Mentor

Mentor er eit tilskott frå NAV for å frikjøpa ein kollega eller ein medstudent, for å gje deg ekstra bistand for å meistra ein jobb eller utdanning.

Kven kan få mentor?

Mentor er for deg som treng praktisk bistand, rettleiing eller opplæring i arbeidsretta ferdigheiter for å gjennomføra tiltaka

  • arbeidstrening
  • opplæring i form av ordinær utdanning
  • mellombels lønstilskott
  • varig lønstilskott

NAV kan òg gje tilskott til mentor viss det er naudsynt for at du skal få eller behalda løna arbeid i ei ordinær verksemd.

NAV kan i tillegg gje inkluderingstilskudd til ordinære arbeidsgivarar som har dokumenterte meirutgifter til tilrettelegging av ein arbeidsplass eller tiltakplass. Dette gjeld ikkje ved opplæring i form av ordinær utdanning.

Varigheit

Timetalet og kor lenge perioden varer skal tilpassast behovet ditt. Tilskott til mentor kan vare i inntil seks månader. Personar med nedsett arbeidsevne og særlege behov for mentor, kan få tiltaket forlengd i inntil tre år.

Korleis søkjer du?

Det et er arbeidsgivaren som søkjer om tilskotet. Arbeidsgivar søkjer enklast om tilskottet ved å senda inn digital søknad på altinn.no. Det kan òg søkjast om tilskottet på papirblankett i ein overgangsfase.

Søk tilskott til mentor

Vil du senda søknaden i posten finn du skjemaet «Registreringsskjema for tiltaksarrangører - mentor " under "Skjema og søknad".

Arbeidsgivar må sende søknad til NAV før det planlagde innkjøpet blir gjennomført. NAV betaler tilskotet på etterskot, på grunnlag av refusjonskravet frå arbeidsgivaren.

Refusjonskravet skal dokumentere kven tilskotet gjeld, kva det er betalt for, kronebeløpet, når det er betalt, og at det er betalt.