Kronisk sjuk arbeidstakar

Language

Om ein arbeidstakar har ein langvarig eller kronisk sjukdom som medfører risiko for særleg stort sjukefråvær, kan arbeidstakaren eller arbeidsgivaren søkje NAV for å få dekt sjukepengane i arbeidsgivarperioden.

Kven kan få?

Arbeidstakarar med kronisk eller langvarig sjukdom som medfører risiko for særleg stort sjukefråvær eller ein sjukdom som medfører auka risiko for hyppige fråvær i ein viss periode, kan søkje om at NAV dekkjer sjukepengar i arbeidsgivarperioden.

Både arbeidsgivaren og arbeidstakaren kan søkje om unntak frå arbeidsgivarperioden. Er du arbeidsgivar, tilrår vi at du søkjer i samarbeid med arbeidstakaren.

Korleis søkjer du?

Du finn søknadsskjema under ”Skjema” i høyremenyen. Når du har valt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må legge ved søknaden. Du får også opp eit framsideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i framsidearket. Legg framsidearket øvst i sendinga/brevet.

Korleis søkjer arbeidsgivaren om refusjon?

Dersom NAV innvilgar søknaden kan arbeidsgivaren krevje å få sjukepengane refunderte for alle sjukdomsfråvær uansett diagnose.

Arbeidsgivar skal ikkje vente med å sende inn krav om refusjon til søknaden om fritak er ferdigbehandla, men fortløpande sende inn krav for å unngå at fråværsperioden bli forelda.

Du finn søknadsskjema under ”Skjema” i høgremenyen. Når du har valt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må legge ved søknaden. Du får også opp eit framsideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i framsidearket. Legg framsidearket øvst i sendinga/brevet.

Feriepengar

Arbeidsgivar får feriepengar av utbetalte sjukepengar i arbeidsgivarperioden refundert innan utgangen av mai året etter oppteningsåret.

Meld frå om endringar

Viss du får endringar i forhold som kan ha noko å seia  for ytinga du får utbetalt frå NAV, må du straks melde frå til NAV.