Sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

Sjukepengar skal gi kompensasjon for tap av inntekt dersom du er arbeidsufør på grunn av sjukdom eller skade.

Kven kan få sjukepengar?

  • Du må vere medlem av folketrygda
  • Du må vere arbeidsufør på grunn av en funksjonsnedsetting som klart skuldast eigen sjukdom eller skade
  • Du må som hovudregel ha vore i arbeid i minst fire veker rett før du blei arbeidsufør
  • Du må tape pensjonsgivande inntekt på grunn av arbeidsuførheten. Det er et vilkår at inntektsgrunnlaget for sjukepengar utgjer minst femti prosent av grunnbeløpet (1/2 G).
  • Som frilansar må du jamleg ha hatt inntekt frå oppdrag. Får du fosterheimsgodtgjersle blir du rekna som frilansar. Får du omsorgsstønad, vil du bli rekna som frilansar med mindre du er tilsett i ei verksemd.

Arbeidsuførheten skal bli dokument med sjukmelding frå lege. Ved sjukdom eller skade som har direkte samanheng med muskel- og skjelettsystemet kan også kiropraktor eller manuellterapeut sjukmelde i inntil 12 veker.

Du har ikkje rett til sjukepengar dei første 16 kalenderdagane rekna frå og med den dagen du blei arbeidsufør, med mindre du har teikna forsikring. Dei 16 dagane tel  frå det tidspunktet du oppsøker lege eller når NAV får melding om at du er arbeidsufør.

For å få sjukepengar frå NAV må du ha sjukmelding frå lege. Legen kan vanlegvis sjukmelde tidligast frå den dato du er til konsultasjon. Får du ikkje time hos legen same dag, kan dagen du snakka med legen på telefonen bli godtatt som start på legens sjukmelding. Det er ein føresetnad at telefonsamtalen bli følgt opp med time hos legen få dagar etter telefonsamtalen.

Aktivitetskrav og oppfølging

For å få rett til sjukepengar skal du så tidleg som mogleg forsøke deg i arbeidsrelatert aktivitet. Hovudregelen er at du har plikt til å være i arbeidsrelatert aktivitet innan 8 veker.

Legen skal alltid vurdere om det er tungtvegande medisinske grunner til at du må være borte frå arbeidet, både ved første gong du er sjukmeld og seinare sjukmeldingar. Kan du delvis utføre dine vanlege arbeidsoppgåver, skal det bli gitt gradert sjukmelding.

Ved kortvarig sjukmelding vurderast arbeidsuførheten med omsyn til det yrket du har. Ved langvarig sjukmelding vurderast det også om du er arbeidsufør når det gjeld eit kvart høvelig arbeid.

Det er NAV som følgjer deg opp når du er sjukmeld.

Reisetilskot

Om du midlertidig ikkje kan reise på vanleg måte til og frå arbeidsstaden på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til reisetilskot i staden for sjukepengar frå 17. dag etter du blei sjukmeld.

Kor mykje kan du få?

Som sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar har du rett til sjukepengar frå 17. sjukefråværsdag.

  • For deg som sjølvstendig næringsdrivande utgjer sjukepengane 75 prosent av sjukepengegrunnlaget. For sjukefråvær som starta før 1. oktober 2017, er dekningsgraden 65 prosent.
  • For deg som frilansar utgjer sjukepengane 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har ikkje rett til feriepengar.

Du kan forsikre deg for å få betre grunnlag for sjukepengar.

Når NAV skal betale sjukepengar, må det bli fastsett eit sjukepengegrunnlag. Det er den pensjonsgivande inntekta di som gir rett til sjukepengar, ikkje næringsinntekta. Sjukepengegrunnlaget skal som hovudregel svare til den pensjonsgivande årsinntekta som er rekna på grunnlag av gjennomsnittet av pensjonspoengtallene for dei siste 3 siste årene du har fått skatteoppgjer for, med mindre det har skjedd ei varig endring. Les meir i rundskriv til folketrygdlova § 8-35 andre og tredje ledd.

Viss du ønskjer at NAV reknar ut sjukepengegrunnlaget til ei nystarta sjølvstendig næringsdrivande, eller om arbeidssituasjonen eller verksemda er varig endra, kan følgjande dokument sendast til NAV:

  • Oversikt over innbetalt forskotsskatt
  • Likning som enda ikkje er utlagt.
  • Oppgåve frå rekneskapsfører eller revisor dersom den inneheld opplysningar om pensjonsgivande årsinntekt

Sjukepengegrunnlaget er avgrensa opp til 6 gonger grunnbeløpet (G).

NAV vil ofte ha behov for tilleggsopplysningar for å fastsette sjukepengegrunnlaget til sjølvstendig næringsdrivande.

Ved gradert (delvis) sjukmelding har du rett til sjukepengar for den delen du er sjuk. Sjukepengane kan bli gradert frå 100 prosent og ned til 20 prosent.

Sjukepengar når du har fleire arbeidsforhold

Er du sjukmeldt frå fleire arbeidsforhold, må du ha ei sjukmelding for kvar av arbeidsforholda. Sjukepengegrunnlaget blir rekna ut frå den samla inntekta din.

Mottar du fosterheimsgodtgjersle eller omsorgsstønad i kombinasjon med anna inntekt, blir det rekna som fleire arbeidsforhold.

Spesielt om frilansar i kombinasjon med arbeidstakar

Har du inntekt både som frilansar og som arbeidstakar, blir sjukepengane utbetalt etter reglane for arbeidstakarar. Frilansinntekta må utgjere minst 25 prosent av samla grunnlag for at sjukepengar blir utbetalt for den delen du er frilansar.

Kor lenge kan du ha rett til sjukepengar?

Du kan få sjukepengar i inntil 52 veker. Tidsavgrensinga er den same anten du er helt eller delvis sjukmeld. Det er eigne reglar for deg som er mellom 67 og 70 år.

For å få rett til sjukepengar frå NAV igjen, må du ha vore heilt arbeidsfør i 26 veker etter at du sist fekk sjukepengar frå NAV.

Er du fortsatt sjuk og ikkje kan vere i arbeid når sjukepengane tek slutt, kan du ha rett til andre ytingar som arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved å fylle ut «Eigenerklæring» på del D av sjukemeldinga. Du må i tillegg fylle ut skjema NAV 08-35.01 «Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og/eller frilansarar som skal ha sjukepengar». Du finn skjemaet under «Skjema og søknad».

Les om kor du skal sende sjukmeldinga.

Meld frå om endringar

Får du endringar i inntekt og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du difor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Etter at NAV har mottatt din søknad (utfylt del D av sjukmeldinga), samt Inntektsopplysningsskjema, behandlar NAV søknaden din.

Se saksbehandlingstider i NAV.

Viss saka blir innvilga, kan du lese om utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk for å sjå når du normalt har pengane på konto.

Du kan også sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsoversikt.