Svangerskapspengar

Friske, gravide kvinner som ikkje kan fortsette å jobbe under svangerskapet fordi det kan medføre risiko for skade på fosteret, kan få svangerskapspengar.

Kven kan få svangerskapspengar?

Du kan ha rett til svangerskapspengar dersom arbeidet eller forhold på arbeidsplassen gjer at det er ein risiko for å skade fosteret. Det er eit krav at det ikkje er mogleg med omplassering eller tilrettelegging til anna arbeid.

Dette gjeld for eksempel

  • arbeid med kjemiske stoff
  • fysisk krevjande arbeid
  • arbeid med stressbelastning
  • psykososiale forhold

Du må ha vore i arbeid i minst fire veker for at du skal ha rett til svangerskapspengar. Inntekta di må på årsbasis utgjere minst halvparten av grunnbeløpet (G) i folketrygda. Du kan få svangerskapspengar frå det tidspunktet då du må avbryte arbeidet, og fram til tre veker før du har termin.

Dersom du kan jobbe redusert, kan du få graderte svangerskapspengar. Dersom du ikkje kan jobbe under svangerskapet fordi du er sjuk, kan du ha rett til sjukepengar.

Du kan lese meir om rettar og plikter mellom arbeidstakar og arbeidsgivar på arbeidstilsynet.no

Kva kan du få?

Du kan få stønad for inntekt opptil seks gonger grunnbeløpet

  • For arbeidstakarar blir svangerskapspengar som hovudregel berekna etter inntekta du har når du startar med svangerskapspengar.
  • For sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar blir grunnlaget for svangerskapspengar som hovudregel berekna ut frå gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta for dei siste tre inntektsåra. Svangerskapspengane utgjer 100 prosent av det berekna inntektsgrunnlaget.

Svangerskapspengar kan betalast ut inntil tre månader tilbake i tid frå søknadstidspunktet.

Korleis søkjer du?

Lege eller jordmor må alltid gjere ei medisinsk vurdering av risikoen for at fosteret kan bli skadd dersom du held fram med å jobbe.

Er du arbeidstakar, søkjer du på skjemaet frå Arbeidstilsynet «Omplassering/tilrettelegging pga. graviditet» (nr. 474 b). Lege eller jordmor fyller ut sin del av skjemaet. Ta med skjemaet til arbeidsgivaren din.

Dersom arbeidsgivaren din ikkje kan omplassere deg, skal arbeidsgivaren fylle ut sin del av skjemaet før du sender det til NAV. Til søknaden skal det følgje med ei førsteside som du får laga i skjemarettleiaren på nav.no.

Dersom arbeidsgivaren betaler ut full lønn i den perioden du har rett til svangerskapspengar, blir ei avkryssing om dette på skjemaet «Inntektsopplysningar for arbeidstakar» – NAV 08-30.01 rekna som ein søknad om refusjon frå folketrygda. For at arbeidsgivaren din skal få full refusjon, må du i tillegg søkje om svangerskapspengar til rett tid.

Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, søkjer du på skjemaet «Krav om svangerskapspengar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansar». Både du og lege eller jordmor må fylle ut skjemaet. Lege eller jordmor vurderer risikoen for fosteret. Du må sjølv vurdere om arbeidet kan leggjast til rette slik at den risikofylte situasjonen tek slutt.

Du må òg sende inn skjemaet "Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og/eller frilansarar". Du finn skjemaene under "Skjema".

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller arbeidssituasjon, eller du planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk for å finne ut når du normalt har pengane på konto.

Du kan også sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsoversikt.