Dagpengar når du er arbeidsledig

Dagpengar skal gi deg som er blitt arbeidsledig, økonomisk støtte mens du søkjer arbeid.

Slik søkjer du om dagpengar

For å søkje om dagpengar må du først registrere deg som arbeidssøkjar. Dette bør du gjere seinast første dagen du er heilt eller delvis arbeidsledig. Du kan få rettleiing frå NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33.

Registrer deg som arbeidssøkjar 

Søk dagpengar

Når du søkjer dagpengar, må NAV ha ein del informasjon frå deg som du må leggje ved søknaden. Les meir om vedlegg til dagpengesøknaden. Start tidleg med skaffe dokumentasjonen. Legg du dette ved søknaden når du sender han inn, får du raskare svar.

Når bør du søkje?

Du bør registrere deg som arbeidssøkjar og søkje om dagpengar omtrent éi veke før den første dagen du er heilt eller delvis arbeidsledig. Du kan tape dagar med dagpengar dersom du registrerer deg som arbeidssøkjar for seint eller sender søknaden for seint.

Hugs derfor følgjande

  • registrer deg som arbeidssøkjar seinast første dagen du er blitt heilt eller delvis arbeidsledig
  • send meldekort kvar 14. dag etter at du har registrert deg som arbeidssøkjar

Søkjer du meir enn 14 dagar før du er heilt eller delvis arbeidsledig, risikerer du å få avslag på søknaden din fordi du har søkt for tidleg.

Viktig om søknadstidspunkt frå 1. juli 2019

Frå 1. juli er det ikkje lenger mogleg å få innvilga dagpengar tilbake i tid. Det er derfor viktig at du sender søknad om dagpengar seinast første dagen du er arbeidsledig, for å ikkje tape dagar med dagpengar.

Søknadstidspunkt og berekning av inntekt frå 1. juli 2019

Frå 1. juli blir inntekter du har hatt heilt fram til den siste avslutta kalendermånaden før du blei arbeidsledig, tekne med i berekninga når NAV vurderer om du har rett til dagpengar, og kor lenge og kor mykje du kan få i dagpengar.

Siste avslutta kalendermånaden

Arbeidsgivaren din skal rapportere kva du har tent, til A-ordninga, og har frist for å gjere dette seinast den 5. dagen neste månad. Er den 5. i ei helg eller på ein helgedag, er rapporteringsfristen til arbeidsgivaren din neste yrkedag.

Siste avslutta kalendermånaden kjem an på om datoen du får innvilga dagpengar frå, er før eller etter rapporteringsfristen til arbeidsgivaren din. Eksempel:

  • Får du innvilga dagpengar frå 5. august 2019, er siste avslutta kalendermånad juni 2019. Dette er fordi rapporteringsfristen til arbeidsgivaren din for juli 2019 ikkje er ute enno.
  • Får du innvilga dagpengar frå 6. august 2019, er siste avslutta kalendermånad juli 2019. Dette er fordi rapporteringsfristen til arbeidsgivaren din for juli 2019 no er ute.

Vi tek utgangspunkt i den rapporteringsfristen som følgjer av A-opplysningslova, og ikkje om arbeidsgivaren din faktisk har rapportert til fristen.

Du kan sjølv kontrollere inntektene i A-ordninga på skatteetaten.no/mineinntekter. Meiner du at inntektsopplysningane som NAV legg til grunn, er feil, må du be arbeidsgivaren din rette dei. Du må også gi beskjed til NAV om at opplysningane ikkje er rette.

Kven kan få dagpengar?

Hovudvilkåra for å få dagpengar er at du

  • har fått redusert arbeidstida di med minst halvparten (femti prosent)
  • har redusert arbeidsinntekt
  • er registrert som arbeidssøkjar og sender meldekort kvar 14. dag
  • er reell arbeidssøkjar
  • er medlem i folketrygda og oppheld deg lovleg i Noreg
  • har hatt ei minsteinntekt frå lønt arbeid på minst 149 787 kroner i det siste avslutta kalenderåret (1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G)), eller minst 299 574 kroner (3 G) i løpet av dei tre siste avslutta kalenderåra

For deg som søkjer om dagpengar frå 1. juli 2019

  • har hatt ei minsteinntekt frå lønt arbeid på minst 149 787 kroner i dei siste 12 avslutta kalendermånadene (1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G)), eller minst 299 574 kroner (3 G) i løpet av dei 36 siste avslutta kalendermånadene.

Det er spesielle reglar dersom du er

Kor lenge kan du få dagpengar?

For deg som søkjer dagpengar frå før 1. juli 2019

Kor lenge du kan få dagpengar, er avhengig av kor høg arbeidsinntekt du har hatt i det siste avslutta kalenderåret, eller i gjennomsnitt i dei tre kalenderåra før du søkjer om dagpengar. Det vil seie:

  • 104 veker dersom arbeidsinntekta di har vore 199 716 kroner eller meir (2 G)
  • 52 veker dersom arbeidsinntekta di har vore under 199 716 kroner (2 G)

For deg som søkjer dagpengar frå 1. juli 2019

Kor lenge du kan få dagpengar, er avhengig av kor høg arbeidsinntekt du har hatt dei siste tolv avslutta kalendermånadene, eller i snitt dei 36 siste avslutta kalendermånadene. Det vil seie:

  • 104 veker (2 år) dersom arbeidsinntekta di har vore 199 716 kroner eller meir (2 G)
  • 52 veker (1 år) dersom arbeidsinntekta di har vore under 199 716 kroner (2 G)

Særreglar for enkelte grupper

  • Nydimitterte vernepliktige kan få dagpengar i maksimalt 26 veker.
  • Det er eigne reglar for kor lenge permitterte kan få dagpengar, les meir under dagpengar når du er permittert

Du kan ha krav på dagpengar til og med den månaden du fyller 67 år.

Du kan sjå kor lenge du har igjen av dagpengeperiode din i tenesta Utbetalingsoversikt.

Kor mykje kan du få i dagpengar?

For deg som søkjer dagpengar frå før 1. juli 2019

Du kan få opptil 62,4 prosent av inntektene du hadde året før du søkte dagpengar, eller gjennomsnittet dei tre siste åra før du søkte dagpengar.

For deg som søkjer dagpengar frå 1. juli 2019

Du kan få opptil 62,4 prosent av inntektene du hadde dei siste 12 eller 36 avslutta kalendermånadene før du søkte dagpengar.

Kva for inntekter er inkluderte?

Desse inntektene blir tekne med i berekninga av dagpengar: lønnsinntekt som arbeidstakar, sjukepengar, omsorgspengar, pleiepengar, opplæringspengar, svangerskapspengar, foreldrepengar ved fødsel og adopsjon og dagpengar.

Desse inntektene blir ikkje tekne med i berekninga av dagpengar: næringsinntekt, arbeidsavklaringspengar, pensjon og eingongsstønad ved fødsel.

Inntekt over seks gonger gjennomsnittet av grunnbeløpet i folketrygda (6G) per periode på tolv månader det enkelte kalenderåret, blir ikkje teken med i berekninga av dagpengar.

Les meir i regelverket om korleis NAV bereknar inntekta di.

Berekninga av kor mykje du får i dagpengar, er ulik berekninga av minsteinntekt, som er eit av inngangsvilkåra for å få dagpengar.

Barnetillegg

Har du barn under 18 år, kan du søkje om barnetillegg på 17 kroner per barn fem dagar i veka. Du kan søkje om dette i søknaden om dagpengar. Får begge foreldra dagpengar, er det berre éin forelder som kan få utbetalt tillegget.

Når du sjølv har ansvaret for at du er blitt arbeidsledig

Når du sjølv har ansvaret for at du er blitt arbeidsledig, må du vanlegvis vente tolv veker frå datoen du får innvilga dagpengar frå, før utbetalinga av dagpengar startar. Vekene blir trekte frå perioden du har rett til dagpengar, men du får ikkje utbetalt pengar for desse vekene. Dette blir kalla forlengd ventetid. Det er svært viktig at du sender meldekort regelmessig frå tidspunktet du registrerer deg som arbeidssøkjar.

Dette gjeld dersom du har slutta eller sagt opp arbeidet utan rimeleg grunn, eller er blitt sagt opp frå stillinga di på grunn av forhold som du sjølv er skuld i. Det er NAV som avgjer om du har hatt rimeleg grunn ut frå informasjonen som kjem fram i saka di.

Forlengd ventetid startar tidlegast frå datoen då du får innvilga dagpengar. Dersom du får arbeid, er sjuk eller har annan aktivitet som elles ville ført til at du ikkje fekk dagpengar i ein gitt periode, blir den forlengde ventetida tilsvarande forskyvd.

Les meir under når kan du miste retten til dagpengar.

Meldekort og opplysningar til NAV

Meldekort

Du må sende meldekort kvar 14. dag etter at du har registrert deg som arbeidssøkjar.

Les meir om meldekort:

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha betydning for beløpet du får utbetalt frå NAV. Du må melde frå til NAV så snart du veit at situasjonen din blir endra.

Urette eller mangelfulle opplysningar

NAV kontrollerer opplysningane du gir som dagpengemottakar.

Gir du urette eller mangelfulle opplysningar, kan du miste retten til dagpengar i inntil 26 veker. I tillegg kan NAV krevje at du betaler tilbake dagpengar du ikkje har hatt rett på. Har du visst eller burde ha visst at opplysningane er urette eller mangelfulle, kan det føre til at du blir meld til politiet og kan få fengselsstraff, samfunnsstraff og/eller bøter.

Utbetalingar

Dagpengane er skattepliktige og blir betalte ut på bakgrunn av meldekortet som du sender kvar 14. dag. Dersom du har fylt ut meldekortet rett og har sendt det til rett tid, får du få utbetaling to–tre dagar etter at NAV har registrert meldekortet. Skatt blir trekt etter dei opplysningane vi har om skattekortet ditt. Ta kontakt med Skatteetaten dersom du ønskjer eit anna skattetrekk. Les meir om utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan også sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsoversikt.

Ventetid før første utbetaling

Du får ikkje utbetalt dagpengar for dei tre første dagane i ein ny periode med dagpengar. Dette blir kalla ventetid.

Dagar du er sjuk, har ferie eller jobbar meir enn femti prosent av vanleg arbeidstid, blir ikkje rekna med i ventetida.

Blir du ikkje ferdig med dei tre dagane med ventetid i løpet av dei 15 første yrkedagane etter at du har fått innvilga dagpengar, blir dagpengane dine stansa utan varsel.

Reduksjon i utbetalinga

Dagpengane kan bli reduserte på bakgrunn av opplysningane du registrerer på meldekorta. Følgjande situasjonar kan gjere at du får mindre utbetalt i dagpengar for éin eller fleire meldekortperiodar:

Arbeid

Jobbar du inntil femti prosent av den vanlege arbeidstida di, blir utbetalinga di tilsvarande redusert. Jobbar du over femti prosent av den vanlege arbeidstida di, blir utbetalinga heilt redusert.

Ferie og utanlandsopphald

Vanlegvis får du ikkje dagpengar når du er på ferie eller i utlandet, men det er unntak knytt til ferie, opphald i EØS-land og dersom du får dagpengar ved etablering av eiga verksemd.

Sjukdom

Er du sjuk, har du ikkje rett på dagpengar. Dersom du er sjukmeld femti prosent eller mindre, kan du ha rett til ein kombinasjon av dagpengar og sjukepengar. Dersom du er meir enn femti prosent sjukmeld, får du ikkje utbetalt dagpengar for perioden du er sjukmeld. Du må ha sjukmelding frå lege frå første dag.

Andre utbetalingar

Dersom du får pensjonar, omsorgsstønad eller utbetalingar frå NAV, kan dagpengane bli reduserte.

Stans av dagpengar

Følgjande situasjonar kan føre til at NAV stansar vedtaket ditt om dagpengar. Dette får du verken vedtak eller annan beskjed om:

  • Du er ikkje blitt ferdig med de tre dagane med ventetid innan dei 15 første yrkedagane etter at du har fått innvilga dagpengar.
  • Du sluttar å sende meldekort og det er meir enn 21 dagar sidan du sist sende meldekort.
  • Du sender ikkje meldekort etter at du registrerte deg som arbeidsledig.
  • Du svarer nei på spørsmålet på meldekortet om du fortsatt ønskjer å vere registrert som arbeidssøkjar.
  • Du er ferdig med perioden du har fått innvilga dagpengar.
  • Du er ferdig med perioden du har fått innvilga dagpengar som permittert.
  • Du fyller 67 år.

NAV stansar også vedtaket ditt om dagpengar dersom

  • du har jobba meir enn femti prosent av den vanlege arbeidstida di i seks veker eller meir (seksti prosent om du er permittert frå fiskeindustrien). Dette får du beskjed om i eit eige vedtak.
  • du har eit vedtak om dagpengar med ein «til og med»-dato

Les meir om å miste retten til dagpengar.

Dersom dagpengane dine blir stansa, kan du søkje om dagpengar på nytt dersom du framleis er arbeidsledig.

Du har sjølv ansvar for å følgje med på om dagpengane dine blir stansa. Dersom dagpengane dine blir stansa, kan du søkje om gjenopptak av dagpengar dersom du framleis er arbeidsledig.

For deg som mistar dagpengar 1. juli 2019 eller seinare

Dersom dagpengane dine blir stansa 1. juli eller seinare, er det viktig at du søkjer dagpengar på nytt med ein gong dersom du framleis er arbeidsledig. Du får ikkje utbetalt dagpengar i tidsrommet mellom då dagpengane blei stansa, og då du sende ein ny søknad.

Kva skjer når dagpengeperioden din nærmar seg slutten?

Er du framleis arbeidsledig når dagpengeperioden din er over etter 52 eller 104 veker, kan du søkje om dagpengar på nytt. Du må igjen fylle vilkåra for å ha rett til dagpengar. Dette inneber blant anna at arbeidstida di må vere redusert på nytt. Du bør sende ny søknad om dagpengar seinast dagen etter at den noverande dagpengeperioden din er over, for å hindre at du taper dagar med dagpengar.

Dersom du er usikker på korleis du skal klare deg økonomisk når dagpengeperioden din er ferdig, kan du kontakte NAV for rettleiing.