Gradert sjukmelding

Formålet med gradert sjukmelding er å halde ved lag kontakten med arbeidsplassen og dra nytte av restarbeidsevna.

Kva er gradert sjukmelding

Gradert sjukmelding (delvis sjukmelding) er ein kombinasjon av arbeid og sjukepengar som blir nytta når arbeidstakaren er delvis arbeidsufør. Formålet med gradert sjukmelding er at den sjukmelde skal halde ved lag kontakten med arbeidsplassen og ta del i arbeidsrelatert aktivitet, under føresetnad av at det er medisinsk forsvarleg. Sjukepengane kan graderast ned til 20 prosent. Tidsrom med graderte sjukepengar blir rekna med i den totale lengda av sjukepengeperioden.

Forholdet mellom tilrettelegging på arbeidsplassen og gradert sjukmelding

Gradert sjukmelding er eit viktig verkemiddel i oppfølgingsarbeidet. Den praktiske gjennomføringa er avhengig av at arbeidsgivar legg til rette for delvis arbeid. Arbeidsgivaren og den sjukmelde må samarbeide om å finne fram til ei funksjonell og akseptabel arbeidsordning. Det er viktig at ein har eit mål og ein plan for oppfølginga og graderinga.

Dei fleste som er delvis sjukmelde, vil kunne utføre delar av dei vanlege arbeidsoppgåvene sine på redusert tid, eventuelt andre oppgåver som har ein verdi for bedrifta.

Det er også eit alternativ at arbeidstakaren bruker lengre tid på å utføre delar av dei vanlege arbeidsoppgåvene sine, til dømes å bruke heile dagen på å utføre 50 prosent av oppgåvene sine.

Dialogen mellom den sjukmelde, arbeidsgivaren og legen/sjukmeldaren er viktig for ein god bruk av gradert sjukmelding.