Varig tilrettelagt arbeid

Help

Viss du får uføretrygd og treng å arbeide i ei skjerma verksemd, kan du få tilbod om varig tilrettelagd arbeid med arbeidsoppgåver som er tilpassa deg. Varig tilrettelagd arbeid kan også vera enkeltplasser i ordinære verksemder.

Kven kan få varig tilrettelagd arbeid?

Varig tilrettelagt arbeid kan vera aktuelt for deg om du har, eller i nær framtid ventar å få innvilga uføretrygd og du treng spesiell tilrettelegging og oppfølging. Som deltakar i varig tilrettelagd arbeid er du er arbeidstakar i etter arbeidsmiljølova, og du skal ha ein arbeidskontrakt. 

Kva inneheld varig tilrettelagd arbeid?

Arbeidet skal hjelpe til å utvikle ressursane dine gjennom tilrettelagd arbeid, og til kvalifisering gjennom produksjon av varer og tenester.

Varigheit

Tiltaket er ikkje tidsavgrensa. NAV skal likevel vurdere jamleg om det kan vera aktuelt med overføring til andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller formidling til ordinært arbeid.

Nyttig å vite

Du får uføretrygd etter folketrygdlova.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur.