Arbeidsretta rehabilitering

Arbeidsretta rehabilitering er eit tiltak som skal styrkje arbeidsevna di. Gjennom arbeidsretta rehabilitering kan du få hjelp til å meistre helserelaterte og sosiale problem som hindrar deg i å delta i arbeidslivet.

Tiltaket blir tilpassa behovet ditt ut frå sjansane dine på arbeidsmarknaden, og kan mellom anna innehalde:

  • motivasjons- og mestringsaktiviteter
  • individuelt treningsopplegg med rettleiing
  • arbeidsutprøving i trygge omgivnader
  • kontakt med arbeidslivet
  • livsstilsrettleiing

Kven kan delta?

Tiltaket kan vera aktuelt for deg som er sjukmeld og/eller har fått arbeidsevna di nedsett slik at det hindrar deg i å skaffe deg eller behalde inntektsgivande arbeid. Det er NAV som saman med deg vurderer om du har behov for tiltaket.

Når du har eit arbeidsforhold

Viss du allereie er i eit arbeidsforhold - for eksempel viss du er sjukmeld, skal rehabiliteringa skje i tilknyting til jobben din. Om det viser at det ikkje er aktuelt med tilbakeføring til det noverande arbeidsforholdet, må rehabiliteringa skje med sikte på overgang til anna arbeid. Før du startar i tiltaket, må NAV ha fått en oppfølgingsplan, der arbeidsgivaren din dokumenterer at bedriftsinterne tiltak er forsøkt eller vurdert, men at det ikkje er mogleg å gjennomføre.

Når du ikkje har noko arbeidsforhold

Viss du ikkje har noko arbeidsforhold, vil arbeidsretta rehabilitering skje hos ein tiltaksarrangør eller på ein ordinær arbeidsplass med hjelp frå ein tiltaksarrangør. Du vil få rettleiing og hjelp til å kartleggje kva sjansar du har til å skaffe eit arbeid som passar for deg.

Varigheit

Varigheita på det dagbaserte tilbodet skal tilpassast behova dine innanfor maksimalt 12 veker.

Nyttig å vite

Viss du får ein stønad til livsopphald - for eksempel sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar, beheld du ytinga di mens du deltek på tiltaket. Viss du ikkje får ei av desse ytingane, kan du ha rett til stønad ved tiltak, som mellom anna skal dekkje dei daglege utgiftene dine mens du deltek på tiltaket.

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur. Det er NAV som gjer den endelege vurderinga og tilviser deltakarar. Viss du er sjukmeld, skal behandlaren som sjukmelde deg vera informert om tilvisinga.