Arbeidsplassvurdering

NAV kan dekkje utgiftene når ein fysioterapeut eller ergoterapeut vurderer behovet for tilrettelegging på arbeidsplassen.
Du kan få ei arbeidsplassvurdering viss du er tilsett i ei bedrift utan bedriftshelseteneste, og er sjukmeld eller står i fare for å bli sjukmeld.

Kva inneheld arbeidsplassvurdering?

Målet med arbeidsplassvurdering er å nytte kvalifisert personell til å førebygge sjukmelding eller redusere sjukefråvær. Ei arbeidsplassvurdering inneheld ei funksjonsundersøking av deg som treng vurderinga, og eit besøk på arbeidsplassen for å vurdere mogleg tilrettelegging. Målet med tilrettelegginga er at du kan ta opp arbeidet heilt eller delvis, eller førebygge sjukefråvær. Fysioterapeut eller ergoterapeut med godkjend kompetanse gjer funksjonsundersøkinga og arbeidsplassbesøket, og skriv ein rapport. Arbeidsgivaren bør vera tilgjengeleg under arbeidsplassbesøket. Etter arbeidsplassvurderinga vil arbeidsgivaren få tilbakemelding slik at bedrifta kan følgje opp forslaga og tilrådingane. Sjukmeldar skal bli informert om arbeidsplassvurderinga ved kopi av rapporten.

Kven kan søke?

Arbeidsplassvurdering er eit tilbod deg som får sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar eller som står i fare for å bli sjukmeld. Ordninga gjeld ikkje tilsette i verksemder som har eiga bedriftshelseteneste, eller er knytt til fellesordning.

Varigheit

NAV utbetalar honorar for inntil fire timar.

Korleis søkjer du?

Du, arbeidsgivaren, sjukmeldaren eller NAV kan ta initiativ til arbeidsplassvurdering.

Viss du er tilsett i ei IA-verksemd, kan arbeidsgivaren søkje om førebyggings- og tilretteleggingstilskot for IA-verksemder til arbeidsplassvurdering. Arbeidsgivaren kan kontakte ein fysioterapeut eller ergoterapeut som oppfyller kompetansekravet om å kunne tilby arbeidsplassvurdering.

Du finn godkjende fysioterapeuter som er medlem av Norsk Fysioterapeutforbund på fysio.no. Du kan òg kontakte godkjende fysioterapeuter som ikkje er medlem av forbundet. Ergoterapeuter finn du på ergoterapeutene.org.

Etter oppdraget er gjennomført kan arbeidsgivaren sende utfylt blankett NAV 08-07.14, Refusjonskrav med evaluering – forebyggings- og tilretteleggingstilskudd for IA-virksomheter – til NAV.

Viss du ikkje er tilsett i ei IA-verksemd er det NAV-kontoret som rekvirerer arbeidsplassvurderinga etter avtale med deg og arbeidsgivaren. Deretter avtaler du direkte med fysioterapeuten eller ergoterapeuten tid for funksjonsundersøking og arbeidsplassbesøk. Du har sjølv ansvar for å informere arbeidsgivaren, og for eventuell kontakt med tillitsvalde eller verneombod.

Fysioterapeuten/ergoterapeuten sender deretter rapport med rekning til den som har rekvirert arbeidsplassvurderinga.

Rapportering

Rapporten til NAV-kontoret skal innehalde vurderingane og tilrådingane frå fysioterapeuten/ergoterapeuten på bakgrunn av arbeidsplassbesøk og eventuell funksjonsundersøking. Bruk rekvisisjon og rapportskjema – Arbeidsplassvurdering – til dette. Rapporten bør vere så konkret som mogleg når det gjeld forslag til tiltak.

Teieplikta er ikkje til hinder for denne typen rapportering til NAV-kontoret, jf. folketrygdlova § 21-4. NAV-kontoret kan sende kopi av rapporten til sjukmeldar, jf. forvaltningslova § 13 b. nr. 2. Tilrådingane og forslaga i rapporten blir formidla til arbeidsgivaren dersom arbeidstakaren samtykkjer om det.

Honorar/rekning

Oppdraget blir honorert etter takst for påbyrja time, se satsar. Det blir i tillegg gitt skyssgodtgjering for billegaste reisemåte etter «Regulativ for reiser innanlands for staten si rekning». Tidsbruken i samband med arbeidsplassvurdering er stipulert til inntil fire timar for funksjonsundersøking, arbeidsplassbesøk og rapportskriving. Reisetid kjem i tillegg.

Rekning og rapport blir sende til den som har rekvirert arbeidsplassvurderinga. Det er ikkje utarbeidd ein eigen rekningsblankett. Rekninga må innehalde namnet på terapeuten, adressa og kontonummeret, og organisasjonsnummer eller personnummer. Vidare må der stå namnet på den sjukmelde personen og fødselsdato, og ein spesifikasjon av den tida som er gått med, fordelt på eventuell funksjonsvurdering, arbeidsplassvurdering inkludert rapportskriving, reisetid og berekna skyssgodtgjersle.