Opplæring

Opplæring er tiltak for deg som treng kvalifisering for å kunne få eller behalde arbeid. Formålet er at du skal bli kvalifisert for ledige jobbar. Du kan få opplæring enten gjennom arbeidsmarknadskurs eller ordinær utdanning.

Kven kan få opplæring?

Opplæring kan vera for deg som:

  • søkjer arbeid, men har problem med å kom inn på arbeidsmarknaden på grunn av manglande kvalifikasjonar.
  • står i fare for å miste arbeidet på grunn av manglande kvalifikasjonar.
  • har fått ei vurdering av behovet ditt for hjelp frå NAV for å koma i arbeid, og opplæring er vurdert som eit aktuelt tiltak.

Kva inneheld opplæringa?

Arbeidsmarknadskurs (AMO-kurs) er korte yrkesretta kurs som arrangerast i regi av NAV. Du må vera 19 år for å kunne delta på arbeidsmarknadskurs. Kursane vil ofte innehalde ein kombinasjon av praktisk og teoretisk opplæring, og kan omfatte arbeidspraksis i ei ordinær verksemd.

Kva slag arbeidsmarknadskurs som NAV tilbyr vil variere etter behova i arbeidsmarknaden lokalt. Du kan få opplysningar om aktuelle kurs i regionen ved å vende deg til NAV-kontoret der du bur.

I enkelte tilfelle kan NAV gi støtte til ordinær utdanning for personer med nedsett arbeidsevne. For å få opplæring i form av ordinær utdanning må du vera over 26 år.

Varigheit

Arbeidsmarknadskurs kan vare i inntil ti månader.

Varigheita kan forlengjast inntil 6 månader om du:

  • Har store vanskar med å koma inn på arbeidsmarknaden
  • ikkje har fullført vidaregåande opplæring
  • Deltek i opplæring på arbeidsplass i samarbeid med kommunen eller fylkeskommunen

Ordinær utdanning kan vare inntil tre år.

Innanfor desse grensene skal opplæringa eller utdanninga bli tilpassa behova og sjansane dine på arbeidsmarknaden.

Nyttig å vite

Om du får stønad til livsopphald - for eksempel dagpengar eller arbeidsavklaringspengar, beheld du ytinga mens du deltek på tiltaket. Viss du ikkje får slik stønad, kan du ha rett til tiltakspengar.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bor.