Mellombels lønstilskott

Mellombels lønstilskott skal bidra til å auka høva for å få jobb. Du får ordinær løn og fast tilsetjing i hel- eller deltidsstilling, medan arbeidsgivaren får eit tilskott til løna di i ein avgrensa periode.

Kven kan få mellombels lønstilskott?

Mellombels lønstilskott kan vera aktuelt for deg som: 

  • søkjer arbeid, men har problem med å koma inn på arbeidsmarknaden på ordinære løns- og arbeidsvilkår.
  • har ein arbeidsgivar men står i fare for å falla ut av arbeidslivet etter tolv månader med full eller gradert sjukmelding
  • har fått ei vurdering av bistandsbehovet ditt for å koma i arbeid

Kva inneheld mellombels lønstilskott?

Lønstilskott er ei støtteordning for arbeidsgivarar, og det er arbeidsgivar som må søkja om lønstilskottet. Når du deltek på tiltaket mellombels lønstilskott er du tilsett på ordinære løns- og arbeidsvilkår. Du skal utføra vanlege oppgåver i verksemda. Lønstilskottet skal kompensera for lågare produktivitet. Du kan vera mellombels tilsett i heile eller deler av tilskottsperioden.

 

Det vert inngådd ei avtale mellom NAV og arbeidsgivar som avklarar varigheit, tilsetjingsforhold og oppfølgingsbehov. Om det er føremålstenleg kan det i tillegg inngåast ein tilretteleggings- og oppfølgingsavtale der det vert utpeikt ein fast kontaktperson både i NAV og på arbeidsplassen. 

NAV kan i tillegg gje inkluderingstilskot til ordinære arbeidsgivarar. Dette tilskottet skal kompensera for dokumenterte meirutgifter til tilrettelegging av ein arbeidsplass eller tiltakplass.

Varigheit

Du kan få mellombels lønstilskott i inntil eitt år, og i inntil to år viss du har nedsett arbeidsevne.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur. Det er NAV som saman med deg vurderer om du har behov for tiltaket, og det er NAV som gjer den endelege vurderinga.

Det et er arbeidsgivaren som søkjer om tilskotet. Arbeidsgivar søkjer enklast om tilskottet ved å senda inn digital søknad på altinn.no. Det kan òg søkjast om tilskottet på papirblankett i ein overgangsfase.

Søk om lønnstilskott

Vil du senda søknaden i posten finn du skjemaet «Avtale om oppstart av lønnstilskudd " under "Skjema og søknad".

Arbeidsgivar må sende søknad til NAV før det planlagde innkjøpet blir gjennomført. NAV betaler tilskotet på etterskot, på grunnlag av refusjonskravet frå arbeidsgivaren.

Refusjonskravet skal dokumentere kven tilskotet gjeld, kva det er betalt for, kronebeløpet, når det er betalt, og at det er betalt.