Arbeidsavklaringspengar (AAP)

Arbeidsavklaringspengar skal sikre deg inntekt i periodar du på grunn av sjukdom eller skade har behov for bistand frå NAV for å komme i arbeid.

Nye reglar for AAP fra 1. januar 2018

NB! Frå 1. januar 2018 blei regelverket for AAP endra. Les meir om endringane i regelverket på samlesida nav.no/aap2018.

Kven kan få AAP? 

For å ha rett til AAP må arbeidsevna di vere redusert med minst 50 prosent.

Hjelpa frå NAV kan bestå av arbeidsretta tiltak, ytingar under medisinsk behandling eller annan oppfølging.

Sjukdom, skade eller lyte må vere ein vesentleg medverkande årsak til at du har redusert arbeidsevne. Det må vere ein viss moglegheit for at arbeidsevna di kan bli betre gjennom behandling, arbeidsretta tiltak eller oppfølging frå NAV.

Målet er at du skal klare å finne deg arbeid, eller halde arbeidet ditt i løpet av perioden med AAP. Det er ikkje et krav at du mottar sjukepengar eller andre ytingar frå NAV for å kunne søkje om AAP.

Frå sjukepengar til AAP

Dersom du får sjukepengar og sjukepengeåret er i ferd med å gå ut, må du sjølv søkje om AAP viss du framleis er sjuk. Du går ikkje automatisk over på AAP. Les meir om overgangen frå sjukepengar til arbeidsavklaringspengar.

Om retten til sjukepengar

Dersom du tidligare har fått AAP, kan du få AAP på nytt i inntil seks månadar dersom du blir sjuk igjen utan å ha tent opp ny rett til sjukepengar. Dette gjeld dersom du kun har behov for arbeidsavklaringspengar i ein avgrensa periode før du igjen kan vere i jobb. Du må ha vore arbeidsfør og heilt eller delvis i jobb i 26 veker for å få nye sjukepengerettar.

Medlemskap i folketrygda

Du må som hovudregel ha vore medlem i folketrygda i minst tre år før du har rett på AAP. Det kan bli gjort unntak dersom du har vore medlem av folketrygda tidligare. Les meir om medlemskap i folketrygda.

Du må vere mellom 18 og 67 år for å få innvilga AAP. Viss du er mellom 62 og 67 år når du søkjer, må du som hovudregel ha hatt en pensjonsgivande inntekt som minst svarer til grunnbeløpet i folketrygda (G), året før du fekk redusert arbeidsevne. Det kan bli gjort unntak.

Som hovudregel må du bu og opphalde deg i Noreg for å ha rett på AAP. Les meir om feriefråvær og utanlandsopphald under avsnittet "Meld frå om endringar" nedst på sida.

Aktivitetsplikt

For å få AAP er det et vilkår at du bidrar aktivt i prosessen med å komme i arbeid. Dette blir kalla for aktivitetsplikt. Aktivitetsplikta inneberer at:

  • du er med på å utarbeide ein konkret plan for kva du skal gjere for å komme tilbake i arbeid
  • at du møter på avtalte møter med NAV
  • at du leverer nødvendig informasjon og dokumentasjon som NAV treng for å hjelpe deg
  • at du gjennomfører dei aktivitetane som du og NAV-rettleiaren din har avtalt i planen din. Du må gi beskjed til NAV dersom noko hindrar deg i å gjennomføre planen som avtalt.

Dersom du ikkje gjennomfører avtalte aktivitetar kan NAV redusere eller stanse AAP. Les meir om fråvær på grunn av sjukdom, sterke velferdsgrunnar eller ferie.

Aktivitetsplan

Du kan få arbeidsavklaringspengar (AAP) medan du gjennomfører følgjande aktivitetar for å komme i arbeid: 

  • medisinsk behandling
  • arbeidsretta tiltak
  • opptrapping av arbeidsinnsatsen din etter sjukdom (arbeidsutprøving)
  • oppfølging frå NAV etter at du har forsøkt behandling eller tiltak

Du kan også få AAP i venteperiodar

  • mens du og NAV lagar en aktivitetsplan
  • mens du venter på behandling eller eit arbeidsretta tiltak

Du kan også få AAP i enkelte andre periodar utan aktivitetsplan. Les meir om AAP i Arbeidsavklaringspengar (AAP) i overgangsperiodar.  

Din digitale aktivitetsplan: Du og NAV-rettleiaren din lagar ein aktivitetsplan saman. Aktivitetane skal bli skrive inn i ein digital aktivitetsplan på Ditt NAV.

Både du og rettleiaren din kan legge inn forslag til aktivitetar i planen din. Du kan også ha digital dialog med rettleiaren din om aktivitetane dine. Dialogen skal handle om den arbeidsretta oppfølginga frå NAV.

Har du spørsmål om utbetalingar og ytingar, får du ikkje svaret på det i aktivitetsplanen. Dette finn du på Ditt NAV. Dersom du ikkje svara der, kan du kontakte NAV på telefon 55 55 33 33.

Oppfølginga skjer i hovudsak i aktivitetsplanen, men NAV tar initiativ til eit møte om det skulle vere behov for det. Planen er lett å endre, så skulle helsa og funksjonsevna di endre seg, kan du enkelt tilpasse planen.

Dersom NAV foreslår aktivitetar i aktivitetsplanen som du skal gjere, må du gi rask tilbakemelding om at du har sett forslaget og er einig. Du kan også starte ein dialog eller svare på ei melding frå rettleiaren via aktivitetsplanen. Dersom du er ueinig i forslaget, må du straks seie frå ved å starte ein dialog. Les meir om aktivitetsplan

Gå til aktivitetsplanen din på Ditt NAV.

Kva kan du få?

Full utbetaling av arbeidsavklaringspengar utgjer 66 prosent av inntektsgrunnlaget ditt det siste året før du blei sjuk, eller gjennomsnittet av dei tre siste åra før du blei sjuk. Du vil få det som gir den beste utrekninga i din situasjon.  

Grunnlaget for kor mykje du får i arbeidsavklaringspengar blir blant anna rekna ut på bakgrunn av di tidligare inntekt, og om du har barn.

Det er eit maksbeløp for kva du kan få i AAP, som svarer til 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Årsinntekt over 6 gonger gjennomsnittet av grunnbeløpet i folketrygda (6G), tas difor ikkje med i utrekninga av AAP.

Les meir grunnbeløpet i folketrygda.

Utrekning av AAP

Kva dagsats du vil få med AAP, finn du ved å dele det årlege beløpet på 260. Kva du får utbetalt, avhenger av skattetrekket ditt, og kva du fører opp av arbeid eller fråvær på meldekortet ditt. Meldekortet sender du inn med oppdatert informasjon kvar 14. dag.

Les meir om utrekning av AAP.

Dersom du arbeider inntil 60 prosent eller mindre, vil du få utbetalt reduserte arbeidsavklaringspengar.

Dersom du arbeider meir enn 60 prosent i løpet av en meldekortperiode, vil AAP, inkludert barnetillegg, falle helt bort for den aktuelle meldekort-perioden. Kvar meldeperiode er på 14 dagar.

Dersom du er nær målet om å komme tilbake i fullt arbeid, kan du etter avtale med NAV jobbe inntil 80 % før arbeidsavklaringspengane fell heilt bort. Dette kan du gjere i inntil eitt år.

Kor lenge kan du få AAP?

Du kan som hovudregel ikkje få AAP i meir enn 3 år.

Kor lenge du får AAP avhenger likevel av kor lang tid du må vere i arbeidsretta aktivitet, eller gjennomføre medisinsk behandling, før du kan vere i jobb. Stønadsperioden vil difor variere frå person til person.

Stønadsperioden kan forlenga utover tre år, dersom du:

  • på grunn av sjukdom/skade først kunne begynne i tiltak/behandling etter langvarig utgreiing
  • på grunn av sjukdom/skade ikkje kunne kombinere behandling og tiltak
  • du kan også få AAP i inntil to år for å fullføre et innvilga opplæringstiltak

Stønadsperioden kan maksimalt forlenga for 2 år.

Korleis søkjer du?

Før du søkjer må du registrere deg på nav.no. Du kan også få hjelp til å registrere deg på NAV-kontoret ditt.

Søk om arbeidsavklaringspengar

Når du søkjer arbeidsavklaringspengar må NAV ha ein del informasjon frå deg som du må legge ved søknaden. Følg rettleiinga du får undervegs.

Når du søkjer om AAP, vil du få fleire dokument og vedtak frå NAV. Sjå oversikt over dei forskjellige vedtaka og dokumenta og kva du kan klage på.

Søknad om gjenopptak i same sak

Dersom det er mindre enn 52 veker sidan sist du fikk utbetalt AAP, og du ikkje har brukt opp den maksimale stønadsperioden på 3 år, kan du søkje om gjenopptak av AAP viss du blir sjuk på nytt. Du kan søkje gjenopptak både om du blir sjuk av same sjukdom eller om du får en ny sjukdom. Du kan tidligast gjenoppta AAP frå den dagen du søker.

Du må likevel søkje på nytt hvis

  • det har gått meir enn 52 veker sidan sist du fikk AAP
  • saka di var avslutta (sjå vedtak frå NAV)

Når må du søkje?

Du kan når som helst søkje om AAP dersom arbeidsevna di er blitt redusert med minst 50 prosent. Du kan tidligast få utbetalt AAP frå og med den dagen du søkjer.

Dersom du har sjukepengar og framleis er sjuk ved slutten av sjukepengeåret, kan AAP vere ei aktuell yting. Du må sjølv søkje om AAP, les meir om overgangen frå sjukepengar til AAP.

Utbetaling og meldekort

For å få utbetalt AAP må du sende meldekort kvar 14. dag. NAV brukar meldekortet til å følgje deg opp, og til å rekne ut utbetalinga. Les meir om korleis du fyller ut meldekort når du har AAP.

AAP blir rekna ut og utbetalt på bakgrunn av de opplysningane du gir på meldekortet.

Er meldekortet riktig utfylt og sendt til rett tid, vil utbetalinga skje 2-3 dagar etter at meldekortet er registrert.

Det er viktig å sende meldekortet inn i tide. Dersom du sender meldekortet for seint, vil du få trekk i neste utbetaling tilsvarande det talet på dagar meldekortet kom for seint.

Det blir trekt skatt av AAP som arbeidsinntekt, og AAP er pensjonsgivande inntekt. Sjå meir om utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Tilleggsstønader

Gjennomfører du, eller blir ugreia med tanke på arbeidsretta tiltak, kan du også søkje om tilleggsstønader til dekking av

  • læremidlar
  • daglege reiseutgifter
  • reiser til obligatoriske samlingar
  • utgifter til heimreiser
  • flytteutgifter
  • barnetilsyn
  • ekstrautgifter til bustad
  • utgifter til pleie og tilsyn av familiemedlemmer

Les meir om tilleggsstønader og korleis du søkjer.

Reisetilskot

Dersom du i ein avgrensa periode ikkje kan reise til og frå arbeids- eller undervisningsstad på grunn av sjukdom eller skade, kan du får dekt ekstrautgifter til reise i staden for AAP. Du må søkje om dette og dokumentere det med legeerklæring som viser at du ikkje kan reise på vanlig måte på grunn av sjukdom eller skade, og at du elles ville vore sjukmeld.

Reisetilskotet skal dekke nødvendige ekstrautgifter utover dei vanlege utgiftene du har til reise til og frå arbeids- og undervisningsstaden din.  

Etablering av eiga verksemd

Du kan søkje om å få halde AAP i ein avgrensa periode mens du etablerer eiga verksemd. Du kan få AAP i inntil 6 månadar mens du er i ein utviklingsfase og/eller 3 månadar mens du er i en oppstartingsfase. 

Det er eit krav at etableringa med sannsyn fører til at du kan forsørgje deg sjølv, eventuelt i kombinasjon med uføretrygd. Du kan berre søkje dersom du har tenkt  å starte ei ny verksemd. 

Ta kontakt med NAV for meir informasjon om korleis du går fram. Du søkjer på eige søknadsskjema, sjå under Skjema.  

Meld frå om endringar

Dersom vilkåra for AAP ikkje lenger er oppfylt, mister du retten til ytinga, og vedtaket ditt vil bli stansa. Les om bortfall av AAP ved avbrot, institusjonsopphald eller anna.

Viss det skjer endringar i inntekta di, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller du planlegg opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV.

Viss du er statsborgar i Noreg og planlegg opphald i andre EU/EØS-land, treng du ikkje å melda frå om dette dersom opphaldet ikkje medfører endringar i aktivitetane du har avtalt med NAV.

Meld frå til NAV så snart du kan dersom du

  • får deg jobb, heiltid eller deltid
  • får ytingar frå arbeidsgivar
  • blir frisk, heilt eller delvis
  • avbryt tiltak eller behandling
  • skal ta ferie eller permisjon. Les meir om feriefråvær/utanlandsopphald og gå til søknadsskjema.
  • skal flytte til utlandet. Les meir om flytting til utlandet.
  • sit i varetekt, soner straff eller er under forvaring
  • endrar adresse eller kontonummer,
    du kan sjølv endre midlertidig postadresse og kontonummer  
  • blir innlagd på sjukehus eller institusjon
  • skal reise eller flytte til utlandet
  • får pensjon frå ein annan pensjonsordning
  • får ansvar for fleire eller færre barn
  • får barnetillegg og barnet får eiga inntekt
  • har andre opplysningar som kan bety noko for retten til ytingar

Du har plikt til å halde NAV orientert om situasjonen din, både ved å sende inn meldekort og ved å melde frå når det skjer endringar. På den måten blir saka di riktig behandla, og riktig beløp blir utbetalt.

Chat med oss

Vi kan svara deg på generelle spørsmål om arbeidsavklaringspengar. Chat med oss om arbeidsavklaringspengar.