Overgangsstønad

Overgangsstønad skal sikre inntekt til deg som er einsleg mor eller far, og som er åleine om omsorga for barn. Overgangsstønad blir gitt i ein avgrensa periode.

Kven kan få overgangsstønad?

Du må fylle vilkåra under for å ha rett til stønad som einsleg mor eller far

  • Du og barnet må ha vore medlemmer i folketrygda dei tre siste åra
  • Du og barnet må opphalde dykk i Noreg.
  • Du må vere ugift, skild eller separert.
  • Du må vere åleine om omsorga for barnet.
  • Du må ikkje ha eit forhold til den andre av foreldra til barnet som kan gjere at du ikkje er einsleg mor eller far.
  • Du må ikkje ha sambuar
  • Du blir ikkje sett på som einsleg mor eller far dersom du får eller tidlegare har fått stønad til einsleg mor eller far og får eit nytt barn med same partnaren.

Vi kan fråvike nokre av vilkåra. Les meir om vilkåra for stønad til einsleg mor eller far, eller kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 for meir informasjon.

Andre krav for å få overgangsstønad

Dersom barnet er under 1 år, står du fritt til å velje om du vil vere i aktivitet (arbeid, utdanning eller arbeidssøkjer). Frå barnet fyller 1 år, du vere i aktivitet som utgjer minst halvparten av full tid, til dømes halvtidsarbeid eller utdanning som utgjer halvparten av fullt studium. Utdanninga må vere nødvendig og formålstenleg for å få eller behalde arbeid. Dersom du ikkje har arbeid eller skuleplass, må du vere registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar.

Følgjande aktivitetar går under aktivitetsplikta:

  • å vere i minst 50 prosent arbeid
  • å være registrert hjå NAV som reell arbeidssøkjar
  • å være i minst 50 prosent utdanning som NAV har vurdert som nødvendig og hensiktsmessig for å få eller halde eit arbeid
  • å etablere eiga verksemd

Les meir om krava til jobb og utdanning når du får overgangsstønad.

Du har ikkje rett på overgangsstønad dersom du utan rimeleg grunn har slutta i arbeid dei siste 6 månadane før du søkjer om stønad.

Kor lenge kan du få overgangsstønad?

Dersom du har barn under 8 år, er hovudregelen at du kan få overgangsstønad i opptil 3 år til saman. Dersom du har fått overgangsstønad i 3 år og blir åleine om omsorga for eit nytt barn, kan du berre få overgangsstønad fram til barnet har rett til barnehageplass. Du kan få overgangsstønad frå inntil 2 månadar før venta fødsel dersom du er åleine på fødselstidspunktet

Perioden med overgangsstønad kan utvidast med inntil 2 år fram til det yngste barnet fyller 8 år, dersom du er i nødvendig og formålstenlig utdanning. Perioden kan utvidast med opptil 3 år fram til det yngste barnet fyller 8 år, dersom du er i nødvendig og formålstenlig utdanning og har omsorg for fleire enn to barn, eller dersom du blei åleine om omsorga for barn før du fylte 18 år.

Blir du åleine med barnet på grunn av samlivsbrot, separasjon eller skilsmisse etter at det yngste barnet fylte åtte år, kan du få overgangsstønad i opptil to år fram til det yngste barnet fyller 10 år. Det første året må du fylle aktivitetskravet. Det andre året må du vere under nødvendig utdanning.

Viktig om stønadsperioden

Du får overgangsstønad i ei tidsbegrensa periode fordelt over eit bestemt antall månader. Du brukar av stønadstida fullt ut sjølv om du får redusert overgangsstønad (for eksempel kombinert med arbeidsinntekt). Det same gjeld dersom du berre søkjer om og får utbetalt stønad til barnetilsyn eller tilleggsstønader.

Periodane med overgangsstønad kan på visse vilkår forlengas ut skuleåret, som når du ventar på arbeid, skuleplass, tilsynsordning eller dersom du eller barnet har ein forbigåande sjukdom.

Dersom barnet ditt er særleg tilsynskrevjande på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller store sosiale problem, kan du på visse vilkår få overgangsstønad fram til barnet fyller 18 år.

Kva kan du få?

Overgangsstønaden utgjer 2,25 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ytinga er skattepliktig. Det blir ikkje utbetalt feriepengar av overgangsstønad.

Overgangsstønaden blir redusert mot inntekt. Det vil seie at du kan tene inntil halvparten av grunnbeløpet i løpet av ein 12 månedars periode utan av overgangsstønaden din blir redusert. Tener du meir, blir overgangsstønaden redusert med 45 øre for kvar krone du tener utover det halve grunnbeløpet.

Har du meir enn 10 prosent endring i inntekta ut frå vedtaket ditt, må du be om ei ny berekning for å unngå feilutbetaling eller at du får for låg overgangsstønad. Dette kan du gjere på telefon 55 55 33 33 eller ved å sende oss ein beskjed via nav.no.

Dagpengar, sjukepengar, stønad ved sjukdom hos barn og andre nærståande, foreldrepengar og omsorgsstønad/fosterheimsgodtgjersle blir likestilt med arbeidsinntekt. Dersom du får andre ytingar til livsopphald frå folketrygda eller tilsvarande ytingar frå utlandet, påverkar det overgangsstønaden.

Overgangsstønad blir utbetalt frå og med månaden etter at du fyller vilkåra for stønad.

Du kan miste stønaden

Du kan miste stønadene til einsleg mor eller far i éin månad dersom du utan rimeleg grunn

  • sluttar i arbeid
  • takkar nei til tilbod om arbeid
  • lèt vere å ta opp igjen et arbeidsforhold etter enda foreldrepermisjon
  • nektar å ta del i arbeidsmarknadstiltak eller
  • lèt vere å møte ved innkalling til NAV

Perioden blir trekt frå den innvilga stønadsperioden.

Dersom du har gitt urette opplysningar eller late vere å gi opplysningar, kan du miste retten til stønad i inntil 3 månader første gongen og inntil 6 månader dersom du fleire gonger har gitt urette opplysningar eller har late vere å gi opplysningar dei siste 3 åra.

Korleis søkjer du om overgangsstønad?

Du søker om overgangsstønad på skjemaet Søknad om overgangsstønad - enslig mor eller far. Du kan sende søknaden via nav.no eller sende den i posten.

Før du fyller ut søknadsskjemaet må du gjennomgå ein oversikt over kva dokumentasjon og vedlegg du må legge ved søknaden. Det er viktig at du fyller ut alle relevante punkt og legg ved all nødvendig dokumentasjon. Då blir saka di behandla raskare. Les meir om kva dokumentasjon du må legge ved.

Du kan kun søkje om stønad inntil 3 månedar tilbake før månaden du søkjer.

Dersom du har andre opplysningar du ønskjer å gi oss, skriv du dette i punkt 10 i søknadsskjemaet.

Du får ei skriftleg melding om vedtaket når saka er ferdigbehandla. Sjå saksbehandlingstida i ditt fylke.

Søkjer du om tilleggsstønader fordi du er i utdanning, er arbeidssøker, eller må flytte for å komme i arbeid, må du sende digital søknad om tilleggsstønader på nav.no.

Du kan alltid ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du treng meir informasjon og rettleiing, og/eller hjelp til å fylle ut skjemaet.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsoversikt.