Førebyggings- og tilretteleggingstilskot for IA-verksemder og BHT-honorar

Førebyggings- og tilretteleggingstilskot skal stimulere arbeidsgivarar til førebyggande tiltak og tiltak for å legge til rette, slik at tilsette i IA-verksemder kan vere i arbeid til tross for helseproblem.

Kva er førebyggings- og tilretteleggingstilskot?

Når hensiktsmessig og nødvendig førebygging eller tilrettelegging for éin eller fleire arbeidstakarar fører til meirutgifter eller meirinnsats, kan IA-verksemder søke om førebyggings- og tilretteleggingstilskot. Ordninga gjeld berre tilsette i IA-verksemder. NAV kan gi tilskot til blant anna:

  • opplæring i nye arbeidsoppgåver, tilrettelegging, kurs, kortare opplæringstiltak eller arbeidstrening
  • transport til og frå arbeidsplassen når tilrettelagt arbeid berre er mogleg på ein annan arbeidsplass innanfor verksemda enn der arbeidstakar arbeider til dagleg
  • dekning av meirutgifter til ekstrapersonell når arbeidstakar må avlastast eller endre oppgåver utan å vere sjukmeldt eller ved sidan av gradert sjukmelding
  • kjøp eller leie av gjenstandar, arbeidshjelpemiddel eller anna fysisk utstyr som ikkje blir dekt etter folketrygdloven § 10-5 jf. § 10-7

Bistand frå godkjent bedriftshelseteneste (BHT-honorar) til 

  • tidleg avklaring, oppfølging eller tilrettelegging for arbeidstakarar som står i fare for å bli eller allereie er blitt sjukmeldt 
  • kartlegging av risikofaktorar, behov for førebyggande tiltak
  • opplæring av tilsette, leiarar og tillitsvalte i førebyggande sjukefråværsarbeid
  • arbeidsplassvurdering av kvalifiserte fysioterapeutar/ergoterapeutar i IA-verksemder som ikkje har bedriftshelseteneste

NAV gir ikkje tilskot til behandling, eller andre tiltak som naturlig fell inn under arbeidstakar sitt ansvar for eiga helse, lovpålagde HMS-kurs eller generelle velferdstiltak.

Kven kan få førebyggings- og tilretteleggingstilskot for IA-verksemder?

Arbeidsgivar kan få førebyggings- og tilretteleggingstilskot til tiltak for arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukmeldt eller som er sjukmeldt og får sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar. Vidare så kan arbeidsgivar få tilskot til sjukefråværsførebyggande gruppetiltak.

Kor lenge kan du få tilskot?

NAV kan som hovudregel gi tilskot for tiltak som varer i inntil 12 veker. Dersom evaluering og ny søknad viser at det er nødvendig og hensiktsmessig med fortsatt tilrettelegging, kan NAV fatte vedtak om en ny periode på inntil 12 veker. Dersom det er særlige grunnar til det, kan tilskotsperioden bli utvida med ytterligare 12 veker for individuelle tiltak i maksimalt til saman 36 veker.

NAV kan gi tilskot til tiltak for grupper av arbeidstakarar med same behov for tilrettelegging for en tidsavgrensa periode på inntil 12 veker. Dersom det framleis er nødvendig og hensiktsmessig med tilrettelegging, kan NAV gi tilskot til ein ny periode på inntil 12 veker.

Kva kan du få?

Se oversikt over satsar.

Korleis søkjer du?

Arbeidsgivar må sende søknad til NAV før det planlagde tiltaket eller innkjøpet blir gjennomført. Det kan tidligast bli gidd tilsegn frå dato for to verkedagar før NAV får søknaden, men ikkje lenger tilbake enn den dato søknaden er underskrevet av partane. NAV utbetaler tilskot på etterskot.

Du finn søknadsskjema under ”Skjema og søknad”. Når du har valt riktig skjema, kjem du til skjemarettleiar. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva dokumentasjon du må legge ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i brevet.

Arbeidsgivar må dokumentere at tiltaket vil føre til en meirinnsats eller meirutgift minst tilsvarande tilskotssatsane og beskriv korleis tiltaket er planlagt og evaluert. Søknaden må difor beskrive innhaldet i tiltaket og omfanget av meirinnsatsen eller meirutgiftene. Dersom det finst ein oppfølgingsplan kan den bli lagt ved og vist til i søknaden.

Søknad om tilskot/honorar til individuelle tiltak skal derfor vere underskrevet av arbeidsgivar ved leiar eller einingsleiar og arbeidstakar, slik at det kjem fram at partane er samde i tiltaket som det blir søkt støtte til. 

I dei tilfella der arbeidstakar ikkje har høve til å signere på grunn av fysisk avstand til arbeidsstad eller av andre årsaker, men har vore i dialog om tiltaket med arbeidsgivar, kan stadfesting i form av e-post, SMS og liknande vedlegg søknaden. Det må kome fram av vedlegget at partane er einige om planlagt tiltak, og det må vere mogleg å identifisere avsendar.

Sensitive opplysningar om arbeidstakar skal ikkje vere med i vedlegget.

Søknad om tilskot til gruppetiltak skal vere underskrive av arbeidsgivar ved leiar/einingsleiar og tilsettrepresentant, slik at det kjem fram at IA-avtalens parter er einige om det planlagde tiltaket.