Organisering av NAV

NAV er ei landsdekkande offentleg verksemd som omfattar mellom anna Arbeids- og velferdsdirektoratet, ei arbeids- og tenestelinje med lokale NAV-kontor i kommunane, ei ytelseslinje og ei økonomilinje. Sjå meir informasjon og organisasjonskart under relatert informasjon.

NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga, har om lag 19 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 14 000 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 5 000 er tilsette i kommunane. På NAV-kontora arbeider statleg og kommunalt tilsette saman om å finne gode løysingar for brukarane.

Arbeids- og tenestelinja er sett saman av NAV sine fylkesledd, den statlege delen av NAV-kontora og andre einingar som ligg i denne linja. Linja blir leia av arbeids- og tenestedirektøren i Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Ytelseselinja er delt inn i resultatområder med svært ulike ansvarsfelt. Tenester og funksjonar ein kan utføre regionalt og nasjonalt er samla her. Kvart resultatområde blir leia av ein direktør som rapporterer til ytelsesdirektør i Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvar for å styre, leie og utvikle etaten. Direktoratet har overordna ansvar for at NAV når dei måla og resultata som er sette og omset politiske føringar til praktisk handling. Direktoratet er også fagdirektoratet for dei kommunale sosiale tenestene. Direktoratet ligg under Arbeids- og sosialdepartementet.