Din aktivitetsplan

Language

Treng du kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak før du startar jobbsøking, må du legge ein plan for dette - ein aktivitetsplan.

Når du registrerer deg på nav.no, vil du få tilgang til din digitale aktivitetsplan. Når du får oppfølging frå NAV, må du bruke denne planen og dele han med oss.

Set mål

Det første du må bestemme deg for er kva yrkes- eller arbeidsmål du har, jobbar du kan trivast i og som du trur passer for deg.

Er du usikker, kan du lese om rettleiingsverktøy, yrke og utdanning.

Du vil òg ha dialog med rettleiaren din gjennom den digitale aktivitetsplanen din.

Korleis kan du nå målet?

Når målet er klart må du vurdere aktivitetar og tiltak saman med NAV som gjer at du vil nå målet ditt. Ordinær skulegang kan vere eit alternativ, kortare kurs eller arbeidstrening kan vere andre alternativ. Du kan få vite meir om moglegheitene gjennom dialog med rettleiaren din eller på nav.no.

Du må følgje opp dei aktivitetane NAV og du avtaler i planen.