Stønad til barnetilsyn

Stønad til barnetilsyn skal hjelpe deg som er einsleg mor eller far med å betale for tilsyn med barnet medan du er på arbeid.

Regelverket for stønad til ensleg mor eller far blei endra 1. januar 2016.

Kven kan få stønad til barnetilsyn? 

Du må fylle vilkåra under for å ha rett til stønad som einsleg mor eller far.

  • Du og barnet må ha vore medlemmer av folketrygda dei tre siste åra.
  • Du og barnet må opphalde dykk i Noreg.
  • Du må vere ugift, skild eller separert.
  • Du må vere åleine om omsorga for barnet.
  • Du må ikkje ha eit forhold til den andre av foreldra til barnet som kan gjere at du ikkje er einsleg mor eller far.
  • Du må ikkje ha sambuar
  • Du blir ikkje sett på som einsleg mor eller far dersom du får eller tidlegare har fått stønad til einsleg mor eller far og får eit nytt barn med same partnaren.

Vi kan fråvike somme av vilkåra. Les meir om vilkåra for stønad til einsleg mor eller far, eller kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 for meir informasjon.

Dersom du fyller vilkåra, kan du få stønad til barnetilsyn når du må overlate tilsynet med barnet til andre fordi du jobbar eller når du etablerer eiga verksemd.

Det er eit vilkår at du overlèt tilsynet til andre, til dømes barnehage, skulefritidsordning (SFO) eller dagmamma. Det er òg eit vilkår at du betaler for tilsynet. 

Dersom du treng tilsyn med barnet fordi du er registrert som arbeidssøkjer hos NAV eller er i arbeidsretta aktivitet eller i en utdanning som NAV har godkjend , har du som hovudregel ikkje rett til stønad til barnetilsyn. Du kan i staden for ha rett til stønad til pass av barn og eventuelle andre tilleggsstønader.

Unntaket fra hovudregelen er dersom har stønad til barnetilsyn etter regelverket som gjaldt før 2016. I så fall kan du søkje om stønad til barnetilsyn etter overgangsreglar, dersom du ikkje har rett til tilleggsstønader. Det betyr at du kan behalde stønaden på samme vilkår og satsar som gjaldt 31.desember 2015 fram til 31. desember 2018.

Dersom du treng tilsyn med barnet fordi du er i nødvendig og formålstenlig utdanning eller er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjer, kan du ha rett til tilleggsstønader.

Kor lenge kan du få stønad til barnetilsyn?

Som hovudregel kan du få stønad til barnet har fullført det fjerde skuleåret. Dersom du har barn som treng vesentleg meir tilsyn enn jamaldra, kan du få stønad etter fjerde skuleåret. Du må dokumentere behovet med ei erklæring frå lege, spesialist eller anna helsepersonell.

Stønaden kan òg forlengjast dersom arbeidet fører til at du må vere borte frå heimen i lengre periodar, eller du har uregelmessig arbeidstid (til dømes turnus eller skiftarbeid). Arbeidsforholdet, tilsynsforholdet og kva du betaler, må alltid dokumenterast.

Dersom du blir sjuk, kan du behalde stønaden i inntil 1 år, slik at du ikkje mister tilsynsordninga. Det føreset at barnet ditt framleis får tilsyn av andre mens du er sjuk, og at du held fram med å betale for tilsynet.

Stønad til barnetilsyn blir normalt gitt for 1 år om gongen. Stønaden blir vanlegvis stoppa i feriemånaden (juli) når barnehagar og SFO er stengde. 

Viktig om overgangsstønad

Vær merksam på at dersom er innvilga eller har tenkt å søkje om overgangsstønad, bruker du av perioden med overgangsstønad dersom du er innvilga stønad til barnetilsyn eller tilleggsstønader.

Kva kan du få?

Stønad til barnetilsyn blir dekt med 64 prosent av dei dokumenterte utgiftene, opp til ein maksimumssats. Det vil seie at du må betale minst 36 prosent av utgiftene sjølv. Se satsar for stønader til enslig mor eller far.

Dersom den årlege arbeidsinntekta di er større enn seks gonger grunnbeløpet i folketrygda, har du ikkje rett til stønad til barnetilsyn.

Stønad til barnetilsyn er ei skattefri yting, og stønaden blir utbetalt frå og med den månaden du fyller vilkåra.

Du kan miste stønaden

Du kan miste stønadene til einsleg mor eller far i éin månad dersom du utan rimeleg grunn

  • sluttar i arbeid
  • nektar å ta imot tilbod om arbeid
  • lèt vere å ta opp igjen et arbeidsforhold etter enda foreldrepermisjon
  • nektar å ta del i arbeidsmarknadstiltak eller
  • lèt vere å møte ved innkalling til NAV

Bortfallsperioden blir trekt frå den innvilga stønadsperioden.

Dersom du har gitt urette opplysningar eller late vere å gi opplysningar, kan du miste retten til stønad i inntil 3 månader første gongen og inntil 6 månader dersom du fleire gonger har gitt urette opplysningar eller har late vere å gi opplysningar dei siste 3 åra.

Korleis søkjer du om stønad til barnetilsyn?

Du må vente med å sende søknaden din til du har dokumentasjon på utgiftene for det nye barnehageåret. Det er fyrst når vi har dette at vi kan behandle saka. Utgiftene blir dokumentert med ein faktura i ditt navn, der kostpengar er spesifisert.

Du søkjer om stønad til barnetilsyn på skjemaet ”Søknad om overgangsstønad, stønad til barnetilsyn på grunn av arbeid og stønad til skolepenger til enslig mor eller far”, som du finn under "Skjema og søknad". Dersom du hadde stønad til barnetilsyn før 1. januar 2016, må du skrive i søknaden at du søkjer etter overgangsregelen.

Du må fylle ut alle nødvendige punkter i skjemaet og leggje ved all nødvendig dokumentasjon.

Du får ei skriftleg melding om vedtaket når saka er ferdigbehandla. Sjå saksbehandlingstida i ditt fylke.

Du kan  ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du treng meir informasjon eller rettleiing.

Til eller frå utlandet

Dersom du skal arbeide i utlandet for ein norsk arbeidsgivar og framleis er medlem i folketrygda, kan du ha rett til stønad  som einslig mor eller far. I slike tilfelle må du sende oss ein skriftleg førespurnad før utreisa. Last ned ei førsteside på nav.no og legg førstesida øvst i brevet. Send brevet til adressa som du finn på førstesida. Har du spørsmål kan du kontakte NAV på 55 55 33 33.

Dersom du skal på ferie/midlertidig opphald har du rett til stønad under opphald i utlandet i 6 uker (42 dager) i løpet av en 12 måneders periode.

Dersom du har krav om yrkesretta aktivitet (arbeid, utdanning eller er arbeidssøkjar) og avbryt aktiviteten ved midlertidig opphald i utlandet, skal stønaden til einsleg mor eller far som hovudregel stansast.

Du må alltid melde frå til NAV dersom du flyttar til utlandet.  Det står i vedlegg til vedtaksbrevet ditt når du må melde frå om mellombels opphald i utlandet.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.