Færre tar ut alderspensjonen tidleg

Etter pensjonsreforma har mange tatt ut alderspensjonen i alderen mellom 62 til 66 år, gjerne i kombinasjon med jobb. – No ser vi ein nedgang i tidleg uttak, seier Ole Christian Lien, seksjonssjef i NAV.

Med pensjonsreforma i 2011 fekk mange moglegheit til å ta ut alderspensjonen frå 62 år.
Ein kunne også kombinere jobb og pensjon utan at pensjonen blir redusert. Ved å kombinere jobb og pensjon blir dei samla inntektene høge i nokre år. Men fordi pensjonsutbetalingane er spreidd på fleire år, blir månadleg utbetalt alderspensjon lågare resten av livet. 

No ser NAV for første gong nedgang i delen som tar ut alderspensjon i alderen 62–66 år. Blant dei som har rett til å ta ut alderspensjon i alderen 62–66 år, gjekk delen med alderspensjon ned frå 58 til 57 prosent frå utgangen av 2016 til 2017.

– Nedgangen i tidleg uttak er låg så langt, men kan tyde på at folk i større grad enn før tar inn over seg levealdersjusteringa av alderspensjonen, seier seksjonssjef i NAV, Ole Christian Lien.

Så lenge levealderen held fram med å auke, inneber levealdersjusteringa at yngre årskull må jobbe litt lenger og utsette uttaket av alderspensjon for å oppnå same alderspensjon som eldre årskull. Det vil seie at ein 67-åring i 2018 må rekne med å jobbe om lag 9 månader lenger enn ein 67-åring gjorde i 2011. – No har levealdersjusteringa verka i nokre år, og fått gradvis større betyding for nivået på alderspensjonen. Det kan ha ført til at fleire har valt å utsette uttaket av alderspensjon, seier Lien.

No er det 921 100 alderspensjonistar

Ved utgangen av mars 2018 var det 921 100 personar som fekk alderspensjon, ein auke på 2,5 prosent samanlikna med for eitt år sidan. Det er venta at talet på alderspensjonistar vil vekse raskt også i åra framover, og at vi vil passere 1 million alderspensjonistar i 2021.

Færre minstepensjonistar

Ved utgangen av mars 2018 var det 151 200 alderspensjonistar som fekk minstepensjon. Dette er ein nedgang på 3 000 frå desember 2017. Talet på minstepensjonistar gjekk opp hausten 2016 og hausten 2017 som følgje av ein auke i satsane for minstepensjon. Den langsiktige trenden er likevel at det blir færre minstepensjonistar.   

– I yngre kull av alderspensjonistar er det fleire som har hatt høg yrkesaktivitet og tent opp gode pensjonsrettar enn blant pensjonistane som fell frå, forklarer Lien.

For meir informasjon, kontakt pressevakta hos NAV på telefon 400 03 144.