Arbeidsavklaringspengar (AAP)

Help

Arbeidsavklaringspengar skal sikre deg inntekt i periodar du på grunn av sjukdom eller skade har behov for bistand frå NAV for å komme i arbeid.

Skal du ha rett til AAP, må arbeidsevna di vere redusert med minst 50 prosent. Hjelpa frå NAV kan vere arbeidsretta tiltak, ytingar under medisinsk behandling eller anna oppfølging frå NAV.

Det må i hovudsak vere sjukdom, skade eller lyte som er årsaka til at du har redusert arbeidsevne. Det må vere ei viss utsikt til at du skal kunne betre arbeidsevna gjennom behandling, arbeidsretta tiltak eller oppfølging frå NAV. Målet er at du skal greie å skaffe eller halde på arbeid i løpet av perioden med AAP.

Det er ikkje eit krav at du får sjukepengar eller andre ytingar frå NAV, for at du skal kunne søkje på AAP.

Dersom du mottek sjukepengar og sjukepengeåret er i ferd med å gå ut, må du sjølv søkje om AAP dersom du framleis er sjuk. Du går ikkje automatisk over på AAP.

Dersom du tidlegare har fått AAP, kan du få AAP på nytt i inntil 6 månader dersom du blir sjuk igjen utan å ha tent opp ny rett til sjukepengar. Du må ha vore arbeidsfør og heilt eller delvis i jobb i 26 veker for å få nye sjukepengerettar.

Du må som hovudregel ha vore medlem i folketrygda i minst 3 år før du har rett på AAP. Har du vore heilt arbeidsfør, er det nok at du har vore medlem i minst eitt år før du søkjer. Det er mogleg å gjere unntak. Les meir om medlemskap i folketrygda.

Du må vere mellom 18 og 67 år. Dersom du er mellom 62 og 67 år når du søkjer, må du som hovudregel ha hatt ei pensjonsgivande inntekt på minst eitt grunnbeløp (G) før du fekk nedsett arbeidsevne. Det er mogleg å gjere unntak.

Som hovudregel må du bu og vere i Noreg for å ha rett på AAP. Leis meir om feriefråvær og utanlandsopphald under avsnittet «Meld frå om endringar» nedst på sida.

Aktivitetsplan

Du kan få AAP medan du gjennomfører aktivitetar for å kome i arbeid

  • medan du er under medisinsk behandling
  • medan du gjennomfører arbeidsretta tiltak
  • når du trappar opp arbeidsinnsatsen din etter sjukdom (arbeidsutprøving)
  • medan NAV følgjer deg opp etter at du har forsøkt behandling eller tiltak
  • medan du som student får medisinsk behandling for å kome tilbake til studiet, dersom du ikkje har rett til sjukestipend frå Lånekassa

Du og NAV skal i fellesskap lage ein aktivitetsplan som gjer greie for aktivitetane. Det er NAV som har ansvar for å lage planen saman med deg. Vi tek initiativ til møte og følgjer deg opp etter behov medan du gjennomfører aktivitetane. Planen skal vere tilpassa helsa og funksjonsevna di, og han skal endrast når det er nødvendig.

Dersom NAV sender deg planen vi er blitt einige om, i posten, er det viktig at du skriv under planen og returnerer han til NAV. Dersom du ikkje er einig i det som står der, må du med ein gong ta det opp med NAV-kontoret ditt. Les meir om aktivitetsplan.

Du kan også få AAP i venteperiodar

  • medan du og NAV lagar ein aktivitetsplan
  • medan du ventar på behandling eller eit arbeidsretta tiltak

Du kan også få arbeidsavklaringspengar i nokre andre periodar utan aktivitetsplan. Les meir om AAP i periodar utan aktivitetsplan.

Aktivitetsplikt

Det er eit vilkår for å få AAP at du bidrar aktivt i prosessen med å kome i arbeid. Med aktivitetsplikt meiner vi at

  • du må vere med og utarbeide ein aktivitetsplan
  • du må møte når NAV kallar deg inn til samtale
  • du må skaffe den informasjonen NAV ber om
  • du må gjennomføre aktivitetane i planen din

Du må varsle NAV dersom noko hindrar deg i å gjennomføre planen som avtalt. Dersom du ikkje gjennomfører avtalte aktivitetar, kan NAV redusere eller stanse AAP. Les meir om fråvær på grunn av sjukdom eller ferie.

Kva kan du få?

Fulle AAP utgjer 66 prosent av inntektsgrunnlaget ditt. Grunnlaget blir fastsett blant anna på bakgrunn av tidlegare inntekt og om du har barn.

Dagsatsen finn du ved å dele det årlege beløpet på 260. Kva du får betalt ut, avheng av skattetrekket ditt og det du fører opp av arbeid eller fråvær på meldekortet, som du sender inn kvar fjortande dag. Les meir om berekning av AAP.

Kor lenge kan du få AAP?

Du kan som hovudregel ikkje få AAP i meir enn 4 år. Kor lenge du får AAP, avheng av kva behov du har for å vere i arbeidsretta aktivitet. Stønadsperioden kjem derfor til å variere frå person til person. I særlege tilfelle kan stønadsperioden forlengjast utover fire år, etter at vi har vurdert kvar enkelt sak konkret.

Korleis søkjer du?

Først må du registrere deg på nav.no. Du kan også få hjelp til å registrere deg på NAV-kontoret ditt.

Søkje arbeidsavklaringspengar

Når du ønskjer arbeidsavklaringspengar, må NAV ha ein del informasjon frå deg som du må leggje ved søknaden. Følg rettleiinga som du får undervegs.

Når du søkjer om AAP, vil du få fleire dokument og vedtak frå NAV. Sjå oversikt over dei ulike vedtaka og dokumenta og kva du kan klage på.

Søknad om gjenopptak i same sak

Dersom der er mindre enn 52 veker sidan sist du fekk utbetalt AAP, og du ikkje har brukt opp den maksimale stønadsperioden på fire år, kan du søkje om gjenopptak av AAP dersom du blir sjuk på nytt. Du kan søkje gjenopptak både om du blir sjuk av same sjukdom, eller om du får ein ny sjukdom. Du kan tidlegast ta opp igjen AAP frå den dagen du søkjer.

Du må likevel søkje på nytt dersom

  • det har gått meir enn 52 veker sidan sist du fekk AAP
  • saka din var avslutta med endeleg opphøyr (sjå vedtak frå NAV)

Når må du søkje?

Du kan når som helst søkje om AAP dersom arbeidsevna di er blitt redusert med minst 50 prosent. Du kan tidlegast få betalt ut AAP frå og med den dagen du søkjer.

Dersom du har sjukepengar og framleis er sjuk når sjukepengeåret sluttar, kan AAP vere ei aktuell yting. Du må sjølv søkje om AAP. Les meir om overgangen frå sjukepengar til AAP.

Utbetaling og meldekort

For å få betalt ut AAP må du sende meldekort kvar fjortande dag. NAV bruker meldekortet til å følgje deg opp og til å rekne ut utbetalinga. Les meir om korleis du fyller ut meldekort når du har AAP.

AAP blir betalt ut på bakgrunn av det du gir opp på meldekortet. Er meldekortet rett fylt ut og sendt til rett tid, blir pengane betalte ut frå 2 til 3 dagar etter at meldekortet er registrert. Sender du meldekortet for seint, får du eit trekk i neste utbetaling som svarer til talet på dagar meldekortet kom for seint.

AAP blir skatta som arbeidsinntekt og er pensjonsgivande. Det er ikkje skattetrekk på to AAP-utbetalingar i juni og den første AAP-utbetalinga i desember.

Tilleggsstønader

Gjennomfører du eller blir du utgreidd med tanke på arbeidsretta tiltak, kan du også søkje om tilleggsstønader for å dekkje

  • bøker og undervisningsmateriell
  • daglege reiser
  • reiser til obligatoriske samlingar
  • utgifter til heimreiser
  • flytteutgifter
  • barnetilsyn
  • utgifter til pleie og tilsyn av familiemedlem
  • ekstrautgifter til bustad

Les meir om tilleggsstønader og korleis du søker. Dersom du søkjer for ein periode før 1. januar 2016 må du lese denne informasjonen.

Reisetilskot i staden for AAP

Dersom du i ein avgrensa periode ikkje kan reise til og frå arbeids- eller undervisningsstaden på grunn av sjukdom eller skade, kan du få dekt ekstrautgifter til reise i staden for AAP. Du må søkje om dette, og du må dokumentere det med legeerklæring som viser at du ikkje kan reise på vanleg måte på grunn av sjukdom eller skade, og at du elles ville ha vore sjukmeld.

Reisetilskotet skal dekkje nødvendige ekstrautgifter utover dei vanlege utgiftene du har til reise til og frå arbeids- og undervisningsstaden din.

Etablering av eiga verksemd

Du kan søkje om å få AAP i ein avgrensa periode medan du etablerer eiga verksemd: inntil seks månader i ein utviklingsfase og/eller tre månader i ein oppstartfase.

Det skal vere sannsynleg at etableringa fører til at du kan forsørgje deg sjølv, eventuelt i kombinasjon med uføretrygd. Du kan berre søkje dersom du har tenkt å starte ei ny verksemd.

Ta kontakt med NAV-kontoret ditt for å få meir informasjon om korleis du går fram. Du søkjer på eigne søknadsskjema, sjå under Skjema.

Meld frå om endringar

Dersom vilkåra for AAP ikkje lenger er oppfylte, mistar du retten til AAP, og vedtaket ditt blir stansa. Les om bortfall av AAP ved avbrot, institusjonsopphald eller anna.

Dersom det skjer endringar i inntekta di, familiesituasjonen og/eller jobbsituasjonen din, eller du planlegg å opphalde deg i utlandet, kan det få noko å seie for beløpet du får betalt ut frå NAV.

Meld frå til NAV så snart du kan, dersom du

  • får deg jobb, heiltid eller deltid
  • blir frisk, heilt eller delvis
  • avbryt tiltak eller behandling
  • skal ta ferie eller permisjon. Les meir om feriefråvær/utanlandsopphald og gå til søknadsskjema.
  • skal flytte til utlandet. Les meir om flytting til utlandet.
  • sit i varetekt, sonar straff eller er under forvaring
  • endrar adresse eller kontonummer.
    Du kan sjølv endre mellombels postadresse og kontonummer.
  • blir innlagd på sjukehus eller institusjon
  • skal reise eller flytte til utlandet
  • får pensjon frå ei anna pensjonsordning
  • får ansvar for fleire eller færre barn
  • får barnetillegg og barnet får eiga inntekt
  • har andre opplysningar som kan bety noko for retten til ytingar

Du har plikt til å halde NAV orientert om situasjonen din, både ved å sende inn meldekort og ved å melde frå når det skjer endringar. På den måten blir saka di behandla rett, og rett beløp blir betalt ut. Les meir om rettar og plikter for deg som får AAP.

Sjå også generell informasjon om plikt til å melde frå til NAV.