Dagpengar og utdanning

Language

Dersom du er under utdanning eller opplæring har du som hovudregel ikkje rett til dagpengar, men det finst unntak.

Alle aktivitetar som går ut på å tileigne seg kunnskap eller ferdigheiter i ei formalisert utdanning eller opplæring, blir rekna som utdanning eller opplæring. Dette gjeld òg privatistar og andre som tek utdanning utan å følgje undervisning.

For å kunne få dagpengar under utdanning, må du fyller dei vanlege vilkåra for rett til dagpengar, og vilkåra for unntak.

Du må søkje NAV om å få godkjend utdanninga. Utan godkjenning risiskerer du både straff og eit krav om å betale tilbake dagpengane.

Unntak frå hovudregelen

Her ser du oversikt over typar utdanning som det er mogleg å bli kombinere med dagpengar:

  • Kurs eller tiltak i regi av NAV, eller i samarbeid med NAV
  • Utdanning som du har byrja på minst 6 månadar før du blei heilt arbeidsledig frå heiltidsarbeid, eller heilt eller delvis permittert frå heiltidsarbeid. Denne utdanninga kan du fortsette på i inntil 6 månadar rekna frå du blei arbeidsledig, dersom NAV godkjenner dette. Utdanninga du har starta på, må du tidligare ha gjennomført i kombinasjon med heiltidsarbeid.
  • Utdanning utanfor normal arbeidstid, med maksimalt inntil 10 dagar per semester med undervisning på dagtid. Studieprogresjonen må òg vere minst halvert samanlikna med tilsvarande utdanning på heiltid.
  • Utdanning som i heilskap er normert til 3 månadar eller mindre. Utdanninga kan strekke seg over lenger tid enn 3 månadar, med krav om at den samla tida som går med til utdanninga maksimalt svarar til 3 månadar utdanning på heiltid. Kvar deleksamen blir i denne samanheng rekna som del av eit lengre utdanningsløp og blir ikkje rekna for å vere ei sjølvstendig utdanning.
  • Godkjend norskopplæring for vaksne innvandrarar på fulltid i inntil eitt år. På særskilt grunnlag kan NAV forlenge perioden for godkjend utdanning med rett til dagpengar ut over eitt år. Du må søke på eit eige søknadsskjema (NAV 04-06.05, sjå under skjema).
  • Introduksjonsprogram for nytilkomne innvandrarar.

Meir om utdanning utanfor normal arbeidstid

Dersom du tek utdanning utanfor normal arbeidstid, det vil seie på kveldstid og i helger, må du dokumentere at utdanninga er lagt opp som utdanning utanfor normal arbeidstid, og at utdanninga er tilpassa fullt arbeid på dagtid. Dagtid betyr normal arbeidstid som hovudregel frå klokka 8.00 til 16.00 dagtid, sjølv om du har hatt eller har kveldsarbeid.

For at utdanning utanfor normal arbeidstid skal kunne bli rekna som fullverdig i kombinasjon med fulltidsarbeid, må utdanninga som hovudregel ha redusert studieprogresjon med minst 50 prosent samanlikna med tilsvarande utdanning på dagtid med full studieprogresjon. Dette betyr at du må bruke dobbelt så lang tid på utdanninga samanlikna med ein som tek tilsvarande utdanning eller fag på heiltid ville ha gjort.   

Fleksibel studieprogresjon

Nokre utdanningar har såkalla fleksibel studieprogresjon, det vil seie at du kan gjennomføre utdanninga på så kort eller lang tid som du ønskjer. Dersom NAV skal kunne godkjenne ei slik utdanning, må du forplikte deg til å følgje ein studieprogresjon på maksimalt 50 prosent av eit fulltidsstudie.

Dersom NAV godkjenner utdanninga, vil det kome fram av vedtaket ditt at du ikkje skal ha fleire eksamenar enn det som svarar til halv studieprogresjon.

Korleis søkjer du om dagpengar under utdanning?

Du bør søkje om godkjenning så fort du veit at du har fått studieplass, og seinast innan tre veker før du byrjar på utdanninga, slik at NAV rekk å behandle søknaden din før utdanninga er starta.

Dersom du har byrja på utdanninga før du søkjer om dagpengar, kan du søkje om å få godkjend utdanninga samstundes som du søkjer dagpengar.

Du vil ikkje få utbetalt dagpengar før utdanninga har blitt godkjend, og alle som deltek i utdanning skal krysse av for utdanning på meldekorta sine. Dersom utdanninga ikkje er gir rett til dagpengar, vil du ikkje få utbetalt dagpengar for perioden du har vore under utdanning, sjølv om utdanninga seinare blir avbrote.

Søk på skjemaet NAV 04-06.05 som du finn under Skjema, dersom du ikkje samstundes søkjer elektronisk på nav.no om dagpengar eller gjenopptak av dagpengar.

Spesielt om doktorgradskandidatar

Les meir om reglane for dagpengar og doktorgradskandidatar.