Utsetje, gradere eller endre foreldrepengeperioden

Foreldrepengeperioden kan utsetjast eller kombinerast med arbeid eller ferie. Det er også mogleg for dykk å ta delar av perioden samtidig.

Utsetjing av foreldrepengeperioden

Som mor kan du utsetje dei siste 4 vekene av mødrekvoten, som far kan du utsetje heile fedrekvoten. De kan utsetje fellesperioden med foreldrepengar bortsett frå de 3 vekene før fødselen som berre er for mor. Ved adopsjon kan heile perioden nyttast til fleksibelt uttak, inkludert fedrekvoten.

Ei utsetjing føreset at

  • du er i heiltidsarbeid  
  • du har lovbestemt ferie, det vil seie 21 arbeidsdagar. Tariffavtalt ferie blir ikkje rekna med.
  • du på grunn av sjukdom er heilt avhengig av hjelp for å ta deg av barnet
  • du eller barnet er innlagt på helseinstitusjon

Når du ønskjer å utsetje uttaket fordi du er i full jobb, må NAV ha fått søknad om utsetjing seinast dagen før du skal utsetje. For utsetjing av fedrekvoten må vi ha fått søknad om utsetjing seinast siste dagen i fellesperioden.

Dersom det er di eiga helse som er årsaka til at du ønskjer å utsette foreldrepengeperioden, må du dokumentere

  • korleis sjukdommen eller skaden påverkar evna di til å ta deg av barnet
  • i kva grad du er avhengig av hjelp
  • kor lenge sjukdommen sannsynlegvis kjem til å vare

Det er ikkje tilstrekkeleg at legen skriv at du er heilt avhengig av hjelp til å ta deg av barnet.

Dersom begge foreldra har rett til foreldrepengar og far ønskjer å utsetje fedrekvoten eller fellesperioden, blir det ikkje stilt krav til at mor er i arbeid eller aktivitet.

Dersom det berre er far som har rett til foreldrepengar og han ønskjer å utsette perioden med foreldrepengar, blir det stilt krav til kva mor gjer på.I tillegg er det særskilde reglar dersom far ønskjer å utsettje uttaket av foreldrepenger på grunn av heiltidsarbeid i 2 veker eller meir. I slike tilfelle må han først ta ut foreldrepenger samenhengande i minst 6 veker. I desse 6 vekene kan han kombinere arbeid med foreldrepenger.

Du kan kombinere arbeid med foreldrepengar

Du kan ta delvis uttak av foreldrepengar i kombinasjon med delvis arbeid, kalla gradert uttak. 

Unntaket er mors 3 veker før fødsel og dei første 6 vekene etter fødsel. De må tas samanhengande og kan ikkje bli gradert.

Graderte foreldrepengar utgjer differansen mellom deltidsarbeid og ei stilling i 100 prosent. Foreldrepengane blir reduserte i forhold til kor mykje du arbeider, slik at foreldrepengane blir fordelte utover eit lengre tidsrom. Det samla beløpet du får utbetalt, er det same som om du vel fullt uttak av foreldrepengar. Det er inga nedre eller øvre grense for kor mykje eller lite du kan arbeide.

De kan ta graderte foreldrepengar samtidig eller kvar for dykk. Dersom de tek dei samtidig, kan ikkje foreldrepengane utgjere meir enn 100 prosent til saman. Dersom for eksempel far ønskjer å arbeide deltid og få delvise foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det eit vilkår at også mor arbeider tilsvarande den prosentdelen som far ønskjer å få i foreldrepengar. Dette gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.

Dersom far skal gjere seg nytte av fellesperioden, blir det stilt krav til kva mor gjer på.

Du må søkje om gradert uttak i god tid, også dersom du skal endre graden av uttak.

Du kan avvikle ferie samstundes som du får foreldrepenger.

Samtidig uttak

De kan maksimalt ta ut 150 prosent foreldrepengar samtidig, ved å kombinere100 prosent mødre- eller fedrekvote med inntil 50 prosent fellesperiode. Når du tek ut 100 prosent av kvoten din, kan den andre forelderen i tillegg ta ut graderte foreldrepengar av fellesperioden med inntil 50 prosent. Dersom far for eksempel tek ut 100 prosent fedrekvote og mor ynskjer 50 prosent foreldrepengar av fellesperioden samstundes, må mor vere minimum 50 prosent i jobb. Dersom ho er 20 prosent heime med foreldrepengar, må ho vere 80 prosent i arbeid.

Samtidig uttak ved fleirbarnsfødslar og -adopsjon

Som hovudregel er dei seks første vekene etter fødselen berre for mor, men ved fleirbarnsfødslar kan far og mor ta ut foreldrepengar samtidig. Far kan velje eitt av alternativa:

  • fedrekvote – dekningsgraden er avhengig av om mor har valt 80 eller 100 prosent dekning
  • ekstravekene de får som følgje av fleirbarnsfødsel

De må velje om far tek ut ekstravekene eller fedrekvoten samtidig med mor. Samtidig uttak kan delast opp i fleire periodar. Dersom det er fedrekvote far vel å ta ut samtidig med mor, kan de berre ha eitt samtidig uttak som tilsvarer talet på ekstraveker de får.