Arbeidsførebuande trening

Arbeidsførebuande trening er eit tiltak for deg som treng å jobbe i eit skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø i ein oppstartfase før du går over i arbeidstrening hos bedrifter i det ordinære arbeidslivet.

Når du deltek på tiltaket arbeidsførebuande trening, får du opplæring eller tilrettelagd arbeidstrening og oppfølging. Målet er at du skal kome i arbeid.

Kven kan få arbeidsførebuande trening?

Arbeidsførebuande trening er eit tilbod til deg som har fått nedsett arbeidsevne, og som treng arbeidsretta hjelp for å kome i arbeid.

Kva inneheld arbeidsførebuande trening?

Arbeidsførebuande trening tilbyr avklaring, arbeidsutprøving, arbeidstrening og opplæring. Målet med tiltaket er at du skal stå sterkare når du skal søkje arbeid.

Det blir lagt vekt på at du skal få prøve deg og trene i eit ordinært arbeidsliv etter at du først har gjennomført arbeidsførebuing i eit tilrettelagt arbeidsmiljø. Du får gjennom tiltaket tilbod om kartlegging av kompetansen din og karriererettleiing. Du kan også få tilrettelagt opplæring dersom du ønskjer arbeid innanfor yrkesfaga.

Kor lenge varer tiltaket?

Arbeidsførebuande trening kan som hovudregel vare i inntil eit år, der du får høve til å forlengje tiltaket i eitt år til. Når du deltek på tiltaket arbeidsførebuande trening, er du ikkje tilsett hos tiltaksarrangøren. Lengda på tiltaket skal tilpassast behova dine ut frå kva slags arbeid det er mogleg for deg å få.

Nyttig å vite

Dersom du får stønad til livsopphald, til dømes arbeidsavklaringspengar, beheld du ytinga medan du er med på tiltaket. Dersom du ikkje får stønad, kan du ha rett til tiltakspengar.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV-kontoret der du bur.