Innkjøp og faktura

NAV krever elektronisk faktura på EHF-format frå leverandørar av varer og tenester.

EHF står for elektronisk handelsformat og er ein faktura som blir utstedt, formidla og behandla elektronisk. Stortinget har vedteke at EHF er det offentlege standardformatet for elektronisk faktura.

Korleis sender du elektronisk faktura?

Elektronisk fakturaadresse til Arbeids- og velferdsetaten er vårt org.nr. 889640782
For å kunne betale til rett tid er det viktig at faktura blir merka korrekt:

  • Referanse til bestiller
    Både referanse og org.nr., er nødvendig for å sende faktura til mottaker.
    Gyldige format for ansatt i NAV er tre bokstaver og fire siffer (eks. ABC1234), eller en bokstav og seks siffer (eks. A123456). 
  • Bestillingsnummer
    Leverandørar av varer og tenester i kategorien hjelpemidler, må påføre NAV sitt bestillingsnummer på faktura og vedlegg.
  • Kreditnota
    Ved kreditnota ber vi om referanse til fakturanummer
  • Vedlegg
    Vedlegg til faktura må vere i PDF-format.
  • Betalingsfrist
    NAV ber om 30 dagar betalingsfrist. Manglar ved fakturaen kan medføre for sein betaling.

Meir detaljert informasjon om elektronisk faktura til NAV

Sjå brosjyren «Info om elektronisk faktura til NAV».

Er du tiltaksarrangør eller verksemd?

Sjå informasjon for  tiltaksarrangørar og verksemder.

Fakturaportalar som leverer EHF

Dersom ikkje ditt rekneskapssystem eller rekneskapsførar kan levere faktura på EHF kan du  bruke nettbasert fakturaportal. Der kan du registrere og sende faktura på rett måte.  

Sjå Anskaffelser.no  

Informasjon til speditør ved tolldeklarering

NAV opplever feil ved tolldeklarering av varer, der speditøren feilaktig benytter organisasjonsnummer som tilhøyrer NAV. NAV får ofte varer levert direkte til eigen adresse, men bestilling er oftest via norsk importør. Det er da importøren sitt organisasjonsnummer speditøren skal benytte ved tolldeklarering.

I tilfeller der NAV har kjøpt direkte fra utlandet skal det bli tolldeklarert på Arbeids- og velferdsetatens org.nr. 889640782

NAV ber om at det alltid blir sendt kopi av tolldeklarasjonen til regnskap.drift@nav.no.

Kontaktinformasjon for faktura:

Faktura@nav.no eller vår brukerstøtte på telefon 57 01 60 60.