Oversikt over stønader til einsleg mor eller far

Stønad til einsleg mor eller far skal sikre inntekt for deg som har aleineomsorg for barn og bidra til at du kan forsørgje deg sjølv ved eige arbeid.

Kven kan få stønad til einsleg mor/far?

Du må fylle vilkåra under for å ha rett til stønad som einsleg mor eller far:

  • Du og barnet må ha vore medlem av folketrygda dei tre siste åra.
  • Du og barnet må opphalde dykk i Noreg.
  • Du må vere ugift, skilt eller separert.
  • Du må vere aleine om omsorga for barnet.
  • Du må ikkje ha eit forhold til den andre av foreldra til barna som kan bety at du ikkje er einsleg mor eller far.
  • Du må ikkje ha sambuar.
  • Du reknast ikkje som einsleg mor eller far viss du får, eller tidlegare har fått stønad, til einsleg mor eller far og får eit nytt barn med same partner.

Det kan gis unntak frå nokre av vilkåra. Les meir om regelverket og vilkåra for stønad til einsleg mor eller far, eller kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 for meir informasjon.

Kva kan du få?

Det er fleire stønadar som er aktuelle for deg som er einslig mor eller far.

  • Du kan få overgangsstønad dersom du ikkje har høve til å forsørgje deg sjølv på grunn av omsorg for      barnet.
  • Du kan få stønad til barnetilsyn for å dekke deler av kostnader til barnetilsyn på grunn av arbeid.
  • Du kan få tilleggsstønader og eventuelt stønad til skulepengar viss du gjennomfører nødvendig og hensiktsmessig utdanning.
  • Du kan få tilleggsstønader viss du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkar, eller viss du må flytte for å komme i arbeid.

Du kan òg ha rett til utvida barnetrygd viss du bur alene med barn. Utvida barnetrygd er barnetrygd for eitt barn meir enn du faktisk bor saman med.

Korleis søkjer du?

Du må søkje om stønad til einsleg mor/far. Du søker på Skjema "Søknad om overgangsstønad, stønad til barnetilsyn på grunn av arbeid og stønad til skulepengar". Når du har valt skjema, vil du sjå kva slags dokumentasjon og vedlegg du må legge ved søknaden.

Du må fylle ut alle nødvendige punkt i skjemaet og legge ved all nødvendig dokumentasjon. Du får skriftleg vedtak når søknaden er behandla. Sjå saksbehandlingstider i ditt fylke.

Du kan alltid ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 om du ønskjer meir informasjon og rettleiing, og/eller hjelp til å fylle ut skjemaet.

Søker du om tilleggsstønader fordi du er i utdanning, er arbeidssøker eller må flytte for å komme i arbeid må du sende digital søknad på nav.no.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

  • arbeidsinntekta di endrar seg
  • arbeidssituasjonen din endrar seg
  • du ikkje lenger er arbeidssøkjar
  • du avbryt utdanninga
  • du inngår sambuarskap, partnarskap, eller gifter deg
  • du venter nytt barn
  • samværsavtalen blir endra
  • du skal opphalde deg i utlandet
  • du flyttar

Sjå også viktig informasjon om dine rettighetar og plikter.