Kontantstøtte

Du kan få kontantstøtte dersom du har barn mellom 1 og 2 år som ikkje går i barnehage med offentleg tilskot. Dersom barnet ditt er adoptert, kan barnet vere opptil skulealder.

NB! Frå 1. august 2018 er det endringar i regelverket for kontantstøtte. Les meir om regelendringane for kontantstøtte.

Kven kan få kontantstøtte?

For å ha rett til kontantstøtte må barnet ditt vere eitt år og ikkje gå i fulltids barnehage med offentleg tilskot. Dersom barnet har deltidsplass, kan du ha rett til 20, 40, 60 eller 80 prosent kontantstøtte. Sjå meir under "Kva kan du få?".

Som hovudregel må du og barnet ditt bu i Noreg. Dersom barnet ditt oppheld seg i Norge i minst 12 månader samanhengande, blir barnet rekna som busett. For EØS-borgarar gjeld eigne reglar, les meir om kontantstøtte og utland.

Frå 1. juli 2017 må du i tillegg ha minst 5 års medlemskap i folketrygda. Når barnet bur saman med begge foreldra, må begge foreldra ha vore medlemmer i folketrygda i 5 år. Når NAV vurderer vilkåra om medlemskap, skal trygdeperioder i et anna EØS-land også bli rekna med. Du må sjølv skaffe dokumentasjon frå dei aktuelle EØS-landa som har registrert dine trygdeperiodar. Kva som kvalifiserer som trygdeperioder varierer frå land til land. Det kan til dømes vere bustad, arbeidsperiodar eller begge deler. Regelendringa gjeld berre nye søknader.

Du kan ikkje få kontantstøtte for barn som er i fosterheim eller i ein institusjon. 

Kva kan du få?

Dersom barnet ditt ikkje går i ein barnehage med offentleg tilskot, kan du få 100 prosent kontantstøtte.

Dersom barnet har deltidsplass, kan du få 20, 40, 60 eller 80 prosent kontantstøtte.

Det er den avtalte opphaldstida i barnehagen som avgjer kor mykje du får i kontantstøtte. Det har ikkje noko å seie om barnet er mindre i barnehagen enn den avtalte oppholdstida. Her er eit eksempel:

Barnehagen til Ida er open frå klokka 07.00 til klokka 17.00. Ida har fått tildelt fulltidsplass i barnehagen og kan difor vere i barnehagen ti timar per dag. Den tildelte plassen utgjer dermed 50 timar per veke. Dette gjeld uavhengig av om Ida faktisk er i barnehagen i den tildelte tida eller ikkje. Det vil seie at dersom foreldra til Ida planlegg å levere Ida klokka 09.00 og hente ho klokka 15.00, vil dei likevel ikkje ha rett til gradert kontantsøtte.

Dersom Ida får tildelt halv barnehageplass er oppholdstida 25 timar per veke. Foreldrene til Ida kan ha rett til 20 prosent kontantstøtte.

Sjå satsane for kontantstøtte.

Kor lenge kan du få kontantstøtte?

Du kan få kontantstøtte for barn mellom 1 og 2 år, det vil seie frå og med den månaden barnet fyller 13 månader til og med den månaden barnet fyller 23 månader. Du kan maksimalt få støtte i 11 månader.

Har du adopterte barn, kan du få kontantstøtte i inntil 11 månader etter at foreldrepengeperioden med 100 prosent dekningsgrad er ute. Perioden med kontantstøtte kan du ta fram til barnet begynner på skulen.

Dersom du har fått eingongsstønad ved adopsjon, kan du tidlegast få kontantstøtte frå månaden etter at foreldrepengeperioden for adopsjon ville ha gått ut.

Dersom barnet startar i barnehage, blir kontantstøtta utbetalt til og med den månaden barnet har fått plass i barnehage.

Korleis søkjer du om kontantstøtte?

Dersom de som er foreldre bur saman, søkjer éin av dykk. Dersom de bur kvar for dykk, er det den barnet bur fast saman med som kan søkje om kontantstøtte. Du kan ikkje få etterbetalt kontantstøtte for meir enn 3 månader før den kalendermånaden du søkte. Du kan tidlegat søkje den månaden barnet fyller eitt år.

Dersom de har inngått ei avtale om delt bustad etter barnelova § 36, kan de bli einige om å dele kontantstøtta. Begge må søkje om kontantstøtte. Du finn skjemaet under «Skjema og søknad».

Når vi har fått søknaden din, vil vi vurdere opplysningane du har gitt oss opp mot offentlege register og barnehagelistene frå kommunen. Dersom vi lurer på noko tar vi kontakt med deg. Når saka er avgjort vil du få eit vedtak frå kommunen. Du finn oppdaterte saksbehandlingstider for fylket ditt på nav.no/saksbehandlingstider.

Skal du til utlandet?

Dersom du har tenkt å opphalde deg i utlandet i meir enn 3 månader, vil kontantstøtta som hovudregel  bli stansa månaden etter du reiser.

Dersom opphaldet er innanfor EØS, kan du ha rett til kontantstøtte ved opphald i meir enn 3 månader. Kravet er at ein av foreldra er utsendt arbeidstakar frå Noreg i inntil 24 månader. Eller at ein av foreldra får pensjon frå Noreg.

Du held kontantstøtta dersom du og familien din skal opphalde dykk i utlandet i inntil 3 månader. Kravet er at du ikkje jobbar under opphaldet.

Du må gi NAV beskjed om kva land du skal reise til og kor lenge opphaldet skal vare. Dersom opphaldet varer lenger enn planlagt, må du også gi beskjed om det.

Når du kjem til Noreg

Dersom du kjem frå utlandet til Noreg, kan du ha krav på kontantstøtte når heile familien bur i Noreg og skal vere busett her i minst 12 månader. Dette gjeld alle utanlandske statsborgarar som er busett i Noreg og registrert i folkeregisteret, og som har lovleg opphald. Du må i tillegg ha vore medlem i folketrygda i Noreg eller dekt av ei trygdeordning i eit anna EØS-land i minst 5 år. Når barnet bur saman med begge foreldra gjeld medlemskapsvilkåra for begge.

Er du statsborgar i eit EØS-land og arbeider i Noreg, kan du ha rett til kontantstøtte sjølv om du skal vere busett i Noreg i mindre enn 12 månader. Les meir om barnetrygd og kontantstøtte til utanlandske arbeidstakarar i Noreg.

Meld frå om endringar

Det er viktig at du melder frå til NAV dersom barnet ditt byrjar i barnehage.

Du kan sende ein beskjed til oss når du er logga på Ditt NAV eller ringe oss på 55 55 33 33 (vel tasteval: familie).

Vi treng opplysingar om:

  • fødselsdatoen til barnet
  • datoen barnet skal begynne i barnehage 
  • barnet har fått fulltids- eller deltidsplass. Dersom det er
    en deltidsplass, må vi vite kor mange timar i veka barnet har fått tildelt.
  • namnet på barnehagen

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan og sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsoversikt.

Kontantstøtta er skattefri.