Dagpengar når du er permittert

Du kan ha rett til dagpengar når du er permittert. I tillegg til dei vanlege reglane om dagpengar, gjeld nokre eigne reglar for deg som er permittert.

Permittering er ikkje det same som oppseiing eller permisjon.

Kven kan få dagpengar som permittert?

Er du permittert må du oppfylle dei vanlege vilkåra for å ha rett til dagpengar. I tillegg må du vere tilsett med fast arbeidstid.

For å ha rett til dagpengar når du er permittert, må punkta under vere oppfylt:

  • Grunnen til at du er permittert er mangel på arbeid eller andre forhold som arbeidsgivaren din ikkje kan påverke
  • Arbeidsgivaren din har gjort det som er forventa for å unngå at du blei permittert
  • Situasjonen som gjorde at du blei permittert er midlertidig

Er du tilsett i eige aksjeselskap kan du ha rett til dagpengar når du er permittert.

Tilsette i offentlege verksemder eller ved kulturinstitusjonar med 50 prosent offentleg støtte eller meir har vanlegvis berre krav på dagpengar viss du er permittert på grunn av arbeidstvist, brann, ulykke, naturkatastrofe eller andre uførutsette hendingar.

Slik søkjer du om dagpengar

Slik søkjer du om dagpengar. Sjå kva dokumentasjon du som permittert må legge ved dagpengesøknaden.

Kor lenge kan du få dagpengar når du er permittert?

1. januar kom det regelendringar for kor lenge du kan få dagpengar når du er permittert. Permitteringsperioden gjeld kvar enkelt arbeidsgivar og blir rekna frå og med første virkedag etter at lønnspliktdagane er over.

For deg som blei permittert før 1. januar 2019:

Du kan ha rett på dagpengar som permittert inntil 49 veker i løpet av ein periode på 18 månadar. Etter 30 veker som permittert må arbeidsgivaren betale deg lønn i 1 veke (5 arbeidsdagar). NAV stansar utbetalinga av dagpengar når du har vore permittert i 30 veker. Du kan søkje om dagpengar på nytt, og få innvilga dagpengar i inntil 19 nye veker.

For deg som blir permittert 1. januar 2019 eller seinare:

Du kan ha rett på dagpengar som permittert inntil 26 veker i løpet av ein periode på 18 månadar.

Arbeidsgivaren din held oversikt over dei vekene du er permittert.

  • Dagar med permisjon, ferie og sjukdom tel ikkje med i permitteringsperioden.
  • Jobbar du samanhengande meir enn 6 veker for arbeidsgivaren som har permittert deg, vil permitteringa som hovudregel vere broten

I utbetalingsoversikten din kan du sjå kor lenge du har igjen med dagpenger som permittert.

Les meir om:

Arbeidsgivaren skal betale deg lønn dei 15 første dagane du er permittert

Dei 15 første dagane du er permittert får du ikkje dagpengar, men lønn frå arbeidsgiveren din. Dette blir kalla for arbeidsgivar sin lønnspliktperiode. Er du delvis permittert vil dei 15 lønnspliktdagane strekke seg over ein lengre periode.

Lønnspliktperioden blir forskyvd viss du jobbar hos arbeidsgivaren som har permittert deg, eller viss du uansett ikkje skulle vore på jobb på grunn av sjukdom, ferie, avspasering eller liknande.

Du skal ikkje krysse av for arbeid på meldekortet når du ikkje har jobba i lønnspliktperioden, sjølv om du får lønn frå arbeidsgivaren din.

Starta permitteringen din før 1. januar 2019 skal arbeidsgivaren betale deg lønn dei 10 første dagane du er permittert.

Les meir om korleis lønnspliktperioden blir berekna.

Permittert frå fiskeforedlings- eller fiskeoljebedrift?

I fiskeforedlings- eller fiskeoljebedrifter er det eigne permitteringsreglar:

  • Arbeidstida må vere redusert med minst 40 prosent.
  • Maksimal periode med rett til dagpengar er 52 veker innanfor ein periode på 18 månadar.
  • Permitterte i fiskeindustrien slepp ventetid.

Gi beskjed om endringar

Hald kontakt med arbeidsgivaren din om permitteringen, og informer NAV om det som kan ha betyding for dagpengesaka di. Viss du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha betyding for beløpet du får utbetalt frå NAV. Blir du sagt opp eller seier opp sjølv i permitteringsperioden, blir permitteringen rekna som avslutta. I slike tilfelle må du difor gi beskjed NAV.