Reisetilskot

For å halde yrkesaktive personar helt eller delvis i arbeid, kan du i staden for sjukepengar få reisetilskott til dekning av nødvendige ekstra reiseutgifter til og frå arbeidsstaden. Du kan også få reisetilskott saman med graderte sjukepengar.

Kven kan få reisetilskott?

Du kan få reisetilskott dersom du er yrkesaktiv (arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, frilansar) og treng transport til/frå arbeidsstaden på grunn av helseplager. Du kan få reisetilskott i staden for sjukepengar.

  • Du kan tidlegast få reisetilskott frå og med 17. dag etter at du blei sjuk
  • Reisetilskottet er avgrensa til det beløpet du ville ha fått utbetalt i sjukepengar for det same tidsromet
  • Du må ha rett til sjukepengar for å kunne få reisetilskott

Så lenge transportbehovet er mellombels, er det inga avgrensing i talet på dagar du kan få reisetilskott for. Det er transportbehovet som må være mellombels, ikkje sjukdommen eller skaden. Ein varig sjukdom vil kunne gje grunnlag for reisetilskott dersom han i kortare periodar fører eit ekstra transportbehov.

Korleis søkjer du om å få reisetilskot?

Du søkjer om reisetilskot ved at sjukmeldaren din fyller ut punktet om reisetilskot på sjukmeldinga. Det må gå fram av sjukmeldinga kva periode det blir søkt om reisetilskot for. Sjukmeldaren skal grunngi at du ikkje kan reise på vanleg måte til og frå arbeidsstaden på grunn av sjukdom eller skade, og at du elles ville ha vore sjukmeld. NAV fattar vedtak på grunnlag av denne informasjonen.


Nokre arbeidsgivarar forskotterer reiseutgiftene. Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande, frilansar eller arbeidsgivaren din ikkje forskotterer utgiftene, må du sjølv leggje ut for reiseutgiftene. For å få utbetalt reisetilskot eller refusjon for arbeidsgivaren sine forskotterte reiseutgifter, må du sende ein søknad om refusjon til NAV.

Korleis søkjer du om refusjon?

For å få utbetalt reisetilskot må du søkje om refusjon. Dersom arbeidsgivaren din forskotterer reiseutgiftene, må han søkje refusjon. Søknadsskjema finn du under «Skjema og søknad». Du må kryssa av for kva vedlegg og kva dokumentasjon du legg ved søknaden. Du får òg opp eit førstesideark som du må skrive ut og leggje øvst i sendinga/brevet.

For at vi skal kunne behandla søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står skrive på førstesidearket.

For å kunne behandla søknaden om refusjon treng vi oppdaterte inntektsopplysningar:

  • Arbeidsgivaren må sende inn digital inntektsmelding
  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansare må sende inn inntektsskjemaet NAV 08-35.01«Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og/eller frilansare som skal ha sjukepengar»

Kva kan du få?

Ved berekninga må ordinære reiseutgifter til og frå arbeidsstaden trekkast frå. Ved bruk av eigen bil blir utgiftene dekte etter statens reiseregulativ, med frådrag for dei utgiftene du vanlegvis ville hatt til transport.

Når blir pengane utbetalte?

NAV utbetalar reisetilskottet når vi har motteke refusjonsskjemaet med originalkvitteringane på transportutgiftene.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie  for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.