Tilleggsstønader og stønad til skulepengar

Du kan få tilleggsstønader og eventuelt stønad til skulepengar dersom du gjennomfører utdanning som er nødvendig og formålstenleg for å få, eller halde, på arbeid. Du kan også få tilleggsstønader dersom du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar, eller dersom du må flytte for å kome i arbeid.

Nye reglar frå 1. januar 2016

Regelverket for stønad til einsleg mor eller far ble endra 1. januar 2016.

Informasjon om regelverket som gjaldt før 2016.

Kven kan få tilleggsstønader og stønad til skulepengar?

Du må oppfylle vilkårå under for å ha rett til stønad som einsleg mor eller far.

  • Du og barnet må ha vore medlemmer av folketrygda dei tre siste åra.
  • Du og barnet må opphalde dykk i Noreg.
  • Du må vere ugift, skild eller separert.
  • Du må vere åleine om omsorga for barnet.
  • Du må ikkje ha eit forhold til den andre av foreldra til barnet som kan gjere at du ikkje er einsleg mor eller far.
  • Du må ikkje ha sambuar
  • Du blir ikkje sett på som einsleg mor eller far dersom du får eller tidlegare har fått stønad til einsleg mor eller far og får eit nytt barn med same partnaren.

Vi kan fråvike somme av vilkåra. Les meir om vilkåra for stønad til einsleg mor eller far ,eller kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 for meir informasjon.

Dersom du fyller vilkåra, kan du ha rett til tilleggsstønader og stønad til skulepengar.

Kva kan du få?

Tilleggsstønader og stønad til skulepengar dersom du er i utdanning

Du kan få tilleggsstønader og eventuelt stønad til skulepengar dersom du har rett til overgangsstønad og gjennomfører utdanning som er nødvendig og formålstenleg for å få eller halde på arbeid. Stønad til skulepenger kan òg dekkje eksamensgebyr og semesteravgift.

Stønadene skal dekkje utgifter til tilsyn av barn og andre familiemedlemmer, skulepengar, skulemateriell og reiser. Du kan også få stønad til å dekkje ekstra buutgifter og flytteutgifter i samband med utdanninga.

Tilleggsstønader dersom du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar

Dersom du har rett til overgangsstønad og er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar, kan du ha rett til stønad til tilsyn av barn og andre familiemedlemmer.

Tilleggsstønader dersom du må flytte for å kome i arbeid

Dersom du må flytte for å kome i arbeid, kan du ha rett til stønad til flytteutgifter. Du kan få stønad til flytteutgifter når du har rett til overgangsstønad, eller innan 6 månader etter at perioden med overgangsstønaden er gått ut.

Du kan miste stønaden

Du kan miste stønadene til einsleg mor eller far i éin månad dersom du utan rimeleg grunn

  • sluttar i arbeid
  • nektar å ta imot tilbod om arbeid
  • lèt vere å ta opp igjen et arbeidsforhold etter enda foreldrepermisjon
  • nektar å ta del i arbeidsmarknadstiltak eller
  • lèt vere å møte ved innkalling til NAV

Bortfallsperioden blir trekt frå den innvilga stønadsperioden.

Dersom du har gitt urette opplysningar eller late vere å gi opplysningar, kan du miste retten til stønad i inntil 3 månader første gongen og inntil 6 månader dersom du fleire gonger har gitt urette opplysningar eller har late vere å gi opplysningar dei siste tre åra.

Korleis søkjer du om tilleggsstønader og stønad til skulepengar?

Skal du søkje om tilleggsstønader (stønad til pass av barn,tilskot til flytting, utgifter til reiser) må du sende inn digital søknad på nav.no.

Du finn søknadsskjemaet til stønad om skulepengar under "Skjema og søknad".

Når du har valgt skjema, står det kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du må fylle ut alle nødvendige punkter i skjemaet og leggje ved all nødvendig dokumentasjon.

Du får ei skriftleg melding om vedtaket når saka er ferdigbehandla. Sjå saksbehandlingstida i ditt fylke.

Du kan alltid ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du treng meir informasjon og rettleiing, og/eller hjelp til å fylle ut skjemaet.

Til eller frå utlandet

Du har rett til å motta stønad som einsleg mor eller far ved ferie/miellombels opphald i utlandet i 6 uker (42 dager) i løpet av ein 12 månaders periode.

Dersom du avbryter utdanning eller arbeidssøkjing for å ta ferie/mellombels opphald i utlandet, skal tilleggsstønadene som hovedregel stansast.

Du må alltid melde frå til NAV (tlf. 55 55 33 33) dersom du flyttar til utlandet.  Det står i vedlegg til vedtaksbrevet ditt når du må melde frå om mellombels opphald i utlandet.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobb-/utdanningssituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Det er ikkje fast utbetalingsdato for tilleggsstønader.