Yrkesskade og yrkessjukdom

Med yrkesskade meiner vi personskade, sjukdom eller dødsfall som følgje av arbeidsulykke. Ein sjukdom kan også godkjennast som yrkessjukdom, dersom han er ei følgje av skadeleg påverknad frå arbeidsmiljøet og er ein av dei sjukdomane som er nemnde i forskrift om yrkessjukdommar.

Korleis melde frå om yrkesskade og yrkessjukdom?

Arbeidsgjevar har plikt til å sende skademelding til  NAV. Dersom arbeidsgjevar ikkje har gjort dette, kan du melde skaden eller sjukdommen sjølv. Det finst fleire forskjellige meldeskjema. Du finn det rette skjemaet i høgremenyen. Du kan kontakte NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du har spørsmål eller vil ha hjelp til utfylling.

Kva er fristen for å melde skade eller sjukdom?

Arbeidsgjevar skal sende skademelding til NAV så snart som mogleg. Ein yrkesskade må meldast seinast innan eitt år etter at arbeidsulykka skjedde. Ein yrkessjukdom må meldast innan eitt år etter at du blei klar over årsaka til sjukdommen.

NAV kan i visse tilfelle gjere unntak frå meldefristen. Det må da vere klart at forholdet er ein yrkesskade, eller det må vere særlege grunner til at skademelding ikkje er sendt innan fristen.

Kva skjer når NAV mottek meldinga?

NAV vil så raskt som mogleg vurdere om skaden eller sjukdommen kan godkjennast. NAV kan til støtte for denne vurderinga ha behov for å innhente dokumentasjon frå arbeidsgjevar, lege eller andre. Dette kan vere

  • nærare beskriving av skaden
  • opplysningar om skadeleg påverknad (ved sjukdom)
  • opplysningar frå fastlege eller annan behandlande lege
  • opplysningar frå tidlegare arbeidsgjevarar (aktuelt ved sjukdom dersom du har hatt fleire arbeidsgjevarar)

Når NAV har ferdigbehandla saka får du eit vedtak i posten. Dersom skaden eller sjukdomen blir godkjent, vil du også motta ei orientering om stønad ved godkjent yrkesskade/yrkessjukdom.

Kva seier lova?

Det er eit vilkår at arbeidsulykka eller den skadelege påverknaden har skjedd mens du er yrkesskadedekt. Dette vil seie at du må tilhøyre ei av dei persongruppene som er nemnde i folketrygdlova §§ 13–6 til 13–13. Dei fleste arbeidstakargruppene er yrkesskadedekte gjennom arbeidsforholdet sitt (obligatorisk yrkesskadedekte). Barn i barnehage (førskulebarn) er ikkeje omfatta av lova. For vernepliktige, tenestepliktige og enkelte andre militærpersonar gjeld eigne reglar med utvida yrkesskadedekning.

Er du sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar?

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar må likevel teikne friviljug trygd for å få rett til yrkesskadedekning. Les meir om friviljug trygd.  

Kva kan du få?

Dersom skaden eller sjukdommen blir godkjent, kan du ha krav på trygdeytingar etter gunstigare reglar enn vanleg. Dersom du får varig medisinsk mein som følgje av yrkesskade eller yrkessjukdom, kan du ha rett til meinerstatning. Les meir om "stønad ved godkjent yrkesskade", m.a. utgifter til helsetenester

Andre reglar

I tillegg til reglane i folketrygdlova ved yrkesskade kan det også utbetalast ytingar etter lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Arbeidsgjevarar er forplikta til å teikne yrkesskadeforsikring i private forsikringsselskap.