Grunnstønad

Du kan få grunnstønad for å dekkje – heilt eller delvis – ekstrautgifter som er oppstått på grunn av sjukdom, skade eller medfødde feil og misdanningar (lyte).

Kven kan få grunnstønad?

Du kan ha rett til grunnstønad dersom du har nødvendige ekstrautgifter på grunn av varig sjukdom, skade eller medfødde feil og misdanningar (lyte). Ekstrautgifter vil seie utgifter som friske personar ikkje har. Du kan ikkje få grunnstønad til eingongsutgifter, men til utgifter som stadig vender tilbake. Ekstrautgiftene må som hovudregel vare i 2-3 år eller meir grunna den medisinske tilstanden.

Kva kan du få?

Du kan få dekt ekstrautgifter til

  • drift av tekniske hjelpemiddel
  • transport
  • førarhund
  • drift av teksttelefon og i særlege tilfelle vanleg telefon
  • bruk av protesar, støttebandasjar og liknande
  • fordyra kosthald ved diett (det må vere vitskapleg dokumentert og alminneleg anerkjent i medisinsk praksis at spesialdiett er nødvendig for den aktuelle diagnosen, og dietten må lindre den aktuelle sjukdommen)
  • slitasje på klede og sengeklede

Du får ikkje dekt utgifter til transport dersom funksjonsevna blir nedsett etter at du har fylt 70 år. ”Ekstra” transport vil seie at du må bruke annan og dyrare transport enn andre som bur på same staden. Elles er det inga aldersgrense for å ha rett til grunnstønad.

Ekstrautgifter på grunn av slitasje på klede og sengeklede omfattar òg sko og støvlar. Slike ekstrautgifter oppstår anten fordi du må vaske kleda uvanleg ofte, eller fordi sjølve bruken medfører ekstra slitasje.

Du kan ikkje få grunnstønad til å kjøpe protesar og støttebandasjar, men til å dekkje utgifter i samband med bruken av dei.

Grunnstønad blir gitt etter seks satsar. Ekstrautgiftene må minst tilsvare grunnstønad sats 1.

Spesielt om fordyra kosthald

Alle krav skal behandlast individuelt. Enkelte diagnosar, til dømes cøliaki, gir rett til grunnstønad etter fastsette satsar utan nærmare dokumentasjon av ekstrautgiftene. For andre diagnosar som inneber matintoleranse og fordyra kosthald til diett, må ekstrautgiftene vurderast konkret.

Korleis søkjer du?

Du må søkje skriftleg om grunnstønad. Du søkjer på skjemaet ”Krav om grunnstønad NAV 06-03.04”, som du finn under Skjema.

Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.

Innsending av dokumentasjon

  • Du må innhente dokumentasjon frå lege.

  • Du må òg dokumentere ekstrautgiftene (til dømes kvitteringar eller oversikt/oppsett over sannsynleggjorde faste ekstrautgifter).

Når blir pengane utbetalte?

Grunnstønaden er skattefri og blir utbetalt ein gong i månaden.

Ny vurdering av behovet

Behovet for grunnstønad og storleiken på beløpet kan endre seg over tid. Dersom du har fått innvilga stønaden, kan du derfor få beskjed om at han blir vurdert på nytt på eit seinare tidspunkt. Dersom NAV skal vurdere saka på nytt, får du eit brev der du blir beden om å gi opplysningar om situasjonen i dag og dokumentasjon på at du framleis har behov for stønaden.

Stønad til barn under 18 år skal betalast inn på kontoen til barnet. Dersom kontonummeret ikkje er registrert frå før, må du opplyse om det når stønaden blir vurdert på nytt.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Du vil normalt ha pengane på konto den 20. kvar månad, sjå meir utbetalingsinformasjon. Nokre stønader har tidlegare utbetaling i desember. Du kan òg sjå utbetalingane i tjenesten Dine utbetalinger.

Dersom stønaden er til eit av barna dine, er den registrert på barnets personnummer og ikkje tilgjengeleg i Dine utbetalinger.  Du kan sjå beløpet på bankkontoen din når pengane er utbetal, og barnet vil få sendt årsoppgåve. Du kan òg ringe NAV på 55 55 33 33 og få informasjon om utbetalingane som gjeld barnet ditt.