Hjelpestønad

Dersom du treng langvarig, privat pleie og tilsyn på grunn av ein sjukdom, skade eller medfødd funksjonshemming, kan du ha rett til hjelpestønad.

Kven kan få hjelpestønad?

For å ha rett til hjelpestønad må du ha eit behov for tilsyn og pleie på grunn av din medisinske tilstand, det vil seie at du treng hjelp til personlege gjeremål som friske menneske ikkje har behov for. Hjelpebehovet omfattar også stimulering, opplæring og trening.

Det blir ikkje gitt hjelpestønad til praktisk bistand som matlaging, rydding, vasking eller innkjøp.

Pleia eller tilsynet må bli utført av privatpersonar, som til dømes:

  • ektefelle
  • barn
  • foreldre
  • fosterforeldre
  • andre slektningar
  • naboar eller andre

Som hovudregel skal pleieforholdet vere på plass før du søkjer, men dersom du har dårleg råd, kan du få innvilga hjelpestønad dersom pleieforholdet startar så fort hjelpestønaden blir utbetalt.  

Du kan ikkje få hjelpestønad til hjelpebehov det offentlege dekker etter andre lover, til dømes heimesjukepleie, sjølv om du må betale eigenandel til kommunen for tenesta.

Hovudregelen er at hjelpebehovet må vare i minst 2-3 år.

Kva kan du få?

Utgiftene til pleie og tilsyn må minst svare til sats 1, som er utrekna til å dekke 2 - 2 1/2 timar privat hjelp pr. veke.

Det er forventa noko vederlagsfri hjelp når eit familiemedlem har eit særskilt hjelpe- og omsorgsbehov. Dette vil det bli tatt omsyn til når NAV vurderer om vilkåret for hjelpestønad er oppfylt.

Sjå satsane for grunnstønad, hjelpestønad og auka hjelpestønad.

Hjelpestønad er skattefri.

Ver merksam på at dersom barnet får hjelpestønad og den som har pleie og tilsyn får omsorgslønn, har kommunen høve til å redusere omsorgslønna.  Omsorgslønna kan bli redusert med eit like stort beløp som hjelpestønaden. Kommunen kan krevje at du har søkt om hjelpestønad før det tatt stilling til omsorgslønn. Du kan likevel søkje om omsorgslønn parallelt med hjelpestønad. 

Kor lenge kan du få hjelpestønad?

Det er i utgangspunktet inga grense for kor lenge du kan få hjelpestønad, men behovet for tilsyn og pleie kan endre seg. Dersom du har fått innvilga stønaden, kan du difor få beskjed om at den vil bli revurdert på eit seinare tidspunkt. I så fall vil du få eit brev der du blir bedd om å gi opplysningar om no-situasjonen og dokumentasjon på at du framleis fyller vilkåra for stønaden.

Korleis søkjer du?

Du må søkje skriftleg om hjelpestønad. Du finn skjemaet under «Skjema og søknad».     

I søknaden må det gå fram at du har eit privat pleieforhold eller at hjelpestønaden vil gi deg moglegheita til å opprette det.

Du må òg opplyse om kva lege eller legar som behandlar deg og adressa til legen. NAV innhentar nødvendige legeopplysningar.

Dersom du har rapportar frå til dømes PPT-kontor eller skule, kan du sende inn dette saman med søknaden.

Meld frå om endringar

Dersom det blir endringar i tilsyns- og pleiesituasjonen, familiesituasjon eller du planlegg opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du difor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan òg sjekke utbetalingar i Dine utbetalingar.

Dersom stønaden er til eit av barna dine, vil du ikkje finne informasjon om utbetalinga ettersom stønad til barn under 18 år skal bli utbetalt til kontonummeret til barnet.

Dersom dette ikkje er registrert frå før, eller du har oppgitt anna kontonummer, må du sende oss beskjed. Les meir om å endre kontonummer eller kontaktinformasjon.