Avtale om tilrettelegging og oppfølging for arbeidssøkjarar og arbeidsgivarar

Denne avtalen skal medverke til at personar som treng hjelp frå NAV, skal få eller behalde ein jobb, samtidig som avtalen støttar arbeidsgivarar som inkluderer deg som har nedsett arbeidsevne. Det er arbeidsgivaren, arbeidssøkjaren og NAV som inngår avtalen.

Avtale om tilrettelegging og oppfølging skal sikre deg og arbeidsgivaren regelfast oppfølging, ein fast kontaktperson i NAV, rask saksbehandling, samordna hjelp frå NAV, og tryggleik for at NAV sørgjer for nødvendige hjelpemiddel, tilrettelegging og oppfølging fram mot og i jobb. Det er arbeidsgivaren, arbeidssøkjaren og NAV som inngår avtalen.

Kven kan få tilretteleggings- og oppfølgingsavtale?

Avtalen har to hovudmålgrupper:

  • Den prioriterte målgruppa er unge arbeidssøkjarar under 30 år som treng hjelp frå NAV for å kome i arbeid på grunn av nedsett arbeidsevne. NAV avgjer når ein tilretteleggings- og oppfølgingsavtalen skal brukast. Når det er formålstenleg, kan ein slik avtale også brukast for andre arbeidssøkjarar.
  • Arbeidsgivarar (verksemder) som tilset personar som er i målgruppa, eller som tek dei inn i arbeidsmarknadstiltak.

Kva kan ein avtale innehalde?

NAV skal i samarbeid med deg og ein eventuell arbeidsgivar vurdere kva slags oppfølging og tiltak som er nødvendig for at du skal kome i arbeid og behalde arbeidet. Dette blir skrive ned i ein avtale som alle partar skriv under. NAV forpliktar seg til å gi støtte i form av oppfølging, tilskot eller hjelpemiddel innan avtalte fristar.

Avtalen blir utforma i tråd med behova dine og behova på arbeidsplassen. Han skal alltid innehalde namnet på ein fast kontaktperson i NAV som skal sørgje for å koordinere bistanden frå NAV i tillegg til den avtalte oppfølginga.

Kontaktpersonen har regelmessig kontakt med deg og arbeidsgivaren, er lett tilgjengeleg og svarer raskt på eventuelle spørsmål.

Alle verkemidla som NAV kan hjelpe til med i samband med arbeid i ordinær bedrift, er aktuelle for tilretteleggings- og oppfølgingsavtalen. Døme på dette er:

  • å finne eigna arbeids- og tiltaksplassar og gi hjelp i kontakt med arbeidsgivarar
  • å følgje opp og gi støtte i arbeidsforholdet, både opp mot arbeidsgivaren og kollegaene
  • å greie ut behova for å leggje til rette arbeidsplassen
  • å setje i verk arbeidsmarknadstiltak som NAV finn nødvendige og formålstenlege – som arbeidstrening og lønnstilskot, hjelpemiddel og rettleiing om tilrettelegging

Sjå eksempel på ein tilretteleggings- og oppfølgingsavtale under Relatert informasjon.

Kor lenge varer avtalen?

Tilretteleggings- og oppfølgingsavtalen varer så lenge NAV meiner det er nødvendig og formålstenleg.

Korleis får du ein avtale om tilrettelegging og oppfølging?

Du og/eller arbeidsgivaren kontaktar NAV-kontoret om ein slik avtale. NAV Hjelpemiddelsentral og NAV Arbeidslivssenter kan også informere om avtalen.

Arbeidsgivarar som kan tenkje seg, eller som vurderer å ta inn ein person med tilretteleggings- og oppfølgingsavtale i arbeid eller arbeidsmarknadstiltak, kan få nærare informasjon og hjelp av det lokale NAV-kontoret. IA-bedrifter kan også ta det opp med IA-rådgivaren sin ved NAV Arbeidslivssenter.