Søkjetips

Søkjeresultata viser treff på informasjon om stønader og tenester frå NAV. Ønskjer du søkjeresultat frå andre område, må du huke av for det i filtreringsboksen.

For å finne ut kva NAV-kontor du høyrer til, søkjer du på ditt eige postnummer.

Søkjetips som gir deg dei mest relevante treffa

Dersom du får for mange treff:

  • Prøv eit snevrare omgrep.
  • Bruk hermeteikn – «» – for å søkje etter ein frase, for eksempel «Utbetaling av dagpengar». Det gir treff berre på sider der desse orda står i den same rekkjefølgja.
  • Ved å søkje på fleire ord samtidig får du berre treff på sider som inneheld eitt eller fleire av desse orda.
  • Du kan sortere etter dato ved å klikke på «Dato». Då får du dei som er «sist endra», øvst på trefflista.
  • Avgrens søket ved å bruke filtreringsboksen.

Dersom du får ingen eller få treff:

  • Prøv eit meir generelt omgrep eller synonym for å få fleire treff.
  • Bruk stjerne – * – for å søkje på første delen av eit omgrep når du ønskjer å sjå fleire omgrep som startar likt. Eit søk på arbeid* gir for eksempel treff både på arbeidsavklaringspengar og arbeidsledig.
  • Dersom du skriv fleire ord, blir det automatisk lagt til OG mellom orda. Eit søk på psykiske helseproblem gir for eksempel berre treff på innhald som har begge orda. Dersom du får få treff, kan du derfor prøve å søkje med berre eitt omgrep, for eksempel psykiske.