Dette må du leggje ved dagpengesøknaden

For at NAV skal kunne behandle søknaden om dagpengar, må du leggje ved nødvendig dokumentasjon. Manglande dokumentasjon kan føre til avslag på søknaden.

Hugs å ettersende eventuelle vedlegg før fristen går ut. Du kan ta bilete av vedlegga med mobilen. Les meir om dei ulike vedlegga.      

Dokumentasjon av arbeidsforhold

Du må leggje ved arbeidsavtale og oppseiing eller sluttattest frå alle arbeidsforholda dine dei siste 6 månadene før du sist fekk redusert arbeidstida di.      

Du må dokumentere

  • start- og sluttdato i arbeidsforholdet
  • arbeidstida i veka (sjå under)
  • sluttårsak. Dersom du har valt å seie opp sjølv som alternativ til å bli oppsagt grunna innskrenkingar, må du dokumentere dette.         
  • oppseiingstid
  • dato for oppseiinga

Dersom du ikkje har oppseiing eller arbeidsavtale, må du leggje ved skjemaet Stadfesting på sluttårsak NAV 04-08.03, se under skjema og søknad.

Du treng ikkje dokumentere inntekta di med mindre NAV ber om det.

Dokumentasjon av arbeidstid

Du må dokumentere arbeidstida di. Har ditt siste arbeidsforhold hatt fast arbeidstid, og har vara i minst 6 månadar, er det tilstrekkeleg å dokumentere dette.      

Har du arbeida eit varierande tal timar, eller kortare enn 6 månadar, må du dokumentere all arbeidstid dei siste 12 månadane før du sist fekk arbeidstida di redusert. 

Dersom du ønskjer det, kan du i staden få rekna eit gjennomsnitt av arbeidstida di dei siste 36 månadane. Du må då dokumentere alle arbeidstimane dine dei siste 36 månadane før du fekk redusert arbeidstid.

Du skal kun be om å få vurdert arbeidstida dei siste 36 månadane viss du meiner dette gir deg den høgaste gjennomsnittlege arbeidstida per veke.

Har du fått foreldrepengar, sjukepengar, pleiepengar, omsorgspengar, opplæringspengar, svangerskapspengar frå NAV eller sluttpakke utan arbeidsplikt, er det viktig at du dokumenterer alle arbeidstimane dine dei siste fire vekene rett før perioden med desse utebtalingane eller sluttpakke uten arbeidsplikt.

Les meir om dei ulike vedlegga.

Annan relevant dokumentasjon

Forsørgjaransvar eller bidragsplikt

  • Du kan berre få barnetillegg for barn under 18 år.
  • For barn som ikkje er registrert i folkeregisteret, må du leggje ved fødselsattest. For barn som nett er kome til Noreg og som ikkje har fått fødselsnummer, må du i tillegg leggje ved bustadbevis.         
  • Skal du søkje om barnetillegg for barn som er busett i eit land som er omfatta av EØS-reglane og/eller Nordisk konvensjon om trygd, må du òg levere fødselsattest eller adopsjonspapir. Det er ditt ansvar å få denne omsett. Ta kontakt med NAV for meir informasjon.         

Utanlandsk statsborgar

  • EØS-borgarar legg ved registreringsbevis.
  • Alle andre må leggje ved opphalds- og arbeidsløyve.

Permittert 

  • Legg ved datert permitteringsvarsel som angir varselfrist, årsak til permittering, permitteringsgrad, permitteringsperiode og kva dagar arbeidsgivar har lovpålagt lønnsplikt.
  • Legg ved arbeidsavtalen / arbeidskontrakten.      
  • Legg ved skjemaet NAV 04-08.04 - Bekreftelse på arbeidsforhold og permittering. Din arbeidsgjevar skal fylle ut dette for deg.
  • Legg ved protokoll frå gjennomførte forhandlingar mellom arbeidsgivaren og dei tilsette, eller annan tilsvarande dokumentasjon som viser at arbeidsgivaren og dei tilsette er samde om at:         
  1. permitteringa er sakleg grunna innanfor rammene i Hovudavtala
  2. permitteringa skuldast mangel på arbeid eller andre forhold som arbeidsgivaren ikkje kan påverke
  3. arbeidsgivaren har gjort det som er rimeleg å krevje for å unngå permitteringa

For deg som er permittert eller oppsagt frå eit arbeidsforhold offshore

  • Legg ved dokumentasjon som viser om du arbeider i fast turnus- eller skiftplan eller i fast disponibelplan. Du må også leggje ved bekreftelse på tidspunkt for siste arbeidsperiode og siste periode du har hatt fri eller har avspasert.         

Ved disponibelplan, må du i tillegg dokumentere følgande:

  • Legg ved dokumentasjon på kva disponibelplan(ar) som omfattar deg.
  • Legg ved dokumentasjon på kva disponibelperiode du var i på det tidspunktet du blei permittert, samt dato for planlagt start og slutt på perioden.         
  • Legg ved timelister for din siste arbeidsperiode.

Arbeidsledig som følgje av konkurs

Ved søknad om forskottering av dagpengar ved konkurs

Dersom arbeidsgjevaren din har gått konkurs, kan det hende du har rett til å få forskotert lønnsgarantimidlar i form av dagpengar.      

Då må du i så fall:

  • Fylle ut og levere skjemaet «Egenerklæring – overdragelse av lønnskrav» (NAV 04-03-07).
  • Legge ved arbeidsavtale
  • Legge ved stadfesting frå bustyrar/konkursforvaltar angåande konkursopning

Dersom stadfestinga frå bustyrar/konkursforvaltar ikkje inneheld oppseiing og erklæring om at buet ikkje trer inn i arbeidsavtalen, må du dokumentere dette.      

  • Legg ved kopi av oppseiing
  • Legg ved erklæring frå bustyrar om at buet ikkje trer inn i arbeidsavtalen

Ver merksam på at fleire av opplysningane kan kome fram i same dokument.

Verneplikt og sivilteneste

Er du nyleg ferdig med verneplikt eller sivilteneste?

  • Legg ved tenestebevis. Det må gå klart fram når tenesteperioden har vore.

Skule eller utdanning

For deg som dei siste 6 månadene har vore eller er skuleelev eller student

  • Legg ved dokumentasjon frå skulen med offisiell sluttdato eller dato for siste avlagte avslutta eksamen, eller bekreftelse frå skulen på at du har avslutta studiet dersom du har avbrote skulegangen.            

For deg som er under utdanning eller på kurs på søknadstidspunktet

  • Legg ved dokumentasjon frå skulen.
  • Dokumentasjonen må vise innholdet til studiet, namn, kor studiet blir gjennomført, studieprogresjon, startdato og sluttdato.

Sluttkompensasjon

For deg som får sluttkompensasjon frå arbeidsgivar eller sluttvederlag frå Sluttvederlagsordninga.

  • Legg ved sluttavtale der det går fram kva periode du har fått lønn for eller det totale beløpet på sluttkompensasjonen, og opplysning om den ordinære lønna di per månad før du slutta.            
  • Får du sluttvederlag frå Sluttvederlagsordninga, må du legge ved dokumentasjon som viser di ordinære lønn og storleiken på sluttvederlaget.

Jobba i utlandet

For deg som har jobba i eit anna EU-/EØS-land

  • Det kan vere aktuelt for deg å innhente og levere attest PD U1 (erstattar tidlegare attest E-301 frå det landet du har arbeidd i).            

Har vore til sjøs

  • Legg ved sjøfartsbok/dokumentasjon av siste hyreavrekning. Dersom du arbeider i ei turnusordning, og du har fått lønn som dekker ein periode med avspasering på land, må du dokumentere denne turnusordninga.