Meldekort - korleis gjer du det?

For å vere registrert som arbeidssøkjar eller for å få dagpengar, AAP og tiltakspengar, må du sende meldekort kvar 14. dag.

Kva er eit meldekort?

Gjennom meldekortet orienterer du NAV jamleg om situasjonen din ved å stadfeste aktivitetane dine dei siste 14 dagane.

Kvifor skal du sende meldekort?

  • Du gir NAV beskjed om arbeid, aktivitet eller fråvær frå aktivitet dei siste 14 dagane. Opplysningane blir brukte til å berekne utbetaling av dagpengar, arbeidsavklaringspengar (AAP) og tiltakspengar.
  • Opplysningane blir også brukte til å vurdere om du får riktig oppfølging frå NAV, og om den aktiviteten du har avtalt med NAV bør justerast fordi situasjonen din har endra seg.
  • Du gir også beskjed om at du fortsatt vil vere registrert som arbeidssøkjar hos NAV.

Slik sender du meldekort

For å sende meldekort må du vere registrert hos NAV.

Her finn du informasjon om korleis du fyller ut og sender meldekort. Vel det alternativet som gjeld deg:

Det er enkelt å sende meldekort elektronisk, men du kan også sende papirmeldekort i posten.

Kontakt NAV

Dersom du har spørsmål om meldekort, kan du ringe 55 55 33 33.

Har du spørsmål om pålogging eller tekniske feil, ta kontakt med teknisk brukarstøtte på telefon 55 55 33 39, tastevalg 3.