Kontantstøtte

Du kan få kontantstøtte dersom du har barn mellom 1 og 2 år som ikkje går i barnehage med offentleg tilskot. Dersom barnet ditt er adoptert, kan barnet være opptil skulealder.

For å få kontantstøtte må barnet ditt som hovudregel bu i Noreg. Du kan ikkje få kontantstøtte for barn som er i fosterheim eller i ein institusjon.

Kva kan du få?

Dersom barnet ditt ikkje går i ein barnehage med offentleg tilskot, kan du få 100 prosent kontantstøtte.

Dersom barnet har deltidsplass, kan du få 50 prosent kontantstøtte.

Det er den avtalte opphaldstida i barnehagen som avgjer kor mykje du får i kontantstøtte. Det har ikkje noko å seie om barnet er mindre i barnehagen enn den avtalte opphaldstida.

Sjå satsane for kontantstøtte.

Kor lenge kan du få kontantstøtte?

Du kan få kontantstøtte for barn mellom 1 og 2 år, det vil seie frå og med den månaden barnet fyller 13 månader til og med den månaden barnet fyller 23 månader. Du kan maksimalt få støtte i 11 månader.

Har du adopterte barn, kan du få kontantstøtte i inntil 11 månader etter at foreldrepengeperioden med 100 prosent dekningsgrad (46 veker) er ute. Perioden med kontantstøtte kan du ta fram til barnet begynner på skulen.

Dersom du har fått eingongsstønad ved adopsjon, kan du tidlegast få kontantstøtte frå månaden etter at foreldrepengeperioden for adopsjon (46 veker) ville ha gått ut.

Dersom barnet startar i barnehage, blir kontantstøtta utbetalt til og med den månaden barnet har fått plass i barnehage.

Korleis søkjer du om kontantstøtte?

Dersom de som er foreldre bur saman, søkjer éin av dykk. Dersom de bur kvar for dykk, er det den barnet bur fast saman med som kan søkje om kontantstøtte. Du kan ikkje få etterbetalt kontantstøtte for meir enn 3 månader før den kalendermånaden du søkte. Du kan tidlegat søkje den månaden barnet fyller eitt år.

Dersom de har inngått ei avtale om delt bustad etter barnelova § 36, kan de bli einige om å dele kontantstøtta. Begge må søkje om kontantstøtte. Du finn skjemaet under «Skjema og søknad».

Skal du til utlandet?

Dersom du har tenkt å opphalde deg i utlandet i meir enn 3 månader, vil kontantstøtta som hovudregel  bli stansa månaden etter du reiser.

Dersom opphaldet er innanfor EØS, kan du ha rett til kontantstøtte ved opphald i meir enn 3 månader. Kravet er at ein av foreldra er utsendt arbeidstakar frå Noreg i inntil 24 månader. Eller at ein av foreldra får pensjon frå Noreg.

Du behald kontantstøtta dersom du og familien din skal opphalde dykk i utlandet i inntil 3 månader. Kravet er at du ikkje jobbar under opphaldet.

Du må gi NAV beskjed om kva land du skal reise til og kor lenge opphaldet skal vare. Dersom opphaldet varer lenger enn planlagt, må du også gi beskjed om det.

Når du kjem til Noreg

Dersom du kjem frå utlandet til Noreg, kan du ha krav på kontantstøtte når heile familien bur i Noreg og skal vere busett her i minst 12 månader. Dette gjeld alle utanlandske statsborgarar som er busett i Noreg og registrert i folkeregisteret, og som har lovleg opphald.

Er du statsborgar i eit EØS-land og arbeider i Noreg, kan du ha rett til kontantstøtte sjølv om du skal vere busett i Noreg i mindre enn 12 månader. Les meir om barnetrygd og kontantstøtte til utanlandske arbeidstakarar i Noreg.

Meld frå om endringar

Det er viktig at du melder frå til NAV dersom barnet ditt begynner i barnehage.

Du kan skrive til oss når du er logga på Ditt NAV eller ringe oss på 55 55 33 33 (velg tastevalg: familie).

Vi treng opplysingar om:

  • fødselsdatoen til barnet
  • datoen barnet skal begynne i barnehage 
  • barnet har fått fulltids- eller deltidsplass. Dersom det er
    en deltidsplass, må vi vite kor mange timar i veka barnet har fått tildelt.
  • namnet på barnehagen

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Du vil normalt ha pengane på konto innan siste virkedag i månaden, sjå meir utbetalingsinformasjon. Nokre stønader har tidlegare utbetaling i desember.

Du kan og sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.

Kontantstøtta er skattefri.