dagane fra termindato og fram til fødselen bli trekt frå fellesperioden. Resten av fellesperioden kan de dele som de ønskjer.

Mor kan starte uttaket av foreldrepenger  opptil 12 veker før termindato, i så fall blir dette trekt frå fellesperioden.

Dersom far skal bruke av fellesperioden, blir det stilt krav til kva mor gjer på. Dersom far ønskjer å utsetje fedrekvoten, må han søkje om dette. For å unngå å miste stønadsdagar må NAV ha fått søknaden seinast siste dagen i fellesperioden.

Du treng ikkje å ta foreldrepengeperioden samanhengande. Du kan til dømes utsetje foreldrepengeperioden medan du på grunn av sjukdom eller skade er heilt avhengig av hjelp til å ta deg av barnet, eller fordi du ønskjer å jobbe heiltid. Dette blir kalla fleksibelt uttak av foreldrepengar.

De må bruke opp foreldrepengeperioden innan 3 år etter at barnet er født eller adoptert. Dersom det er dagar de ikkje har brukt opp, mistar de dei.

Dersom de får eit barn til før foreldrepengeperioden for det første barnet er oppbrukt, mistar de retten til å ta ut dei ubrukte vekene for det første barnet. De kan likevel ha rett til full periode med foreldrepengar for det andre barnet. Den nye perioden startar 3 veker før termindatoen.

Dersom mor er åleine om omsorga for barnet, kan ho søkje om å få fedrekvoten overført til seg. De kan også avtale at far bruker delar av foreldrepengeperioden, også fedrekvoten.

Medmor har same rettar som far.

Spesielt for adopsjon

Barnet må vere under 15 år for at du skal kunne ha rett til foreldrepengar.

Du får normalt ikkje foreldrepengar når du adopterer barnet til ektefellen. Unntaket er dersom du adopterer barnet i løpet av foreldrepengeperioden.

Korleis søkjer du om foreldrepengar?

Du må søkje om foreldrepengar, det gjeld både mødrekvote, fedrekvote og fellesperiode. For å få foreldrepengar til rett tid og ikkje miste rettar, må du søkje til rett tid.

Du kan søkje elektronisk om foreldrepengar og om å utsetje foreldrepengeperioden:

Søk foreldrepengar

Arbeidsgivaren din kan søkje om refusjon frå folketrygda dersom han eller ho betaler ut full lønn til deg i permisjonstida. Dette blir gjort ved at arbeidsgivaren på skjemaet for inntektsopplysningar kryssar av for at han eller ho krev foreldrepengane utbetalt til seg. Du som arbeidstakar må likevel sende eigen søknad om foreldrepengar for at arbeidsgivaren din skal få refusjon.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte NAV på telefon 55 55 33 33.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller arbeidssituasjon, eller du planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Du må søkje dersom du skal utsetje, gradere eller endre foreldrepengeperioden.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan også sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalingar.