Barnebidrag

Dersom foreldra til eit barn ikkje bur saman, må den som ikkje har barnet buande hos seg, betale sin del som barnebidrag til den andre.

Foreldra kan anten inngå privat avtale om barnebidrag, eller søkje om at NAV skal fastsetje bidraget.

Kven skal betale/få bidrag?

Du som forelder har plikt til å forsørgje barna dine. Den som ikkje har barnet buande hos seg, skal betale sin del som bidrag til den andre (barnelova § 67). Det kan også vere aktuelt å betale barnebidrag når barnet har delt bustad.

Barnebidrag må ikkje forvekslast med barnetrygd eller bidragsforskot, som er offentlege ytingar.

Plikta til å betale bidrag varer normalt ut den månaden barnet fyller 18 år. Dersom barnet går på vidaregåande skule eller tilsvarande, kan det liggje føre rett til bidrag etter at barnet fyller 18 år. Det er då barnet som får barnebidraget.

Storleiken på barnebidraget

I utgangspunktet bør foreldra prøve å inngå ein privat avtale. De står då fritt til å avtale kva som helst beløp og tilpasse storleiken på bidraget til situasjonen dykkar. Vi rår til å bruke bidragsrettleiaren til NAV dersom de treng hjelp.

De kan også søkje om at NAV fastset bidraget. Det er mange faktorar som påverkar kor store bidrag som er fastsette av NAV, blir. Dersom du vil vite meir, kan du lese ei nærare framstilling av kva som inngår i barnebidraget, og korleis NAV reknar ut barnebidraget.

Betaling av barnebidraget

Overføring av bidraget kan gjerast mellom dykk, utan at NAV blir blanda inn. Det har ingenting å seie om bidraget er fastsett av NAV eller i ein privat avtale. Det einaste vilkåret er at bidragsmottakaren ikkje får bidragsforskot frå NAV.

Både den som betaler, og den som får barnebidraget, kan også krevje at NAV administrerer formidlinga av bidraget. Det har ingenting å seie om bidraget er fastsett av NAV, eller om det er ein privat avtale. Sjølve innkrevjinga er gebyrfri.

Når de søkjer om fastsetjing av barnebidrag eller bruker eit standardskjema til å inngå ein privat avtale, må de krysse av for om de ønskjer at NAV skal krevje inn bidraget, eller om de ønskjer å gjere opp dykk imellom.

Korleis søkjer eg om barnebidrag?

Dersom de inngår ein privat avtale, treng de ikkje søkje om barnebidrag eller melde frå til NAV. De kan bruke eit standardskjema utforma av NAV, som de finn i artikkelen om privat avtale.

Dersom de ikkje blir einige om ein privat avtale, kan både bidragsmottakar og bidragspliktig søkje om fastsetjing frå NAV. Då må begge partar betale eit gebyr på 1049 kr. Les meir om korleis du søker om barnebidrag gjennom NAV.

Endring av barnebidraget

Dersom de har hatt fastsetjing gjennom NAV, og NAV krev inn bidraget, blir beløpet justert automatisk det året barna fyller 6, 11 og 15 år.

Du må sjølv søkje om endring av barnebidraget dersom det er endringar som påverkar kor stort bidraget skal vere, og du ønskjer at NAV skal ta omsyn til dette. Endringar som påverkar kor stort bidraget skal vere, kan for eksempel vere at samveret eller inntekta til ein av foreldra blir endra.

I staden for å søkje om at NAV fastset bidraget på nytt, kan de sjølve avtale privat kor stort bidraget skal vere. Med hjelp av bidragsrettleiaren kan de rekne ut ny storleik på bidraget.

Korleis klagar eg på vedtaket?

Dersom NAV har fastsett barnebidraget, kan kvar av foreldra klage på vedtaket i saka. Du kan også klage på vedtak om innkrevjing av barnebidraget.

Les meir om korleis du klagar i bidragssaker.

Utbetaling av barnebidraget

Ved ein privat avtale kan de setje dykkar eigen frist for utbetaling av barnebidrag.

Dersom NAV krev inn bidraget, får bidragsmottakaren sendt vidare bidrag frå NAV straks innbetalinga er komen Det betyr at barnebidrag kan bli utbetalt opptil tre veker før den månaden det gjeld for. Betalingsfristen for den bidragspliktige er den 25. i månaden før den månaden bidraget gjeld for.

Sjå også utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Barn over 18 år

Dersom barnet går på vidaregåande skule eller tilsvarande, kan det liggje føre rett til bidrag etter at barnet fyller 18 år. Det er då barnet som søkjer om og får barnebidraget.

Spørsmål

Ring NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du har spørsmål eller treng meir informasjon.