Tilleggsstønader

Du kan heilt eller delvis få dekt utgifter du har i samband med arbeidsretta utgreiing eller aktivitet (tiltak eller godkjend utdanning).

Regelverket for tilleggsstønader blei endra 1. januar 2016. Denne informasjonen gjeld deg som skal søkje om å få tilleggsstønader etter 1. januar 2016.

Med arbeidsretta aktivitet meiner vi arbeidsretta tiltak og godkjend utdanning.

Med arbeidsretta utreiing meiner vi avklaring for å finne høveleg arbeidsretta tiltak.

Arbeidsretta aktivitet kan også bety arbeidssøking. Dette gjeld berre for nokre av dei som kan få tilleggsstønader.

Tilleggsstønader kjem i tillegg til eventuelle livsopphaldsytingar du får. Dette kan vere arbeidsavklaringspengar, tiltakspengar, dagpengar, kvalifiseringsstønad (gjeld deltakarar på Kvalifiseringsprogrammet), overgangsstønad til einsleg mor eller far, stønad til attlevande ektefelle eller tidlegare familiepleiarar.

Kven kan få tilleggsstønader?

Dersom du er i ein arbeidsretta aktivitet for å kome i eller for å behalde arbeidet ditt, eller du er under arbeidsretta utgreiing, kan du ha rett til tilleggsstønader. Det gjeld også dersom du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar. For å ha rett til stønader må du også oppfylle vilkåra ved minst eitt av punkta under:

  • Du har nedsatt arbeidsevne på grunn av sjukdom og gjennomfører eit arbeidsretta tiltak.
  • Du er einsleg mor eller far og gjennomfører ei godkjend utdanning, eller du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar og oppfyller vilkåra for overgangsstønad.
  • Du er tidlegare familiepleiar og gjennomfører ei godkjend utdanning.
  • Du er attlevande ektefelle og gjennomfører ei godkjend utdanning eller er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar som yrkesretta aktivitet.
  • Du er tiltaksdeltakar som tek del på arbeidsmarknadstiltak.
  • Du er arbeidssøkjar og er utan å vere skuld i det sjølv, utan arbeid på heimstaden din. Du kan derfor få stønad til reise og flytting.

Kva kan du få?

Tilleggsstønader kan dekkje dokumenterte utgifter til:

  • reiseutgifter
  • pass av barn og pleie og tilsyn av familiemedlemmer
  • læremidler
  • bustad og overnatting
  • flytting

Reiseutgifter 

Reiseutgifter til arbeidsretta aktivitet

Dersom du tek del på arbeidsretta aktivitet eller arbeidsretta utgreiing, kan du få dekt stønad til:

  • daglig reise
  • reise til obligatorisk samling
  • reise ved oppstart og avslutning av aktiviteten, og heimreiser

Reiseavstanden ved dagleg reise må vere 6 kilometer eller meir kvar veg mellom heimen din og aktivitet/utdanningsstaden for at du skal kunne få dekt stønad til reise. NAV kan gjere unntak på bakgrunn av helsa di.

Reiseveien når du tek del  på obligatorisk samling, må være minst 30 kilometer éin veg mellom heimen og aktivitetsstaden din for at du skal kunne få dekt stønad til reise.

Du får dekt billegaste reisemåten. NAV kan godkjenne bruk av eigen bil dersom  offentlig transport ikkje er tilgjengeleg, eller det ikkje er praktisk mogleg for deg å nytte offentleg transport. Du kan då også få dekt nødvendige utgifter til bomavgift, parkering mm. I særlege tilfeller kan du få dekt utgifter til drosje.

Dei som får innvilga stønad til dagleg reise når dei brukar eigen bil, må dokumentere utgiftene ved å sende inn ei digital køyreliste på nav.no. Det vil seie at du kan sende opplysningane til NAV elektronisk ved å logge deg inn på Ditt NAV. Den digitale køyrelista gjer behandlinga  meir effektiv og sikrar at utgiftene blir refuserte effektivt når du bruker eigen bil.

Reiseutgifter for å kome i arbeid utanfor heimstaden

Dersom du utan å ha skuld i det sjølv, er arbeidslaus og ikkje får arbeid på heimstaden din, kan du ha rett til stønad i samband med:

  • oppfølging for å kome i arbeid,
  • jobbintervju på annan stad enn der du bur, eller
  • at du tek til i arbeid på ein ny arbeidsstad.

Reiseavstanden må være 50 kilometer eller meir éin veg for at du skal kunne få dekt stønad til reise. Når NAV vurderer om du er arbeidslaus utan å ha skuld i det sjølv, legg vi ikkje vekt på tilhøve som ligg lenger enn 8 veker tilbake i tid.

Du får dekt billegaste reisemåten. NAV kan godkjenne bruk av eigen bil dersom det ikkje er offentleg transport tilgjengeleg eller det ikkje er praktisk moleg for deg å bruke offentleg transport. Du kan då også få dekt nødvendige utgifter til bomavgift, parkering mm. I særlege tilfelle kan du få dekt utgifter til drosje. 

Du kan få dekt utgifter til reise dersom du er villig til å starte i arbeid på ein annan stad i Norge, i Norden eller andre EU/EØS land. Kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du har spørsmål.

Tilsyn av barn og pleie og tilsyn av andre familiemedlemmer

Dersom du tek del på ein arbeidsretta aktivitet eller ei arbeidsretta utgreiing, kan du få stønad til pass av barn, og stønad til utgifter til pleie og tilsyn for andre familiemedlemmer. Dersom du er einsleg mor eller far eller attlevande ektefelle, kan du ha rett til å få dekt utgifter til tilsyn dersom du gjennomfører godkjend utdanning eller er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar.

Dersom både du og den andre av foreldra til barnet tek del på ein arbeidsretta aktivitet, får berre éin av dykk stønad til pass av barn.

Dersom du eller fleire pårørande tek del på ein arbeidsretta aktivitet, får berre éin av dei pårørande stønad til pleie og tilsyn av andre familiemedlemmer.

Vi betaler ut stønad til pass av barn og til pleie og tilsyn av andre familiemedlemmer etter ein fast sats. Dersom du får stønad til pass av fleire barn, får du høgare sats for eitt av barna enn for dei andre. Sjå oversikt over satsane for tilleggsstønader.

Læremidler

Dersom du tek del på eit utdanningstiltak og du ikkje har rett til gratis læremiddel etter anna regelverk, kan du få dekt dei nødvendige utgiftene til læremiddel.

Kva du kan få i stønad til læremiddel, er avhengig av utdanningsnivået ditt, og av om du studerer på heiltid eller deltid.

Er du elev med ungdomsrett i vidaregåande skule, får du mest sannsynleg gratis læremiddel og utstyrsstipend gjennom fylkeskommunen. Du får derfor ikkje dekt læremiddel som tilleggsstønad gjennom NAV.

Er du elev i vidaregåande skule med vaksenrett, læring eller lærarkandidat, har du ikkje same rettane til læremiddel frå fylkeskommunen, og du kan få dekt utgifter til læremiddel med tilleggsstønad gjennom NAV.

Du er sjølv ansvarleg for å disponere beløpet, som skal dekkje utgifter til lærebøker, kladdebøker, kopiering, internett, programvare og anna undervisningsmateriell. Beløpet skal også dekkje arbeidsmateriell når du gjennomfører praktisk opplæring eller fagprøve, som blomstrar, metall, verktøy, verneutstyr, arbeidsklede og liknande.

Dersom du på grunn av ei funksjonshemming har særleg store utgifter til bøker og undervisningsmateriell samanlikna med andre elevar, kan du få dekt dei faktiske utgiftene du har til læremiddel.

Skulepengar, semesteravgift og eksamensgebyr blir ikkje dekte av stønad til læremiddel.

Bustad og overnatting

Dersom du tek del på ein arbeidsretta aktivitet eller ei arbeidsretta utgreiing, kan du få dekt nødvendige meirutgifter til bustad eller overnatting. Du kan få dekt utgifter til bustad eller overnatting som kjem i tillegg til utgiftene du måtte ha til bustad på heimstaden, eller utgifter du har fordi buutgiftene dine på tiltaksstaden er høgare enn utgiftene som du tidlegare hadde på heimstaden din.

Dersom du har rett til bustøtte gjennom bustøttelova, har du ikkje rett til stønad til dei same buutgiftene gjennom NAV.

Dersom du på grunn av ei funksjonshemming har høgare ekstrautgifter til bustad samanlikna med andre i same situasjonen som deg, kan du få dekt dei faktiske utgiftene dine.

Flytting

Dersom du må flytte frå heimstaden din for å ta del på ein arbeidsretta aktivitet, kan du få dekt utgifter til flytting. Du kan også få dekt utgifter til flytting dersom du må flytte frå heimstaden din for å ta imot tilbod på arbeid ein annan stad.

Du kan velje mellom å bruke eit flyttebyrå eller å flytte sjølv.

Dersom du bruker eit flyttebyrå, må du hente inn to skriftlege tilbod. Du kan få dekt det lågaste tilbodet.

Dersom du sjølv hentar inn tilbod frå flyttebyrå og likevel vel å flytte sjølv, kan du få dekt dei nødvendige flytteutgiftene opptil beløpet i det lågaste tilbodet.

Du kan få dekt utgifter til reise dersom du er villig til å starte i arbeid på ein annan stad i Norge, i Norden eller andre EU/EØS land. Kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du har spørsmål.

Hvordan søker du om tilleggsstønader?

Du må søkje om tilleggsstønader på nett ved å bruke digital søknad på nav.no. Tidlegare måtte du sende søknaden i posten, men no erstattar den digitale løysinga papirsøknaden.

Søk om tilleggsstønader

Stans av stønaden

Du må vere i arbeidsretta aktivitet for å ha rett til tilleggsstønader. Dersom du ikkje gjennomfører aktiviteten din, mistar du stønaden din.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i familiesituasjonen eller planlegg eit opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Det er ingen fast utbetalingsdato for tilleggsstønader. Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan også sjekke utbetalinger i tjenesten Dine utbetalinger.