Fedrekvote (pappaperm), mødrekvote og fellesperiode

Foreldrepengeperioden består av fedrekvoten, mødrekvoten og fellesperioden.

De må bruke foreldrepengane før barnet fyller 3 år. Ved adopsjon må de bruke kvoten i dei 3 første åra etter omsorgsovertakinga, men berre fram til barnet fyller 15 år.

Fedrekvoten

  • Fedrekvoten er på 10 veker.
  • For å ha rett til fedrekvote må både du og mor ha rett til foreldrepengar. Les mer om rettane dine dersom mor ikkje har rett til foreldrepengar.
  • Dersom mor er åleine om omsorga for barnet og har rett til foreldrepengar, blir vekene med fedrekvote overførte til henne. De kan avtale at du likevel skal ta ut fedrekvote. I så fall må far søkje om det og legge ved ei stadfesting frå mor på at du har omsorga for barnet dei dagane du søkjer om.
  • Dersom mor ikkje har rett til foreldrepengar og har fått eingongsstønad, har du ikkje rett til fedrekvote.
  • Dersom du ikkje har rett til foreldrepengar, blir vekene med fedrekvote overførte til mor.

Dersom du ikkje bruker fedrekvoten, mistar de desse vekene med mindre mor søkjer om å få fedrekvoten overført til seg fordi du er for sjuk til å ta seg av barnet.

Medmor har same rettane som far.

Korleis kan du bruke fedrekvoten?

Du kan ta fedrekvoten når som helst i foreldrepengeperioden, med unntak av vekene før termin og dei første 6 vekene etter fødselen. Desse vekene er av medisinske grunnar berre for mor.

Du kan ta fedrekvoten samanhengande eller bruke fleksibelt uttak på fleire måtar. Dersom du ønskjer å utsetje fedrekvoten, må NAV ha fått søknaden seinast siste dagen i fellesperioden.  Dersom du søker seinare, mistar du stønadsdagar. I vedtaket til mor står datoen for siste dag i fellesperioden. Dersom du vil ta fedrekvoten rett etter fellesperioden, må du hugse å søkje i rett tid.

Det er ikkje krav til kva mor gjer på når du tek ut fedrekvoten.

Mødrekvote

  • Mødrekvoten er på 10 veker.
  • For å ha rett til mødrekvote må du ha opparbeidd deg rett til foreldrepengar.

Dei første 6 vekene av mødrekvoten må du av helseårsaker ta rett etter fødselen. Dei 4 vekene som står att, kan du ta ut rett etterpå, eller du kan bruke såkalla fleksibelt uttak.

Ved fødsel er 3 av vekene i felleserioden berre for mor og må tas rett før termindato.

Mor kan starte uttaket inntil 12 veker før termindato, i så fall blir dette trekt frå fellesperioden.

Det er ingen krav til kva far gjer på når du tek ut mødrekvoten.

Viktig å vite om utsetjing av fedre- eller mødrekvoten

Du kan vente med å ta ut kvoten til barnet er blitt litt større, men då må du søkje om utsetjing, og NAV må ha fått søknaden innan siste dagen i fellesperioden. Du finn datoen i vedtaksbrevet til mor om foreldrepengar. Dersom du søkjer for seint, mistar du dagar. Søkjer du til dømes fem dagar for seint, mistar du fem dagar av kvoten din.

Fellesperioden

Fellesperioden er dei vekene som blir att når de 3 vekene før termindato og 10 uker fedrekvote og 10 veker mødrekvote er trekt frå. Fellesperioden blir dermed på 26 eller 36 veker, avhengig om de har valgt 100 prosent eller 80 prosent dekningsgrad. Dersom fødselen skjer etter termindato, blir disse dagane trekt frå fellesperioden. Resten av fellesperioden kan de dele som de ønskjer.

Dersom far skal ta ut heile eller delar av fellesperioden, blir det stilt krav til kva mor gjer på.

Korleis søkjer du om foreldrepengar?

Du må søkje om foreldrepengar, det gjeld både mødrekvote, fedrekvote og fellesperiode. For å få foreldrepengar til rett tid og ikkje miste rettar, må du søkje til rett tid.

Søk foreldrepengar

Arbeidsgivaren din kan søkje om refusjon frå folketrygda dersom han eller ho betaler ut full lønn til deg i permisjonstida. Dette blir gjort ved at arbeidsgivaren på skjemaet for inntektsopplysningar kryssar av for at han eller ho krev foreldrepengane utbetalt til seg. Du som arbeidstakar må likevel sende eigen søknad om foreldrepengar for at arbeidsgivaren din skal få refusjon.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte NAV på telefon 55 55 33 33.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller arbeidssituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for kva beløp du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar for å finne ut når du normalt har pengane på konto. 

Du kan også sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalingar.