Stadig færre får arbeidsavklaringspengar

Ved utgangen av 3. kvartal 2019 fekk 115 424 personar arbeidsavklaringspengar (AAP). Det er ein nedgang på 3 500 personar frå førre kvartal, som svarar til ein reduksjon på 3 prosent.

3,4 prosent av befolkninga i alderen 18 til 66 år fekk AAP per september 2019. Reduksjonen vi såg i 2018 held fram i 2019, men i noko mindre grad. Så langt i 2019 har det vore ein nedgang på 8 600 personar (- 6,9 %).

– Utviklinga i 2018 var prega av ein tydeleg nedgang i talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar på nesten 17 000 personar. Totalt slutta over 68 700 personar å få arbeidsavklaringspengar i 2018, og av dei var 38 prosent i jobb seks månader seinare. Det er ein auke på 2 300 personar frå 2017. Mange av dei kombinerte arbeid med yting eller oppfølging frå NAV, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Figur 1: Talet på mottakarar av AAP 18 — 66 år. Kvartal. 

graf-antall-aap-3kv2019

Kjelde: NAV


Figur 2: Mottakarar av AAP 18—66 år. Kvartal. Del av befolkninga

 graf-andel-aap-3kv2019

Kjelde: NAV

Fleire enn sju av ti er i jobb eller får uføretrygd etter AAP

Blant dei som slutta å få AAP i 2018 var det om lag 26 000 (38 %) som var registrert med eit arbeidsforhold seks månader etter. Samanlikna med 2017 er det ein auke på om lag 2300 personer, medan delen av den totale avgangen har minka med 2 prosentpoeng. Fleirtalet av dei kombinerer arbeid med anna yting eller oppfølging frå NAV. Nærare 11 600 er i arbeid utan anna registrering hos NAV.

Vi ser størst auke blant gruppa som står registrert med berre nedsett arbeidsevne seks månader etter dei sist fekk AAP. I overkant av 10 700 personar var registrert med nedsett arbeidsevne seks månader etter avgang i 2018, ein auke frå 2017 på nærare 4 300 personar, eller 66 prosent. Delen som står registrert med nedsett arbeidsevne 6 månader etter avgang i 2018 låg på 16 prosent, ein auke på 5 prosentpoeng frå 2017.

Seks månader etter avgang frå AAP står nesten 24 400 registrert med uføretrygd, utan registrert avtalt arbeid. Det er ein auke på om lag 4 200 frå 2017. Overgangen til uføretrygd utgjer omtrent 36 prosent av den totale avgangen i perioden, som er ein marginal auke på 1 prosentpoeng frå året før. Viss vi legg til dei som fekk uføretrygd og som er registrert med eit arbeidsforhold, aukar delen med uføretrygd til rundt 48 prosent.

Nedgang i alle fylke

I 3. kvartal var det ein reduksjon i talet på mottakarar av AAP i alle fylke. Størst nedgang var det i Telemark, kor talet på mottakarar vart redusert med 6 prosent sidan utgangen av førre kvartal. Telemark og Nordland har hatt størst nedgang det siste året (- 17 %).

I Aust-Agder utgjer dei som får AAP 4,8 prosent av befolkninga. Det er høgast prosentdel av alle fylke i landet.

Reduksjon for alle diagnosegrupper

Talet på personar som fekk AAP i 3. kvartal 2019 vart redusert for alle diagnosegrupper. Psykiske lidingar utgjer framleis den høgste delen, med 43 prosent av alle mottakarar.

Blant diagnosegruppene muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar har det vore ein nedgang på høvesvis 12 og 10 prosent det siste året. Reduksjonen i talet på AAP-mottakarar er størst i aldersgruppa 40-49 år, og noko lågare blant dei yngste AAP-mottakarane.

Fakta

Regelverksendringar for AAP

1. januar 2018 vart regelverket for å få innvilga AAP stramma inn. Blant anna vart ordinær periode med AAP redusert frå 4 til 3 år, det vart òg innført ei 2-årsgrense for kor lenge du kan få AAP utover ordinær stønadsperiode.

Målet med endringane er å få fleire mottakarar av AAP tilbake i jobb raskare. Endringane påverkar først og fremst dei som søkjer om å få AAP frå 1. januar 2018 eller seinare, men nokre endringar påverkar òg dei som fekk AAP før regelendringane vart innført.

Les meir på nav.no/aap2018

For meir informasjon, sjå nav.no eller kontakt pressevakta hos NAV på telefon 40 00 31 44.