Arbeidstrening

Arbeidstrening kan vere aktuelt for deg som treng arbeidserfaring for å meistre ein bestemt type jobb, eller som treng ein referanse medan du søkjer ordinært arbeid. I tiltaket får du prøvd deg i ein ordinær jobb i ein kort periode.

Kva inneheld arbeidstrening?

Arbeidstrening vil seie at du får opplæring i å utføre vanlege arbeidsoppgåver i ein avgrensa periode. Arbeidstreninga er på ein ordinær arbeidsplass, men arbeidsoppgåvene er lagde til rette etter dei behova du har, og du får oppfølging frå NAV. Målet er at du skal få prøve ut kva som kan vere mogleg for deg på arbeidsmarknaden.

Det skal setjast opp ein avtale mellom deg som tiltaksdeltakar, arbeidsgivaren og NAV. Avtalen skal avklare målet med arbeidstreninga, kva arbeidstreninga inneber, og ha ein plan for opplæringa.

Dersom det er tenleg, kan de i tillegg inngå ein tilretteleggings- og oppfølgingsavtale. Då får du ein fast kontaktperson både i NAV og på arbeidsplassen.

Når du er i arbeidstrening, er du ikkje ordinært tilsett i verksemda.

Kven kan delta?

Arbeidstrening er eit tilbod til deg som har lita eller mangelfull arbeidserfaring, eller for deg som har fått nedsett arbeidsevne, og som treng arbeidsretta hjelp for å kome i arbeid.

Kor lenge varer tiltaket?

Lengda på tiltaket skal tilpassast dei behova du har ut frå kva som er mogleg for deg på arbeidsmarknaden. Du kan vere deltakar på tiltaket i inntil eitt år. For personar med nedsett arbeidsevne kan tiltaket forlengjast i endå seks månader.

Nyttig å vite

Dersom du får ein stønad til livsopphald – til dømes sjukepengar, dagpengar eller arbeidsavklaringspengar, beheld du ytinga medan du tek del på tiltaket. Dersom ikkje kan du ha rett til tiltakspengar frå NAV i perioden du er i arbeidstrening.

NAV kan gi inkluderingstilskot til ordinære arbeidsgivarar som har dokumenterte meirutgifter til tilrettelegging av ein arbeidsplass eller tiltaksplass.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur. Du og NAV-rettleiaren vurderer i fellesskap om arbeidstrening er noko for deg. Du må i samarbeid med den aktuelle arbeidsgivaren fylle ut skjemaa. Det er viktig at du ikkje tek til i tiltaket før NAV har godkjent tiltaksplassen.