Ung ufør

Ettersom uføretrygda skal vere ei erstatning for inntekt som har falle bort på grunn av uførleik, er unge uføre er sikra ein minstesats som er høgare enn for andre.

Vilkåra for å få innvilga rett som ung ufør er at:

  • du var under 26 år då du blei alvorleg og varig sjuk
  • sjukdommen er klart dokumentert av lege/spesialist
  • du søkjer om uføretrygd før fylte 36 år dersom du har vore meir enn 50 prosent yrkesaktiv etter fylte 26 år

Rettar som ung ufør blir betalte ut frå du fyller 20 år. Sivilstanden din avgjer kor mykje du kan få i minsteyting som ung ufør.

  • Er du ung ufør og lever saman med ektefelle, partnar eller i eit sambuarforhold som har vart i minst 12 av dei siste 18 månadene, er minste årlege yting 2,66 gonger grunnbeløpet i folketrygda.
  • Er du ung ufør og einsleg, er minste årlege yting 2,91 gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Les meir om uføretrygd.