Korleis søkjer du om barnebidrag?

Under følgjer ei framstilling av korleis du går fram dersom du ønskjer at NAV skal fastsetje barnebidraget.

Dersom de inngår ein privat avtale om kor stort bidraget skal vere, treng de ikkje søkje om barnebidrag.

Dersom de ikkje kjem fram til ein avtale om barnebidraget sjølv, kan de kvar for dykk søkje NAV om å få bidraget fastsett.

Søknad

Det er to søknadsskjema, eitt for den som blir bidragsmottakar, og eitt for den som blir bidragspliktig. Kvar av dykk kan søkje om at NAV fastset bidraget. Det blir likevel forventa at den som ikkje søkjer, fyller ut skjemaet sitt, slik at vi får opplysningar frå dykk begge. Det er dei same skjemaa som skal brukast dersom ein av dykk ønskjer å søkje om endring av eit bidrag som allereie er verksamt.

Slik går du fram:

  • Som bidragsmottakar fyller du ut skjemaet NAV 54-00.05. Som bidragspliktig fyller du ut skjemaet NAV 54-00.08.
  • Ver nøyaktig når du kryssar av for kva du søkjer om. Dersom du ønskjer at bidraget skal krevjast inn (betalast) gjennom NAV, må du krysse av for dette. Alternativt kan bidraget betalast direkte mellom dykk.
  • Det blir forventa at kvar av dykk fyller ut eit tilleggsskjema (NAV 54-00.15), som kjem opp saman med søknadsskjemaet.
  • Legg ved dokumentasjon om inntekta di og andre forhold som krev dokumentasjon. Legg gjerne ved ein skriftleg avtale om samvær. Dersom samværet er munnleg avtalt, er det viktig å opplyse om samværsomfang i tilleggsskjemaet. Har du utgifter til barn i barnehage, i SFO eller andre tilsynsordningar, skal du også dokumentere dette. Sjå meir om dette i eit eige vedlegg til søknadsskjemaet.

Dersom den eine parten ikkje sender inn skjema, eller nødvendig dokumentasjon ikkje er lagt ved, vil NAV likevel fastsetje bidrag. Opplysningar om inntektene dykkar kan hentast inn frå arbeidsgivaren, eller inntektene kan fastsetjast basert på skjønn. Dette vil ikkje hindre bidragsmottakaren i å få bidraget sitt, men det kan ta lengre tid.

Når bør du søkje?

Du bør søkje så fort du har bestemt deg for at NAV skal fastsetje bidraget. Barnebidrag kan på spesielle vilkår bli fastsett tilbake i tid, men dette blir vurdert frå sak til sak. Når det blir søkt om endring av eit bidrag som allereie er verksamt, er hovudregelen at endring skal skje frå månaden etter at søknaden kom inn til NAV.

Sjå saksbehandlingstider i fylket ditt.

Kva skal de sende skjemaa?

Søknadsskjemaet, tilleggsskjemaet og nødvendig dokumentasjon kan de sende elektronisk eller via post.

Informasjon og rettleiing

Du kan alltid ta kontakt med NAV for meir informasjon og rettleiing.