Vil du ha post frå NAV til ei anna adresse?

NAV brukar den adressa du har oppgjeve til folkeregisteret.

Ønskjer du at NAV skal sende posten din til ei anna adresse, kan du be om ei mellombels postadresse i NAV.

Dei fleste som bur i Noreg står oppførte med berre ei adresse i folkeregisteret, men du kan oppgje to:

  • den adressa du bur på (bustadadresse)
  • den adressa du ønskjer posten din send til (postadresse).

NAV får begge desse adressene frå folkeregisteret. Har du oppgjeve både bustadadresse og postadresse til folkeregisteret, sender NAV brev til postadressa di. På skatteetaten.no kan du sjå kva adresse som er registret på deg. Dersom du ønskjer å endre postadressa må du melde frå til posten.

Vil du ha post frå NAV til ei anna adresse?

Ønskjer du at NAV skal sende posten din til ei anna adresse, enn ho som er registret i folkeregisteret, kan du be om ei mellombels postadresse i NAV. Det er enklast å endre mellombels postadresse i sjølvbeteningsløysingane Ditt NAV eller Din pensjon på nav.no, men du kan også sende melding om mellombels postadresse på papirblankett.

Du må oppgje norsk fødselsnummer eller D-nummer for å endre adresse.

Kor lenge kan ei mellombels adresse vare?

Ei mellombels postadresse i NAV kan gjelde i inntil eitt år. Treng du ei mellombels adresse over lengre tid enn eitt år, bør du sende melding om ny postadresse til folkeregisteret. Den mellombelse postadressa i NAV kan forlengast, men det må du gje beskjed om. Då kan du ringe NAV Kontaktsenter på telefon 55 55 33 33.

Når den mellombelse postadressa di i NAV har gått ut, vil NAV bruke adressa frå folkeregisteret.

Varige adresseendringar melder du alltid til folkeregisteret.

Sei frå om andre endringar

Dersom du endrar adresse, og det samtidig skjer andre endringar som har noko å seie  for saka di hos NAV, må du melde frå om endringane til NAV. Det kan for eksempel vere dersom du blir sambuar, flytter frå sambuaren din, får barn eller flytter til utlandet. Du finn informasjon om dette i vedtaket du har fått frå NAV. Utfylt skjemaet sender du til:

NAV Økonomi Pensjon
Postboks 6600 Etterstad
0607 OSLO