Farskap og foreldreansvar

Farskapet til eit barn kan fastsetjast på tre måtar
1. automatisk for barn fødde i ekteskap
2. ved erklæring
3. ved dom

Det offentlege pliktar å fastsetje farskapet for barn som det ikkje er fastsett farskap for.

Foreldreansvar er den plikta og retten foreldra har til å bestemme for barnet i personlege forhold. Den eller dei som har foreldreansvaret, er òg verje for barnet.

Gifte foreldre

Dersom foreldra er gifte med kvarandre, blir mannen som mora er gift med ved fødselen, automatisk rekna som far til barnet. Dette er den såkalla pater est-regelen. Verken foreldra eller det offentlege må då gjere noko. Gifte foreldre får automatisk felles foreldreansvar for barnet.

Separerte foreldre

Dersom mor til barnet formelt er separert ved fødselen, blir farskapet fastsett som om ho var ugift. Men dersom den fråseparerte ektefellen erklærer farskapet, blir barnet rekna som fødd av gifte foreldre.

Ugifte foreldre

Dersom foreldra til barnet ikkje er gifte, blir farskapet vanlegvis fastsett ved at mora oppgir namnet på faren, som så erklærer farskapet. Dersom mora ikkje oppgir namnet på barnefaren og ein mann erklærer farskapet, må mora godta erklæringa.

Dersom foreldra ikkje bur saman når farskapet blir fastsett, har mora foreldreansvaret åleine. Foreldra kan likevel avtale felles foreldreansvar, anten i samband med erklæringa eller ved ein eigen avtale om det til folkeregisterstyresmakta.

Foreldre som bur saman når farskapet blir fastsett, får òg automatisk felles foreldreansvar.

Dersom farskapet ikkje blir erklært, har det offentlege – ved NAV og eventuelt domstolane – ansvar for å få det fastsett. Det kan vere aktuelt å kalle inn moglege partar og stadfeste farskapet ved hjelp av DNA-analyse.

Erklæring av farskap

Faren kan erklære farskapet både før fødselen, i samband med fødselen og etter fødselen. Erklæringa av farskap skal vere skriftleg på fastsett blankett frå NAV. Faren må møte personleg og vise legitimasjon for ein av desse instansane:

  • Lege/jordmor i samband med svangerskapskontroll/fødsel
  • Skattekontoret
  • NAV-kontor
  • Dommar
  • Norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet

Endring av farskap

Dersom det oppstår tvil om eit farskap som følgje av ekteskap, eller som er erklært, kan barnet, mora, faren eller ein tredjemann som meiner han er faren til barnet, reise sak for domstolen om å endre farskapet. Dersom farskapet tidlegare er fastsett ved dom, utan DNA-analyse, kan ein krevje at saka blir teken opp igjen.

Eit farskap kan òg endrast av NAV ved at ein mann erklærer farskapet og barnemora og den opphavlege faren godtek erklæringa. Dersom barnet er fylt 18 år må det også samtykke til endringa. Farskapet kan berre endrast dersom ein DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er far til barnet.