Avklaring

Avklaring er retta mot deg som er usikker på kva du kan jobbe med, til dømes fordi du har fått dårlegare helse eller har vore lenge ute av arbeidslivet.

Kva inneheld avklaring?

Avklaring er eit tiltak både for deg med og for deg utan eit arbeidsforhold. Tiltaket kan også vere aktuelt dersom du er sjukmeld og ønskjer å kome tilbake i arbeid.

Avklaring vil seie at du, og eventuelt arbeidsgivaren din, kan få ekstra hjelp til å kartleggje eller prøve ut arbeidsevna di.

Det kan vere aktuelt å kartleggje eller vurdere

  • om du kan utføre jobben dersom arbeidssituasjonen og arbeidsoppgåvene blir tilpassa
  • kva slags hjelp eller tilrettelegging som skal til for at du kan ta del i arbeidslivet
  • kompetansen din og kva som er mogleg for deg

I tillegg kan du få

  • informasjon og auka kunnskap om arbeidsmarknad, yrke og jobbkrav
  • rettleiing for val av yrkesmål og arbeidsoppgåver
  • arbeidsutprøving på ein ny eller ein annen arbeidsplass

Når du har eit arbeidsforhold

Dersom du allereie er i eit arbeidsforhold, til dømes dersom du er sjukmeld, kan avklaringa skje der du arbeider. Då kartlegg vi korleis det er mogleg for verksemda å tilpasse arbeidsplassen og arbeidsmiljøet for deg. Avklaringa kan også skje på ein annan arbeidsplass eller hos tiltaksarrangør.

Ei avklaring kan berre gjennomførast dersom andre bedriftsinterne tiltak ikkje fungerer eller kan gjennomførast. Før tiltaka startar, må NAV få ein oppfølgingsplan der arbeidsgivaren din dokumenterer at bedriftsinterne tiltak er prøvde eller vurderte, men ikkje er råd å gjennomføre. 

Når du ikkje har eit arbeidsforhold

Dersom du ikkje har eit arbeidsforhold, skjer avklaringa hos tiltaksarrangør eller på ein ordinær arbeidsplass med hjelp frå ein tiltaksarrangør. Du får rettleiing og hjelp til å kartleggje korleis det er mogleg for deg å få eit arbeid som passar for deg.

Kor lenge varer avklaringa?

Avklaringa varer som hovudregel i inntil fire veker. Dersom det trengst, kan avklaringa forlengjast med inntil åtte veker. NAV skal evaluere eller vurdere avklaringa etter kvar periode på fire veker.

Nyttig å vite

Dersom du får ein stønad til livsopphald, til dømes sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar, beheld du ytinga medan du tek del på tiltaket. Dersom du ikkje får slik stønad, kan du ha rett til tiltakspengar.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur. Det er NAV som saman med deg vurderer om du har behov for tiltaket, og det er NAV som gjer den endelege vurderinga og viser deltakarane vidare.

Dersom du er sjukmeld, skal behandlaren som sjukmelde deg, vere informert om at du er vist vidare.