Du har plikt til å gje NAV riktige opplysningar

Dersom det skjer endringar som kan ha betydning for beløpet du får utbetalt, må du melde frå til NAV. Du kan ringje NAV Kontaktsenter på telefon 55 55 33 33. Gjeld det pensjon, kan du ringje 55 55 33 34.

For at du skal få utbetalt riktig beløp, er vi avhengig av at du gjer oss riktige opplysningar og melder frå når det skjer endringar i livssituasjonen din eller inntekta di. Dersom du gjer ufullstendige eller feil opplysningar kan du få utbetalt feil beløp.

Det er eigne reglar for dei forskjellige stønadene frå NAV. Dersom du er usikker på om endringa vil virke inn på utbetalinga di, kan du lese meir i vedtaksbrevet du har fått frå oss. Du kan òg ta kontakt med oss på telefon eller sende ein beskjed oss.

Dette er omstende som kan påverke utbetalinga di:

  • du begynner å tene meir eller mindre enn du tidlegare har oppgitt til NAV. Dersom du er pensjonist eller uføretrygda, kan òg inntekta til ektefelle/sambuar/partner påverke utbetalinga di.
  • det skjer endringar i sivilstanden din, som inngåing eller opphøyr av ekteskap/partnarskap/sambuerforhald, eller ektefelle/sambuar/partnar døyr.
  • det skjer endringar i familiesituasjonen din ved at du får barn, eit barn flyttar eller du ikkje lenger forsyter barnet/barna.
  • du planleggar eit opphald i eller flytting til utlandet

Du må òg melde frå til oss dersom du endrar adresse eller fåt nytt kontonummer. Sjå korleis du sjøl kan endre kontaktinformasjon eller kontonummer.