Grunnstønad

Grunnstønad skal dekke nødvendige ekstrautgifter på grunn av varig skade, sjukdom, funksjonshemming eller medfødde misdanningar.

Kven kan få grunnstønad?

Du kan ha rett til grunnstønad dersom du har nødvendig ekstrautgifter friske personar ikkje har.

Ekstrautgifter vil seie laupande utgifter som er kome etter sjukdom eller skade, og som du ikkje hadde tidlegare. Dersom det ikkje er mogleg å samanlikne med kva utgifter du hadde tidligare, skal det bli samanlikna med kva utgifter friske personar har til same føremål.

Ekstrautgiftene må som hovudregel vare i 2-3 år eller meir på grunn av den medisinske tilstanden. Utgifter til medisinar blir ikkje dekt av grunnstønad.

Kva kan du få?

Grunnstønad har 6 satsar. Kva sats du får, er avhengig av kor store ekstrautgifter du har. Ekstrautgiftene må minst svare til sats 1.

Det blir berre gidd grunnstønad dersom du har ekstrautgifter til:

  1. drift av tekniske hjelpemiddel
  2. transport. Du kan få dekt differansen mellom utgiftene du hadde som frisk og nødvendige utgifter du har no.
  3. førarhund
  4. drift av teksttelefon og i særlege tilfelle vanleg telefon. Vanleg telefon blir ytt i særlege tilfelle. Dette vil blant anna gjelde for personer som er helt avhengige av telefon for å kunne kommunisere med omverden, og som i tillegg har dårlig økonomi. Det blir ikkje gidd grunnstønad til mobiltelefon.
  5. bruk av protesar, støttebandasje og liknande. Bruk av arm- eller beinprotese ovanfor ankelen eller handledd gir utan vidare rett til grunnstønad sats 1.
  6. fdyrare kosthald på grunn av spesialdiett. Behovet for spesialdiett for den aktuelle diagnosen må vere vitskapeleg dokumentert og alminneleg anerkjent i medisinsk praksis. Dietten må hjelpe den aktuelle sjukdommen. Diagnosen må vere stilt av spesialist. Fleire sjukdommar, som for til dømes cøliaki og cystisk fibrose, gir rett til grunnstønad etter fastsette satsar utan nærare dokumentasjon av ekstrautgiftene. For andre diagnosar som inneberer matintoleranse og dyrare kosthold, blir ekstrautgiftene vurderte individuelt.
  7. slitasje på klede, sengetøy, sko og støvlar som følgje av uvanleg ofte vasking eller ekstra slitasje på grunn av bruken.

Sjå satsane for grunnstønad, hjelpestønad og auka hjelpestønad

Kor lenge kan du få grunnstønad?

Det er inga aldersgrense for grunnstønad, bortsett frå at du ikkje får dekt utgifter til transport dersom funksjonsevna blir nedsett etter at du har fylt 70 år.

Behovet for stønaden og storleiken på beløpet kan endre seg. Dersom du har fått innvilga stønaden, kan du difor få beskjed om at den vil bli revurdert på eit seinare tidspunkt. I så fall vil du få eit brev der du blir bedt om å gi opplysningar om no-situasjonen og dokumentasjon på at du framleis har behov for stønaden.

Korleis søkjer du?

Du må søkje skriftleg om grunnstønad. Du finn skjemaa under «Skjema og søknad»

I søknaden må du opplyse kva lege eller legar som behandlar deg og adressa til legen. Du treng ikkje sende inn legeopplysningar.

Ved søknad om grunnstønad til slitasje på klede må du legge ved skjemaet «Ekstrautgifter til slitasje på klede og sengetøy”.

Du må også dokumentere ekstrautgifter (for til dømes kvitteringar, eventuelt oversikt eller oppsett over sannsynleggjorde, laupande ekstrautgifter). Som hovudregel skal ekstrautgiftene bli dokumentert ved kvitteringar for ein periode på minimum tre månadar.

Ved søknad om grunnstønad til transport må du legge ved skjemaet «Grunnstønad til særskilt transport/drift av eigen bil».

Meld frå om endringar

Dersom behovet for grunnstønad endrar seg eller du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, flytter, eller du planlegger opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du difor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan òg sjekke utbetalingar i Dine utbetalingar

Dersom stønaden er til eit av barna dine, vil du ikkje finne informasjon om utbetalinga ettersom stønad til barn under 18 år skal bli utbetalt til kontonummeret til barnet.

Dersom dette ikkje er registrert frå før, eller du har oppgitt anna kontonummer, må du sende beskjed til oss. Les meir om å endre kontonummer eller kontaktinformasjon.

Barnet vil få tilsendt årsoppgåve. Du kan ringe NAV på 55 55 33 33 og få utbetalingsinformasjon som gjeld barnet ditt.