Barnetrygd

Dersom du har omsorg for barn under 18 år som bur hos deg i Noreg, kan du ha rett på barnetrygd. Einsleg mor eller far kan i tillegg få utvida barnetrygd og småbarnstillegg.

Barnetrygda skal bidra til å dekke utgifter som følgjer med det å ha barn.

Kven kan få barnetrygd?

  • Barnets mor eller far kan få barnetrygd. Dersom foreldra har inngått avtale om delt bustad for barnet, kan barnetrygda delast likt mellom dei.
  • Fosterforeldre, ein annan omsorgsperson eller ein barnevernsinstitusjon kan få barnetrygd dersom barnet bur der fast (utover tre månader).

Dersom du skal få barnetrygd, må barnet ditt bu i Noreg. Dersom barnet ditt oppheld seg i Noreg i minst 12 månader samanhengande, blir barnet rekna som busett. For EØS-borgarar gjeld det eigne reglar, sjå avsnittet Til og frå utlandet.

Kven kan få utvida barnetrygd?

Er du einsleg mor eller far kan du få utvida barnetrygd dersom du bur åleine med barn og

  • er separert, skilt eller attlevande ektefelle
  • er ugift og ikkje lever saman med den andre forelderen til barnet. Samlivsbrot mellom sambuarar som har felles barn under 16 år må stadfestast med meklingsattest
  • har vore faktisk separert i minst 6 månader utan separasjonsbevilling eller dom
  • har ein ektefelle/sambuar som er fengsla med straff utan vilkår på minst 6 månader, eller som har sete i varetekt i minst 6 månader
  • har ein ektefelle/sambuar som har vore forsvunne i minst 6 månader

Kva kan du få i barnetrygd?

  • Ordinær barnetrygd er eit fast beløp per barn
  • Utvida barnetrygd er barnetrygd for eitt barn meir enn du faktisk bur saman med
  • Småbarnstillegg er eit tillegg til barnetrygda for einslege forsørgjarar som har barn mellom 0 og 3 år, og som får utvida barnetrygd og full overgangsstønad

Sjå satsar.

Kor lenge kan du få barnetrygd?

Du kan få barnetrygd frå månaden etter at barnet er født, eller frå månaden etter at vilkåra er oppfylt dersom retten til barnetrygd oppstår på eit seinare tidspunkt. Barnetrygda blir utbetalt til og med månaden før barnet fyller 18 år.

Dersom vilkåra for ordinær eller utvida barnetrygd ikkje lenger er oppfylt før barnet fyller 18 år, får du utbetalt til og med den månaden vilkåra ikkje lenger er oppfylt.

Barnetrygda kan bli etterbetalt for opptil 3 år frå søknadstidspunktet, dersom vilkåra har vore oppfylt og barnetrygda ikkje er utbetalt til barnets andre forelder og ho/han er ein rett mottakar.

Når det ligg føre ei avtale om delt bustad vil begge foreldra rekna som at dei har rett til å vere mottakarar. Det er derfor viktig å søke om delt barnetrygd når ei slik avtale blir inngått etter barnelova § 36.

Korleis søkjer du om barnetrygd?

Du treng som hovudregel ikkje søkje om barnetrygd. Dersom barnet blir født i Noreg, vil mor automatisk få barnetrygd omtrent 2 månader etter fødselen.

Ein må likevel søkje om barnetrygd når

  • mor ikkje er registrert som busett i Noreg
  • barnet er eldre enn 6 månader når retten til barnetrygd tar til å gjelde
  • barnet ikkje blir født i Norge
  • du kan ha rett til utvida barnetrygd
  • far mottar eller har mottatt barnetrygd for andre barn
  • foreldra skriftleg har avtalt delt bustad for barnet og ønskjer delt utbetaling
  • barnetrygda skal vurderast etter reglane i EØS-avtalen eller andre trygdeavtaler
  • mor ønskjer at far skal få utbetalinga. I slike tilfelle må far søkje

Søk på skjemaet Krav om ordinær barnetrygd - NAV 33-00.07. Søkjer du om utvida barnetrygd skal du søkje på skjemaet Krav om utvida barnetrygd - NAV 33-00.09.

Når du har valt rett skjema, ser du kva slag dokumentasjon og vedlegg som du må leggje ved søknaden.

Til eller frå utlandet

Dersom du skal til utlandet og mottar barnetrygd frå NAV, må du undersøkje om du kan ta med deg barnetrygden under opphaldet.

Du må gje beskjed til NAV om kva land du skal reise til og kor lenge opphaldet skal vare. Dersom opphaldet varer lenger enn planlagt må du også gje beskjed om dette.

Du må også melde frå til NAV dersom ein av dykk begynner eller sluttar i arbeid i eit anna land.

Utenlandske statsborgarar kan ha krav på barnetrygd når heile familien bur i Noreg og skal vere busett her i minst 12 månader. Dette gjeld alle utanlandske statsborgarar som er busett i Noreg, som er registrert i folkeregisteret og som har opphaldsløyve eller lovlig opphald på anna grunnlag.

Dersom du er statsborgar i eit EU/EØS-land og arbeider i Noreg, kan du ha rett til barnetrygd sjølv om du skal vere busett i Noreg i mindre enn 12 månader. Les meir om barnetrygd og kontantstøtte til utanlandske arbeidstakarar i Noreg.

Meld frå om endringar

Du må melde frå til NAV dersom du mottar utvida barnetrygd, og ikkje lenger har rett på den. Dette gjeld dersom du

  • inngår ekteskap
  • får barn med sambuar
  • har vore sambuar med ein du ikkje har felles barn med i 12 månader

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Du vil normalt ha pengane på konto innan siste virkedag i månaden, sjå meir utbetalingsinformasjon. Nokre stønader har tidlegare utbetaling i desember.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.

Barnetrygda er skattefri.